Hopp til innhold

Landsomfattande protest: – Krafta er vår, frå evigheit til evigheit. Amen!

Ein ny «straumprisallianse» mobiliserer for auka politisk kontroll over krafta. Dei demonstrerte tysdag på 21 ulike stader i landet.

Reidun Heggen (t.v.) under kraftdemonstrasjon i Tromsø

KREV BILLIG LYS I MØRKET: Reidun Heggen (t.v.) og Sofie Osland under kraftdemonstrasjonen i Tromsø.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

Frå nord til sør vart det protestert mot høgre straumprisar i dag. Også i Tromsø, sjølv om det ikkje er like høge straumprisar i nord som i sør.

– Det er jo solidarisk å krevje at folk ikkje frys i hel, tenker eg. Og då må ein ha råd til å kunne betale straumrekninga, seier demonstrant Reidun Heggen i vintermørket.

På Vestlandet går fagforeningsleiaren og Raudt-politikaren Terje Kollbotn på talarstolen på smelteverkstomta i Odda. Han vert presentert som kraftsosialist, men appellen han held denne tysdag ettermiddagen er ein vekkingspredikant verdig:

Terje Kollbotn, kraftdemonstrasjon i Odda

KRAFTSALME: – Power to the people, amen! sa Terje Kollbotn under den landsomfattande kraftdemonstrasjonen tysdag.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Kraftkameratar! Vi kan gå ei lys framtid i møte. Den evige rimelege fornybare vasskrafta tilhøyrer folket. Vi gir oss aldri – vi brenn! Power to the people! Krafta er vår frå evigheit til evigheit! Amen.

Han er medlem i Industriaksjonen, ei samanslutning av meir enn 50 fagforeiningar. Dei har teke initiativ til ein straumprisallianse som krev «nasjonal råderett over arvesølvet» og som vil «presse fram ny kraftpolitikk».

Aksjonen har fått tilslutning frå SV, Raudt, Bondelaget og delar av Arbeiderpartiet.

(Ikkje frå Naturvernforbundet eller MDG, som det sto i ein tidlegare versjon av artikkelen).

Krev «total omlegging»

Alle saman foreint i ei felles misnøye med korleis kraftsystemet «er rigga», og eit felles ynskje om å ta større politisk kontroll over marknaden.

Gaute Astrup Lien, styremedlem LO Kristiansand deltar på strømdemonstrasjon i Kristiansand

KRAFTDEMONSTRASJON: – Straumprisane har gått gjennom taket. Det rammar folk flest og industrien, seier styremedlem Gaute Astrup Lien i LO Kristiansand.

Foto: Leif Dalen / NRK

På kort sikt er kravet å kutte elavgifta og momsen på straum, men alliansen stiller også meir langsiktige krav om ei «total omlegging av kraftpolitikken» (sjå faktaboks).

– Situasjonen med enormt høge straumprisar er politisk skapt. Vi må ta tilbake kontrollen over krafta, sa leiar for aksjonen, Remy Penev, til Klassekampen i førre veke.

Landbruket er ein storforbrukar av straum. Prisane kveler oss fullstendig, seier Kari Åker, fylkesleiar i Trøndelag Bondelag.

Vil de ha heilt slutt på marknadstyring i straumbransjen?

Det er kanskje eit vanskeleg spørsmål, men det bør ikkje vere slik at vi skal svi for krafteksporten. Vi bør sjå på innanlandsmarknaden først.

Kari Åker, fylkesleiar i Trøndelag bondelag.

NOREG FØRST: – Først oss sjølve, og så skal vi sjå utover landegrensene, meiner Kari Åker i Trøndelag Bondelag.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Billig kraft bygde landet

I kraft- og oljefylket Rogaland var det markeringar i Egersund, Sauda, Haugesund og Stavanger.

– Ein god del av industrien i fylket, som på Karmøy og i Sauda, hadde ikkje eksistert viss det ikkje var for konkurransefortrinnet som billig kraft gir.

Det seier leiar Jo Jenseg i LO i Stavanger og omegn under arrangementet på Torget i byen.

Viss kraftprisane er like høge som alle andre land, blir det vanskeleg å etablera ny industri her. På kort sikt må me få ein makspris på 35 øre. På lengre sikt må avtalane om kraftoverføring reforhandlast for å få sikra rimeleg kraft til industri, næringsliv og folk flest.

Jo Jenseg

INDUSTRIBYGGING: – Billig vasskraft er jo grunnen til at me har kunna etablert slik industri i Noreg, seier Jo Jenseg i LO i Stavanger og omegn

Foto: Anders Haualand / NRK

Må førebu seg på høgare i straumprisar

Tidlegare i februar varsla Noregs Vassdrags- og energidirektorat (NVE) at landet må førebu seg på høgare i straumprisar i overskodeleg framtid.

– Ikkje berre i vinter, men også i sommar og kanskje neste vinter, sa avdelingsdirektør i NVE, Inga Nordberg til NRK.

Norsk Industri er den største landsforeininga i Næringslivets Hovedorganisasjon. Leiar Stein Lier-Hansen seier at NVE-prognosen «ikkje er overraskande» og at dette legg føringar for politikken.

Straumdemonstrasjon i Stavanger

Vasskraftaksjonistar i Stavanger-regnet

Straumdemonstrasjon Odda

På smelteverkstomta i Odda

Kraftdemonstrasjon i Fredrikstad

Gjennom Fredrikstads gater

Kraftdemonstrasjon i Tromsø

I Tromsøs vintermørke

Kraftdemonstrasjon i Trondheim

På Torget i Trondheim

Kraftdemonstrasjon i Bergen

På Torgalmenningen i Bergen

– Regjeringa har signalisert at ho vil fortsette å kompensere hushaldningane. Det er bra. No må vi ha tilsvarande ordningar for industrien, seier han.

Fredrikstad-ordførar Siri Martinsen (Ap) gir sin eigen statsminister klar beskjed.

– Regjeringa har sjølv sagt at ho skal sjå på viktige tiltak, for vanlege folk og ikkje minst for industrien og næringslivet. Så eg forventar at regjeringa følgjer det opp. Straumprisane må også vere føreseielege for folk og næringslivet på sikt, seier ho.

«Casino»

Straumpolitikken blir driven som eit europeisk casino, med høge og ustabile prisar til dei som kan by mest på NordPool, meiner stortingsrepresentant Sofie Marhaug i Raudt.

Ho meiner Noreg risikerer å bli ståande igjen som råvareprodusentar, utan arbeidsplassar og med nedlagde lokalsamfunn.

Eg kjenner ikkje igjen det Arbeiderpartiet jeg las om i historiebøkene, som sikra kontroll over naturressursane til det beste for folk og arbeidsplassar.

strømprisen

RIKELEG TILGANG: Regjeringa presenterte sist veke energikommisjonen som skal kartlegge kva som skal til for at norsk industri framleis «skal ha rikeleg tilgang på fornybar kraft».

Foto: Terje Pedersen / NTB

Vil redusere sårbarheita

Regjeringa presenterte sist veke den lenge varsla energikommisjonen. Innan 15. desember skal kommisjonen levere si innstilling.

– Det er viktig at vi ser på korleis vi kan redusere sårbarheita for ekstraordinært høge kraftprisar, sa olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) då ho presenterte planane.

Lier-Hansen legg til:

– For den kraftintensive industrien må det skapast tillit til at vi har sikker tilgang på rimeleg kraft også på lang sikt. Difor er arbeidet til energikommisjonen viktig.

Demonstranter samlet seg utenfor Stortinget i protest mot høye strømpriser.

JANUAR: Straumprisalliansen aksjonerte også utanfor Stortinget 20. januar.

Foto: Trond Lydersen / NRK

Fryktar prisauke i nord

Fleire av demonstrantane i Tromsø fortel at dei er der i solidaritet med Sør-Noreg.

Ein av dei er Åshild Olmlid, som forventar at det vil komme mange konkursar, både personlege og i næringslivet, som følge av straumprisane.

Men Håkon Skog Hansen, leiar for LO i Tromsø, seier at desse straumprisane også er viktige for Nord-Noreg.

– Vi ser jo kva som skjer sør i landet. Prisane 11-doblar seg. Når straumkablane blir oppgradert også nordover, kjem jo dette til å bli realiteten her også.