Hopp til innhold

Joshua (3) hamnar 250 kilometer unna far sin

YTRE ARNA (NRK): Når Arna mottak stenger dørene blir familien til Joshua splitta. Mor og barn må flytte til Jæren. Bergen kommune vil la dei bli, men UDI seier nei.

Far Daniel og sonen Joshua frå Eritrea.

LANG VEG: Dersom Daniel skal besøke familien sin må han køyre frå Bergen til Hå mottakssenter utanfor Stavanger. Det tek om lag fem og ein halv time.

Foto: Julianne Flølo

– Dette er rett og slett tragisk, seier Katrine Nødtvedt (MDG) som er byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen.

NRK fortalde i sommar historia om søskena Joshua, Caleb og foreldra Daniel Gebremish og Merhawit Arafaine frå Eritrea. Avviklinga av Arna mottak råkar no familien hardt.

– Vi er bekymra og redde. Det beste som kunne skjedd no er at vi slepp å flytte, sa mor til Joshua då NRK besøkte dei på mottaket i Ytre Arna i juli.

Sidan har dei levd i håpet om ei løysing, etter at byrådet i Bergen strekte ut ei hand. Men førre veke kom den nedslåande beskjeden frå UDI – mor må flytte.

– Det er veldig trist, seier foreldra.

Mor, far og to born frå Eritrea. Vi møter dei heime i leiligheita dei har på Arna mottak.

HÅP: Då NRK møtte familien på Arna mottak i juli hadde dei framleis tru på ei løysing for å bli buande i same kommune.

Foto: Julianne Flølo

Har venta eitt år

Situasjonen deira er utfordrande frå før. Far bur i Bergen og jobbar turnus på omsorgssenter. Derfor kan han ikkje ha gutane hos seg. Mor har ikkje opphaldsløyve i Noreg, og har tidlegare fått beskjed om at ho ikkje får lov til å bu saman med ektemannen.

– Om vi ikkje takkar ja til plassen på Hå mottakssenter utanfor Stavanger blir eg kasta ut herifrå. Då mistar vi også pengestøtte, seier mor Merhawit.

Eldstemann Joshua har venta eitt år på å bli undersøkt for autisme. No ventar truleg ein ny runde med kø når han må bytte adresse.

250 KILOMETER: Tre av fire i familien skal flytte til Hå mottakssenter som ligg utanfor Stavanger.

Mor er papirlaus migrant, og har fått avslag på opphald to gonger. Men Noreg har ikkje returavtale med heimlandet Eritrea, og situasjonen hennar er dermed uavklart. Ho har budd på asylmottak i elleve år.

– Men det er ikkje riktig at gutane skal flytte frå mottak til mottak. Vi treng hjelp, seier dei.

Merhawit Arfaine og Daniel Grebremish frå Eritrea

FRUSTRERT: Merhawit Arafaine og Daniel Gebremish frå Eritrea hadde håpa til det siste at dei skulle sleppe å flytte ifrå kvarandre. Dei har budd i Noreg i om lag elleve år – men endå ikkje under same tak.

Foto: Julianne Flølo

Får ikkje alternativ plass

Lenge såg det ut som alternativ mottaksplassering kunne bli redninga for familien. Ved ei slik løysing er det kommunen som finn bustad, medan ein framleis blir verande i mottakssystemet.

Men det har altså UDI sagt nei til. Dei meiner at mor Merhawit vil ha det betre dersom ho blir buande i mottak.

– Vi forstår at dette kan vere ein vanskeleg situasjon for familien, men fakta i saka er at mor har fått avslag på søknaden om opphald. Ho har avslag både i asylsak og på familiegjenforeining, seier Siv Kjelstrup, regiondirektør i UDI Indre Østland.

Ho seier at UDI i utgangspunktet ikkje innvilgar alternativ mottaksplass til personar med avslag på søknad om opphald.

Barnets beste

Byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen, Katrine Nøtvedt, reagerer på at mor ikkje får bli buande i Bergen.

Byråd for kultur, likestilling og mangfold, Katrine Nødtvedt (MDG)

REAGERER: Katrine Nødtvedt er byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen. Ho er sterkt kritisk til korleis UDI behandlar både søknader og migrantar.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK Hordaland

– Det er veldig vanskeleg for oss som kommune å forstå kva UDI legg i desse vurderingane. Dersom ein ikkje skal ta omsyn til barna sitt beste i denne saka så forstår eg ikkje når ein skal gjere det, seier Nødtvedt.

Byråden får støtte frå psykologspesialist Heidi Wittrup Djup.

– Eg har vanskeleg for å sjå korleis barna sitt beste er vurdert i denne saka. Det er alvorleg å splitte familiar i ein så vanskeleg situasjon, og det kan sjå ut som vi er nøydde til å minne om at retten til familieliv gjeld for alle, understrekar ho, og held fram:

Heidi Wittrup Djup, psykologspesialist

UNDERGREV FEDRAR: Psykologspesialist Heidi Wittrup Djup meiner fedrar si rolle i familielivet blir nedgradert i saker der mor og far blir avskilt.

Foto: Alrik Velsvik

– Som mor, psykolog og medmenneske blir eg djupt fortvilt og bekymra når eg les slike saker.

UDI seier at deira vurdering av barnets beste har gått på kor vidt barnet kan bu saman med ein eller begge foreldre.

– Sidan barnet har høve til å bu med ein av foreldra, vurderer vi det slik at barnets beste er vareteke, seier Kjelstrup.