Hopp til innhold

Norske Joshua (3) må flytte når Noregs eldste asylmottak legger ned

YTRE ARNA (NRK): Treåringen Joshua skulle endeleg bli undersøkt for autisme. Når Arna mottak no stenger dørene, fryktar familien kvar dei endar opp.

Joshua på Arna mottakssenter, sitter på gulvet med lekeklosser og en lekebil

MISTAR HJELP: – Vi er bekymra for framtida og redde for kva som vil skje. Joshua treng hjelp, seier foreldra Daniel Gebremish og Merhawit Arafaine.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Vi er bekymra for framtida og redde for kva som vil skje. Joshua har ikkje språk, og vi var akkurat komne i gang med pedagog, seier foreldra Daniel Gebremish og Merhawit Arafaine.

No er dei uroa dei for kva som vil skje med hjelpa Joshua har venta på i eitt år i Bergen.

Begge kjem frå Eritrea og har vore her i om lag ti år. Dei møtte kvarandre i Noreg og har saman fått gutane Caleb og Joshua.

No bur gutane på Arna mottak saman med mor og veslebror Caleb. Mottaket i Ytre Arna i Bergen er landets eldste og har i over 30 år husa asylsøkjarar.

Men 30. juni gjekk kontrakten mellom mottaket og UDI ut. No er det under full avvikling medan ein kortvarig kontrakt gjeld ut året.

Foreldra, Joshua og Caleb veit no ikkje kvar dei endar opp.

Mor, far og to born frå Eritrea. Vi møter dei heime i leiligheita dei har på Arna mottak.

FAMILIE: Når Arna mottak no skal leggast ned står familien frå Eritrea i fare for å bli avskilt frå kvarandre. – Hjarterått, seier varaordførar Runa Bakkarvik (Ap) i Bergen.

Foto: Julianne Flølo

Får ikkje overnatte saman

Far bur i Bergen, kor han jobbar som helsefagarbeidar på sjukeheim. Han har løyve til opphald i Noreg, medan mor har fått avslag to gonger og er papirlaus migrant.

Borna er føydde i Noreg. Joshua har opphaldstilltatelse, medan Caleb er norsk statsborgar. I kvardagen må dei bu med mor si fordi far jobbar turnus. Familien har fått avslag på søknaden om å bu saman og får heller ikkje overnatte med kvarandre.

Sjokkbeskjeden for mottaket kom i fjor.

Då bestemte UDI å endre mottaksstrukturen i Noreg. Planen er å ha fem basismottak med lange kontraktar, eitt i kvar region. I region vest ligg basismottaket i Kinn, medan næraste ordinære mottak er på Stord.

No er familien redde for at tre av fire hamnar langt unna far i Bergen.

– Vi har allereie flytta fleire gongar. Situasjonen er fortvilande. Vi var akkurat komne i gang med pedagog, no veit vi ikkje kvar som skjer med hjelpa, seier dei.

Sidan det som flyktning kan vere utfordrande å få jobb, fryktar far å bli arbeidsledig dersom han flyttar etter. Inntekta hans er viktig for familien.

Far Daniel og sonen Joshua frå Eritrea.

TETT BAND: Daniel besøker familien i Arna når han har fri og prøver å bidra der han kan. – Når eg reiser ifrå dei gret Joshua i fleire timar. Det er vondt, seier han.

Foto: Julianne Flølo

Historisk få flyktningar

Fungerande avdelingsdirektør i UDI, Knut Berntsen, forklarer at talet på bebuarar i mottak no er historisk lågt.

– Dette har medført at mange mottak må leggast ned.

Tal frå juni 2020 viser at 143 personar må flytte frå Arna.

På spørsmål om det er mogleg å finne ei god løysing slik at familien frå Eritrea kan bu saman, svarar UDI at dei ikkje kan uttale seg om enkeltsaker.

– UDI strevar etter å finne løysningar som er til bebuarane sitt beste – særleg når det er barnefamiliar. I slike tilfelle tek vi omsyn til barnet sitt beste i vurderingane. Dersom UDI ikkje lenger har eit butilbod i byen har vi naturleg nok ikkje moglegheit til å gi eit tilbod i same by. Då må vi finne alternative løysningar. Dette gjer vi så langt vi kan i samarbeid med operatørane og bebuarane det gjeld, seier Berntsen.

– Alle bebuarane og tilsette har fått beskjed om at dette betyr nedlegging for oss. For meg er det uforståeleg at eit mottak i ein stor by som Bergen vert lagt ned utan at det vert oppretta eit nytt i same by, seier mottaksleiar Frank-Ove Stiby på Arna mottakssenter.

Familien Bayat Barooni frå Iran heime i leiligheita si på Arna mottak.

FLYKTA: Familien Bayat Barooni må også frå ut Arna mottak. Dei flykta frå Iran fordi dei høyrer til bahai-religionen. På grunn av det vart far til Niki fengsla og torturert.– I Arna er det fleire med same religion, og vi er ei del av eit miljø. Det betyr mykje, seier dei.

Foto: Julianne Flølo

Vekker sterke reaksjonar

Nedlegginga skapar stort engasjement, også bland politikarar og naboar i Ytre Arna. Sverre Heldal er næraste nabo til mottaket på Arna, og meiner nedlegginga er katastrofal.

– Dette er trist og eit stort tap for oss. Det er ei katastrofe å påføre familiar og barn. Eg håpar ein kan finne løysingar for dei som no har kniven på strupen, seier han.

Varaordførar i Bergen, Rune Bakervik (Ap) meiner det er umenneskeleg.

– Dette er tragisk for Bergen, både for lokalsamfunnet og for alle som bor på mottaket.

Han ber byrådet i Bergen sjå på moglegheiter for å la bebuarane bli i kommunen.

Fungerande byrådsleiar, Endre Tvinnereim (Ap), seier det er ein trist situasjon. Han forklarer at det likevel er lite byrådet kan gjere.

– Vi meiner det hadde vore betre dersom dei kunne blitt her. Dette er ei nasjonal avgjerd som IMDi har tatt, og den kan ikkje vi gjere om på, seier han.

Næraste nabo til asylmottaket på Arna, Sverre Heldal.

NABO: Sverre Heldal fortel at han berre har gode erfaringar med menneska på mottaket gjennom alle år. – Så dersom nokon skulle få eit mottak i nærmiljøet er det berre å ta det med ro. Dette går veldig fint, seier han med eit smil.

Foto: Julianne Flølo