Hopp til innhold

No blir det «motorveg» for straum over Sognefjorden

Olje- og energidepartementet avviser naboklagene og seier ja til ny kraftlinje over Sognefjorden. Det kan bety mindre prisforskjellar mellom nord og sør i landet.

Sognefjorden

SOGNEFJORDEN FYRST: For fyrste gong vert etablert ein «motorveg» for straum mellom nord og sør i Noreg.

Foto: Magnar Hellebust

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

«Departementet har vurdert klagene, men finn at det konsesjonsgitte traséalternativet er det beste alternativet for kryssing av Sogndalsfjorden», skriv Olje- og energidepartementet (OED).

Denne veka stadfesta dei at konsesjonen for «spenningsoppgraderinga» over Sognefjorden står fast.

Det betyr at det for fyrste gong vert etablert ein «motorveg» for straum mellom nord og sør i Noreg.

Sverige har til samanlikning åtte slike samband (420 kV) som går nord-sør.

NVE sa ja til den nye kraftlinja for to år sidan, men klager frå naboar, Sogndal kommune og Vestland fylkeskommune gjorde at saka vart oversendt til Olje- og energidepartementet slik forvaltningslova krev.

Departementet grunngjev vedtaket med at det er «behov for å auke overføringskapasiteten» og at det «gamle fjordspennet er modent for utskifting».

Statnett reknar med at linja vil vere operativ i 2025.

Det norske kraftnettet

DEN GRENSA UNDER VATN: Med små lokale avvik er Sognefjorden det som i dag definerer skiljet mellom prisområda NO5 (Vestlandet) og NO3 (Midt-Norge).

Grafikk: Oljedirektoratet

Vil ha jamnare straumpris

I vinter har straumprisen på nord- og sørsida av Sognefjorden variert med 11-gangen.

I den samanheng har fleire åtvara om at ein vedvarande situasjon med store prisforskjellar ikkje er berekraftig – verken sosialt, økonomisk eller politisk.

Tidlegare i februar meldte Statnett at dei vil ha færre flaskehalsar og jamnare straumpris i heile landet.

– Vi ser at lønsemda av å jamne ut forskjellane er større enn det vi har lagt til grunn tidlegare, sa Statnett-direktør Gunnar G. Løvås.

Knut Lockert er dagleg leiar i Distriktsenergi, ein landsdekkande interesseorganisasjon for norske kraftselskap.

Vi er nøgd med at det omsider ligg føre ein konsesjon til oppgradering av kraftleidningen mellom Aurland og Sogndal. Dette er eitt av fleire tiltak som på sikt vil redusere dei altfor store prisforskjellane vi opplever denne vinteren, seier han.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har mottatt fem klager på konsesjonsvedtaket og
ekspropriasjonstillatelsen for bygging og drift av 420 kV kraftledning mellom Aurland og
Sogndal. NVE kan ikke se at det er kommet frem vesentlige forhold i klagene som gjør at vi vil
omgjøre eller oppheve vedtakene. Saken sendes herved til Olje- og energidepartementet for
endelig behandling, jf. forvaltningsloven § 33.

HER SKAL HAN GÅ: Den nye kraftleidningen vil avvike frå dagens trasé eit par stader.

Foto: Statnett

Vel å køyra over lokaldemokratiet

Den nye kraftleidningen vil avvike frå dagens trasé eit par stader, blant anna over Sogndalsfjorden der fjordspennet må ta høgde for ein ny transformatorstasjon. Eit samrøystes fylkesting ynskja trase over Stedjeåsen.

Det er positivt at Statnett oppgraderer nettet innanlands, seier Torfinn Opheim, leiar av Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK).

Har registrerer at fleire er usamd i trasevalet og legg til at «det sentrale» er at kommunane «blir høyrt i disse prosessane og at dei trekkjast inn i arbeidet allereie før førehandsmelding».

Arnstein Menes (Sp) er ordførar i Sogndal kommune:

Me er svært skuffa og kritiske til at sentrale myndigheiter vel å køyra over lokaldemokratiet og belasta lokalsamfunnet og dei som bur her med ei linjeføring tett på busett område, seier han.

Han legg til:

Samstundes imøtekjem me tiltaket som svært positivt og ynskjer god dialog i det vidare arbeidet, sjølv om kryssingsalternativet ikkje vart som me ynskte.

Pressekonferanse om satsing på havvind

DET BESTE ALTERNATIVET: – Departementet har vurdert klagene, men finn at det konsesjonsgitte traséalternativet er det beste alternativet for kryssing av Sogndalsfjorden, seier Olje- og energidepartementet ved statsråd Marte Mjøs Persen (Ap).

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Staten kan ikkje berre tura fram

Blant dei som har klaga på vedtaket er Svein Jarle Slinde, som bur i grenda Ylvisåker i Sogn.

I klagen inngår prosessuelle feil (folkemøte etter søknad om traseval), vektinga av naturverdiar og «dei visuelle konsekvensane eit nytt fjordspenn vil få for omgjevnadane».

Ny kraftlinje over Sognefjorden

VISUALISERING: Slik vil den nye kraftlinja sjå ut frå grenda Ylvisåker.

Foto: Svein Jarle Slinde

Når Statnett og OED vel å leggja linja tvert over ei grend, utan å ta eit einaste omsyn, bør grenda kompenserast. Staten kan ikkje berre tura fram for å spara pengar, samstundes som dei som bur der får redusert livskvalitet og eigentleg ein bandlegging av eigedomane sine. Her må staten komma med ein klekkeleg kompensasjon, seier Slinde.

Straumnettutvalet, eller det såkalla tempoutvalet, vart sett ned av dåverande olje- og energiminister Tina Bru (H). Blant oppgåvene deira er å foreslå tiltak som kan redusere tida som går med på å byggje nye kraftlinjer.

Rapporten skal vere klar innan 15. juni.