Hopp til innhold

Regjeringa stoppar oppgraderinga av «Noregs verste veg»: – Eit svik

Den gryteklare fellesutbygginga av ny E16 og jernbane mellom Bergen og Voss får ingen pengar av regjeringa. Fleire er i harnisk.

Ras på E16 ved Bolstad i juni 2016

TATT AV SKRED: I juni 2016 gjekk det eit enormt jordskred over E16 ved Bolstad. Ein vogntogsjåfør vart fanga i massane.

Foto: Drone / Bergen brannvesen

E16 mellom Bergen og Voss blei i 2018 stemt fram som den verste vegen i Noreg.

Men ein ny veg er planlagt, saman med jernbane, frå Arna til Stanghelle. Dette skal både redusera reisetida og sikra den rasutsette vegen som er starten på hovudvegen mellom Bergen og Oslo.

Den statlege reguleringsplanen vart godkjent i vår, utbygginga er ferdig planlagd og oppstart skulle vera i 2024.

Men no har regjeringa sett bremsene på.

I forslaget til statsbudsjett står det at prosjektet, som på kortform blir kalla for K5, er eitt av dei store prosjekta som det førebels ikkje vert noko av.

«Med regjeringas budsjettforslag ligg det ikkje an til at nokre av desse vil bli starta opp i 2023. Det er heller ikkje sett av midlar til førebuande arbeid. Vidare framdrift i prosjekta vil bli vurdert fram mot statsbudsjettet for 2024,» heiter det i budsjettforslaget.

Les også Stor kåring: E16 Bergen-Voss er «Noregs verste veg»

Ras Vaksdal mai 2015

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle blir Norges største tunnelprosjekt. Foto: Red Ant/Statens vegvesen

UTSETT: Ny E16 og ny jernbane mellom Arna og Stanghelle skulle gjera vegen sikrare mot ras, og korta ned reisetida med tog. Men no er prosjektet sett på vent.

Illustrasjon: Red Ant / Statens vegvesen

– Umogleg å svara om oppstart

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygaard (Ap) fortel at mange prosjekt rett og slett er utsett grunna ein vanskeleg økonomisk situasjon.

– Det var fleire konkrete prosjekt som var varsla oppstart dei nærmaste åra. Men no er dei utsett i tid, seier Nygaard.

– Kva tid er det er det aktuelt å starta opp Arna-Stanghelle?

– Det er umogleg å svara på. Det spørst kva handlingsrom me vil ha framover, seier Nygaard, som torsdag morgon var på ferja Mannheller-Fodnes i Sognefjorden.

Arna-Stanghelle - Ny veg og jernbanetunnel

FELLES: Ein sparar fleire milliardar på å bygge veg og bane samstundes og tunnelane vil ha felles rømningssystem.

Illustrasjon: Statens vegvesen

I harnisk

Styreleiar i K5 Alliansen i Bergen, Roger Harkestad, klarar ikkje skjule kor skuffa han er over regjeringa.

– Det er heilt ubegripeleg. Nedprioriteringa frå regjeringa kan bety at det vil ta langt meir enn 20 år før heile strekninga fram til Voss kan opnast, seier Harkestad i ei pressemelding.

Organisasjonen består av bedrifter i bergensregionen. Dei meiner E16 i dag er både rasfarleg, utdatert, svingete og uoversiktleg.

– Reguleringsplanen vart vedteke i vår. No var det berre å gi gass. I staden blir vi plassert i fryseboksen, held Harkestad fram.

– Eit svik

Også i MDG tordnar dei mot regjeringa sin nedprioritering av prosjektet. Dei kallar budsjettet «eit svik».

- Rassikring og banesatsninga til Voss er vår viktigaste sak. Den er no sett på pause. Det er ei heilt uforståeleg prioritering, seier fylkesvaraordføraren i Vestland, Natalia Golis (MDG).

I Bergen håpar dei stortingsbehandlinga av budsjettet kan redda utbygginga.

– Dette er det eine prosjektet eit samla Bergen og Vestland stiller seg heilhjarta bak, og er det einaste som treng større midlar neste år. Dette kan ikkje overleve stortingsbehandlingen, seier samferdslebyråd Thor Haakon Bakke (MDG) til BT.

MDG Landsmøte 2019

SKUFFA: Fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) i Vestland fylke.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Voss-ordførar: – Uheldig

Ordførar i Voss Herad, Hans Erik Ringkjøb (Ap), er skuffa, sjølv om han var budd på ei utsetjing.

– Eg synast det er veldig uheldig. Men dette betyr også at me må bretta opp ermene og sikra at prosjektet vert prioritert når det er handlingsrom, seier han.

Han vil no setja inn alt for å forhindra at prosjektet rykkjer tilbake til start.

– No har me ei utsetjing grunna ein ekstraordinær økonomisk situasjon for landet. Men det er ikkje akseptabelt at ti år med arbeid er bortkasta, seier han.

Statens vegvesen: – Tomt for pengar

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen seier til NRK at dette betyr at dei må nedskalera aktiviteten i 2023.

Dei hadde behov for 200 millionar for å halda fram arbeidet.

– Utover hausten må me vurdera konsekvensane. Det er mykje pengar som er brukt for å førebu start av bygging i 2024, og no har me ikkje meir. Me trengde desse midlane for å komma i gang, seier han.

Kjell Inge Davik utbyggingsdirektør i Statens vegvesen

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen seier dei hadde trengt 200 millionar for å halda fram med å planleggja prosjektet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ordførarar i Vaksdal kommune, Hege Eide Vik (Sp), nektar å innfinna seg med at prosjektet Arna-Stanghelle no er utsett på ubestemt tid.

– Dette er eit rassikringsprosjekt som handlar om ein trygg veg og jernbane for alle som ferdast langs hovudferdselsåra mellom Bergen og Oslo, seier ho.

Og legg til at for kvar dag som går aukar sjansen for at noko skal skje på den rasutsette strekninga.

I dagane framover er det meldt store nedbørsmengder i Vestland, og stor fare for flaum og jordskred.

Provosert over midlar til Hordfast

Gruppeleiar for SV på fylkestinget i Vestland, Marthe Hammer, er rett og slett opprørt. Spesielt sidan prosjektet Hordfast har fått midlar til vidare planlegging.

– Nokre prosjekt er meir heilage enn andre. Mantra om å stramma inn for å hindra pris- og lønsvekst fell på steingrunn, når det mest gigantiske av alle, Hordfast, overlev ein kvar prioriteringsrunde. Det er ein provokasjon at Hordfast får midlar, medan ny veg og jernbane K5 atter ein gong ikkje får noko, skriv ho.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygaard seier til NRK at Hordfast ikkje er eit prosjekt som er klart for bygging, og at dei difor løyver pengar til dette.

Varaordførar i Vaksdal kommune, Kjartan Haugsnes (SV), seier til BA at dette er ein avskjedssøknad frå den sitjande regjeringa.

Han er klar på at hans parti må leggja press på regjeringa og sikra oppstart i 2024.