Hopp til innhold

Statsbudsjettet: Pengar til «Noregs verste veg»

200 millionar kroner til bygginga av ny E16 og jernbane mellom Bergen og Voss gjer at prosjektet kan halda fram.

Ras Vaksdal

2015: I mai 2015 gjekk det to store skred på E16 på 14 dagar.

Foto: Rikke Emilie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

Utbygginga av ny E16 og jernbane mellom Bergen og Voss kan halda fram.

Det vart klart etter at det vart einigheit om statsbudsjettet tysdag ettermiddag.

– Det er ei stor glede for oss å fortelja at det viktigaste kravet frå vår region er innfridd, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han viser til at det var stor usikkerheit og skuffelse då det tidlegare i haust vart klart at det ikkje var sett av pengar til «Noregs verste veg».

– Folk som krev trygg veg og moderne jernbane har omsider blitt høyrde.

Mellom anna blei utsetjinga av prosjektet kalla «ein fare for beredskapen» av fleire offentlege etatar. Strekninga er den mest rasutsette europavegen i landet.

Ein av dei som reagerte var ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøb (Ap). Han sa det ikkje var akseptabelt at ti år med arbeid var bortkasta.

– I dag er eg stolt av regjeringa mi og SV. Stolt av alle som har stått på, seier Ringkjøb.

– Slik eg ser det er dette siste gong me diskuterer ny veg og bane. No er det førebuing og realisering som gjeld.

Hege Eide Vik (Sp) er ordførar i Vaksdal. Ho seier ho er enormt glad.

– Dette var definitivt ei julegåve på forskot, seier ho.

Hege Eide Vik

Ordførar i Vaksdal, Hege Eide Vik (Sp), var svært glad då ho fekk høyra om budsjettforliket.

Foto: Mette Anthun

Godkjente planar

Fellesprosjektet til Statens vegvesen og Bane Nor, som ofte blir kalla K5, skal sikra ny europaveg og dobbeltspor for jernbanen mellom Arna i Bergen og Stanghelle i Vaksdal.

Reguleringsplanen er godkjent og oppstart er tenkt i 2024. Prosjektgruppa trong 200 millionar kroner i 2023 for å halda tempoet oppe. Det har dei no fått.

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle blir Norges største tunnelprosjekt. Foto: Red Ant/Statens vegvesen

Ny E16 og ny jernbane mellom Arna og Stanghelle skal gjera vegen sikrare mot ras, og korta ned reisetida med tog.

Illustrasjon: Red Ant / Statens vegvesen

– Me er svært godt nøgde med at prosjektet kan halda fram med full styrke. Det var heilt meiningslaust å stoppa prosjektet.

Det seier Atle Kvamme, som er dagleg leiar i K5 Alliansen. Dei representerer næringslivet i bergensregionen.

Totalt vil prosjektet ha ein prislapp på 26 milliardar kroner.

– Strekninga er livsviktig for heile regionen. Dette gir tryggleik for reisande både på veg og med bane, seier Kvamme.

Atle Kvamme

Atle Kvamme, dagleg leiar i K5 Alliansen.

Foto: Kjetil Kjær Andersland/NRK

Han peikar på at E16 Bergen-Voss er hovudpulsåra frå Bergen mot Austlandet.

– Hovudpulsåra er i dag ei kritisk, men svært farleg og usikker forsyningslinje. Standarden på bane og veg er utdatert, og kvar dag blir liv og helse sett i stor fare, seier Kvamme.

Oppstart i 2024

E16 mellom Bergen og Voss blei i 2018 stemt fram som den verste vegen i Noreg.

Det er ein ny veg som er planlagt, saman med jernbane, frå Arna til Stanghelle. Dette skal både redusera reisetida og sikra den rasutsette vegen.

Den statlege reguleringsplanen vart godkjent i vår, utbygginga er ferdig planlagd og oppstart er i 2024.

Det var derfor sterke reaksjonar då regjeringa sette bremsene på i haust.

I forslaget til statsbudsjett stod det at prosjektet var eit av dei store prosjekta som det førebels ikkje skulle bli noko av.

Les også Rasar mot eiga regjering etter E16-kutt: – Me er forbanna

Tonje Såkvitne i Senterungdommen i Hordaland.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygaard (Ap) sa då at mange prosjekt måtte utsetjast på grunn av ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Han meinte det var umogleg å svara på kor tid det ville bli aktuelt å starta opp Arna-Stanghelle.

– Det spørst kva handlingsrom me vil ha framover, sa Nygaard då.

Sidan då har mange protestert. Senterungdommen og AUF gjekk hardt ut mot si eiga regjering, og sa dei var både triste og forbanna.

Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, distriktssjef i heimevernet, Christoffer Th. Knutsen og administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen stod i samla front og kalla vegen for ein fare for beredskapen.

Hege Eide Vik (Sp) i Vaksdal trekkjer fram både konvoi med tungtransport, fakkeltog og togaksjonar.

– Eg håpar dei har merka trykket. Politikarar, næringsliv, interesseorganisasjonar og folk har stått samla for å visa kor viktig dette er for oss, seier ho.

– Alle som har engasjert seg og protestert fortener ein takk, dei har gitt oss god draghjelp. Einigheita viser at det nyttar, seier Lysbakken.

Audun Lysbakken til samtaler hos Jonas Gahr Støre

Audun Lysbakken.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Les også Stor kåring: E16 Bergen-Voss er «Noregs verste veg»

Ras Vaksdal mai 2015