Hopp til innhold

Bergen kommune vil opne dørene for Joshua (3) og familien

Mottaket Joshua (3) bur på skal stengje, og guten kan bli separert frå faren. No engasjerer byrådet i Bergen seg for å la familien vere samla.

Mor, far og to born frå Eritrea. Vi møter dei heime i leiligheita dei har på Arna mottak.

HÅP: Då NRK møtte denne familien på Arna mottak var dei redde for kva som kom til å skje når mottaket stenger dørene. – Det hadde vore godt nytt familien min slapp å flytte, sa Daniel Gebremish. Her saman med gutane Caleb, Joshua og kona Merhawit Arafaine.

Foto: Julianne Flølo

NRK fortalde førre veke historia om Daniel Gebremish og Merhawit Arafaine og borna deira Joshua og Caleb. Foreldra kjem frå Eritrea og har vore her i om lag ti år.

Dei møtte kvarandre i Noreg, og gutane er føydde her. Mor er papirlaus migrant og har fått avslag på opphald, medan far har opphaldsløyve.

Når Noregs eldste mottak no avviklar drifta blir familien splitta, og står i fare for å hamne langt unna kvarandre.

Samtidig har Joshua truleg autisme, og mistar hjelpa han har venta på i eitt år.

– Vi er bekymra for framtida og redde for kva som vil skje. Situasjonen er fortvilande, sa foreldra då NRK besøkte dei på Arna.

Kan ta i bruk sjelden ordning

Byrådet har sagt at dei ikkje kan gjere om på UDI si avgjerd om nedlegging. Dei var ikkje klar over situasjonen til familien, men vil no prøve å bidra til at dei kan bu i lag.

– No har vi sett på kva handlingsrom vi har, og skal gjere det vi kan for at nedlegginga blir så skånsam som mogleg for familiar og barn med spesielle behov, seier fungerande byrådsleiar Erlend Horn (V).

Løysninga kan bli ein alternativ mottaksplass.

I Bergen kommune er dette sjeldan brukt, og i underkant av éin slik plass har blitt oppretta årleg dei siste åra, ifølgje Horn.

Erlend Horn, Venstre, Bergen byråd

BIDREG: Byrådet i Bergen gjer no det dei kan for å busetje familiar med spesielle behov i alternative mottak.

Foto: Vidar Langeland

Fryktar å bli arbeidslaus

Joshua og broren bur på Arna mottak saman med mor, medan far bur i Bergen kor han jobbar turnus på sjukeheim. Dei fryktar at tre av fire blir sendt til Stord eller Florø.

Far tør ikkje å flytte etter familien, i frykt for å ende opp utan jobb.

Familien har tidlegare fått avslag på søknad om å bu saman. Etat for inkludering sende måndag eit brev til mottaket.

– Vi er positive til at mor skal få kunne bu i Bergen. Vi er jo i utgangspunktet i mot ei nedlegging av Arna mottak, og her ser vi opplagde grunnar til at familien bør få bu saman, seier Horn.

Håpar UDI ser behovet

I brevet stiller Bergen kommune seg positive til ei eventuell avtale om alternativ mottaksplassering for to familiar som bur på Arna mottakssenter. Dei viser spesielt til Joshua sine behov.

«Spesielt av omsyn til barnets beste er vi av den oppfatning at det er uheldig dersom mor og eldste barn må flytte frå Bergen i samband med nedlegginga», står det i brevet.

Den endelege avgjerda er det likevel UDI som skal ta.

– Eg håpar sterkt at også UDI ser behovet, og at brevet bidreg til innvilga søknad, seier Horn.

Då vil det også vere mogleg at heile familien også får bu under same tak.

– Eitt alternativ er at heile familien kan bu i kommunal bustad, seier han.

No er neste steg at familien sjølv må søke UDI om alternativ mottaksplassering.

– Blir den innvilga vil dette vere ei løysing medan ein ventar på at situasjonen til mor blir avklart, seier Horn.

Knut Berntsen, fungerande avdelingsdirektør UDI si region- og mottaksavdeling, seier at det på generelt grunnlag er viktig å få vurdert ein søknad før eventuell flytting til anna mottak blir gjennomført.

– Generelt kan vi behandle sakene raskt. No er det likevel ferietid og vi har litt mindre kapasitet på saksbehandling. Då må vi eventuelt gjere ei prioritering på sakene vi har til behandling, seier han og legg til at UDI normalt vil vente med flytting av familiar som har søkt om alternativ mottaksplassering.