Hopp til innhold

Stortinget gir regjeringa marsjordre om å byggje nye kraftnett

Eit fleirtal på Stortinget instruerer regjeringa om å «få ut fingeren» og lage eit hurtigløp for fleire og sterkare kraftlinjer.

Nytt hovednett bygges ut i Midt-Norge

FÅ OPP FARTA: Stortinget vil instruere regjeringa til å lage eit hurtigløp for kraft- og nettutbygging for å sikre industrien betre vilkår.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden

Energi- og miljøkomiteen sende i dag den mykje omtalte Energimeldinga til Stortinget.

Stortinget skal ikkje stemme over meldinga før neste veke, men alt no er det klart at eit fleirtal av representantane vil instruere regjeringa til å lage eit hurtigløp for kraft- og nettutbygging for å sikre industrien betre vilkår.

Fleirtalet gir også regjeringa nye tidsfristar for havvindsatsinga.

Bakom «marsjordren» syng spørsmål om forsyningstryggleik, industrietablering og det grøne skiftet.

«Klondykestemning» i nord, men ikkje i sør

Dette er ein milepæl, seier Ove Trellevik (H), som er medlem i energikomiteen.

Han viser til at nye kraftlinjer vil «forbetre forsyningstryggleiken» og gjere det mogleg å «køyre det eksisterande nettet hardare».

Hydrogenfabrikk, batterifabrikk, fangst og Co₂-lagring er planar som det trengst betydelege mengder kraft til. Ikkje minst på vestlandet. Dette kan no bli ein realitet, seier han.

Statsminister på valgkamp.

MILEPÆL: – Dette er ein milepæl, seier Ove Trellevik (H), som er medlem i energikomiteen. Her saman med Erna Solberg.

Foto: Marit Hommedal / NTB

I perioden frå 2014 til 2019 auka investeringane i næringslivet i Nord-Noreg med 8 prosent per år. I Sør-Noreg var det tilsvarande talet 5 prosent (tal frå Kunnskapsbanken).

Regionsdirektøren i NHO Nordland har identifisert dei låge straumprisane i nord som årsaka til «investeringsboomen» og «klondykestemninga».

I rapporten «Langsiktig kraftmarknadsanalyse 2021-2040» konkluderer NVE med at prisforskjellane mellom nord og sør blir gradvis mindre fram mot 2040.

Historisk har prisforskjellane mellom nord og sør vore ønskt nærings- og distriktspolitikk, men i februar varsla Statnett at dei «revurderer denne haldninga».

Regjeringa må få ut fingeren

Frp, SV og Venstre stiller seg bak «ordren» til regjeringa.

Regjeringa må få ut fingeren, seier Terje Halleland i Frp.

Berre i Nordhordland er det ifølge leiaren i næringsforeininga berekna investeringar for 20 milliardar kroner dei neste fem åra. 80 prosent av desse står og fell på om dei får fram krafta.

For at vi skal nå klimamåla og samtidig lukkast med storskala grøn industrisatsing i Noreg, er det heilt avgjerande at vi raskt får på plass tilstrekkeleg kraftnett til nye, store industrietableringar. Vi har ikkje meir enn tida og vegen, seier Alfred Bjørlo (V).

Skal vi lykkast med ei grøn omstilling, må industrien få føresetnadane som trengst, seier Lars Haltbrekken (SV).

Han legg til:

Så må dette skje på ein forsvarleg måte, utan at det går utover naturverdiar.

Den siste føresetnaden (om naturverdiar) vart ikkje kjøpt av Raudt og MDG.

Dei seier nei til ordren og åtvarar mot at eit hurtigspor «kan medføre at krav til utgreiing, miljøomsyn og urfolks rettar kan bli ofra. Dette kan føre til meir konfliktfylte utbyggingssaker.»

I oktober i fjor slo Høgsterett fast at løyvet til bygging av to vindkraftanlegg på Fosen i Trøndelag er ugyldige. Høgsterett grunngav dommen med at utbygginga er i strid med retten reindriftssamane har til kulturutøving.

Gi oss i dag vår daglege kraft

Avgjevinga frå Stortingets energi- og miljøkomité fell i år saman med at LO-kongressen har vore samla for å diskutere ny energipolitikk.

Tysdag fekk tillitsvald for Raufoss Jern og Metall, Bjørn Sigurd Svingen, trampeklapp då han modellerte straumopprøret som ein bøn («Fader Vår») og gjekk til åtak på marknadslogikk, utanlandskablar og «kraftsløsing».

Gi oss i dag vår daglege kraft. Og tilgi vår kraftsløsing, slik de også har sendt uforedla straum ut av landet, sa han.

Statsminister Jonas Gahr Støre taler på LO-kongressen

ÅTVARAR: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) åtvara denne veka LO-kongressen mot å gå for langt i kraftpolitikken.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Eit ekko av bøna til Raudt-politikar Terje Kollbotn som i februar stod i spissen for Straumprisalliansen som krev «nasjonal råderett over arvesølvet» og som vil «presse fram ny kraftpolitikk».

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), som ikkje er framand for kristne metaforar og det religiøse språket, svarte med å åtvara kongressen mot å gå for langt i kraftpolitikken.

Svaret på utfordringa er ikkje å kutte kablar eller seie opp avtalane våre med eit Europa i energikrise. Det vil i sin tur ramme Noreg og norsk industri, sa han.