Hopp til innhold

Statnett vil ha jamnare straumpris i heile landet

Statnett «revurderer haldninga» om at det ikkje er samfunnsmessig rasjonelt å redusere prisforskjellane mellom nord og sør i landet.

Soloppgang Oslo i januar.

NYE TONAR: Statnett vurderer å setje opp utbyggings-tempoet for å jamne ut forskjellane i straumpris mellom landsdelane.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I januar har straumprisen i ulike deler av landet variert med 11-gangen. Slik «disharmoni» vil Statnett no ha slutt på.

Vi ser at lønsemda av å jamne ut forskjellane er større enn det vi har lagt til grunn tidlegare, seier Statnett-direktør Gunnar G. Løvås.

Historisk har prisforskjellane vore ønska nærings- og distriktspolitikk fordi låge prisar har stimulert til industriutvikling i Utkant-Noreg.

Den siste tida har likevel fleire åtvara om at ein vedvarande situasjon med store prisforskjellar ikkje er berekraftig – både sosialt, økonomisk og politisk.

Distriktsenergi er ein landsdekkande interesseorganisasjon for norske kraftselskap.

Dagleg leiar i selskapet, Knut Lockert, omtalar dei nye signala som «svært gledelege». (les heile svaret i faktaboks).

Vi forventar ikkje lik pris i heile landet, men dei prisforskjellane vi har sett denne vinteren, og som vi åtvara mot tidleg i haust, dei må reduserast kraftig.

Kartet viser transmisjonsnettet i Norden.

Kartet viser transmisjonsnettet i Norden.

Foto: Svenska kraftnät

Straumen flyt «feil veg»

Dei såkalla flaskehalsane i det norske kraftnettet er ein av forklaringane på at straumen i Sør-Noreg dei siste månadane har kosta det mangedobbelte av straumen i Midt-Noreg og nord i landet.

På same tid har fleire i bransjen stussa over at straumen flyt «feil veg» (nordover) på Vestlandet sjølv om prisbiletet skulle tilseie det motsette.

Demonstrasjon i Gjøvik mot høye strømpriser.

DEMONSTRASJON: Dei såkalla flaskehalsane gjer at straumen i Sør-Noreg dei siste månadene har kosta det mangedobbelte av prisen i Midt-Noreg og nord i landet.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Forklaringa er forsyningslinjene på den svenske sida av grensa. Sverige har åtte 420 kV-samband som går nord-sør.

På svensk side har dei eit meir sentralisert system med stor kraftproduksjon i nord og reine «motorvegar» som bind nettet saman med forbruket lenger sør i landet. Det betyr at fysiske forhold gjer at også straumen frå norsk side i stor grad flyt gjennom Sverige, seier Løvås.

Derfor er det tiltak på både svensk og norsk side som vil betre kapasiteten.

I nettutviklingsplanen til Statnett karakteriserer dei kapasiteten frå nord til sør i Sverige og frå Sør-Sverige til Sør-Noreg som «unormalt låg» og hevdar at dette bidreg til prisforskjellane.

Statnett har investert 75 milliardar kroner i kraftnettet dei siste ti åra, og planlegg å investere det same dei neste ti åra.

Demonstranter samlet seg utenfor Stortinget i protest mot høye strømpriser.

PROTESTERER: Den siste tida har likevel fleire åtvara om at ein vedvarande situasjon med store prisforskjellar ikkje er berekraftig – både sosialt, økonomisk og politisk.

Foto: Trond Lydersen / NRK

Nordmenn bør førebu seg på høgare straumprisar

Måndag melde NRK at nordmenn bør førebu seg på at straumprisane stabiliserer seg på eit «mykje høgare nivå enn vi er vande med».

Ikkje berre i vinter, men også i sommar og kanskje neste vinter, seier avdelingsdirektør i NVE, Inga Nordberg.

Blant flaskehalsane i det norske straumnettet er kraftlinja over Sognefjorden.

Statnett leverte konsesjonssøknad for ein bygge ny linje i 2019, men denne har ennå ikkje fått endeleg godkjenning.

NRK melde førre veke at Statnett nesten har tredobla talet på tilsette dei siste 15 åra.

Det er Reguleringsmyndigheten for energi (RME), som sorterer under Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som fører tilsyn med Statnett.

I fjor innførte dei ein effektivitetsanalyse for å gå gjennom kostnadane til Statnett.

Ein europeisk studie frå 2020 viser at Statnett har eit høgare kostnadsnivå enn andre tilsvarande europeiske nettselskap.