Hopp til innhold

Politimeister, sjukehusdirektør og Heimevern-sjef ut mot regjeringa sitt vegkutt

E16 mellom Bergen og Voss er ein fare for beredskapen, meiner fleire offentlege etatar.

Ras Vaksdal

2015: I mai 2015 gjekk det to store skred på E16 på 14 dagar. Eit lokaltog med 40 passasjerar måtte bråstogge då jordmassane kom ned frå den bratte fjellsida.

Foto: Rikke Emilie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

– Det som er særleg alvorleg er dei manglande planane for å betre vegen på lang sikt.

Det seier Eivind Hansen, som er administrerande direktør i Helse Bergen.

Saman med politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt og Christoffer Th. Knutsen, distriktssjef i Heimevernet møter han NRK for å stå i samla front for ein betre hovudveg mellom aust og vest.

Vegen er ras- og ulukkesutsett og tidlegare kåra av NRK sitt publikum til «Noregs verste veg».

Steinras på E16 10.11.2021

EITT TONN: I fjor haust rasa ein eitt tonn tung stein ned på E16 ved Bolstadøyri.

Foto: Emil Solbakken / Statens vegvesen

Planane for å oppgradere både vegen og jernbanen er klare, men i statsbudsjettet for 2022 sette regjeringa på bremsen.

– Vi ser behovet for at den vegen vert betydeleg oppgradert. Det går rett og slett på beredskapen her på Vestlandet, seier Knutsen.

Dei tre sit saman i beredskapsrådet for fylket. Dei hadde møte i førre veke. Der var E16 tema.

Les også Vegar hastekjøpte ny heim. Så kom sjokkbeskjeden

Vegar Sellevold på Stanghelle

Stenging og rasfare

Allereie slik vegen er i dag er den ein fare for tryggleiken, meiner Songstad.

– Vi har utfordringar no. Det er mykje vedlikehald og stenging på grunn av flaum og ras. I eit beredskapsperspektiv er det viktig å få fram at noko må gjerast med denne vegen.

Seinast førre helg var E16 stengd mellom Bergen og Voss.

– Vi må sikre at E16 er open så ofte og så lenge som mogeleg. Dette er viktig for alle beredskapsinstansane, og for oss i helse, seier Eivind Hansen.

Sjølv om det er sjukehus på begge sider av vegen meiner han at det er heilt naudsynt å kunne flytte pasientar mellom sjukehusa i Bergen og på Voss.

– Allereie no er ser vi at utrykkingskøyretøy ofte vert bremsa eller stoppa på denne vegen. Det er urovekkande, seier Hansen, som legg til at han og er uroa for ulukker og ras på vegen.

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle blir Norges største tunnelprosjekt. Foto: Red Ant/Statens vegvesen

PARALLELT: Veg og bane skal stort sett gå side om side i fjella gjennom Vaksdal.

Illustrasjon: Red Ant / Statens vegvesen

Politisk debatt

Sjølv om dei no går ut mot regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, er leiarane i dei offentlege instansane er ikkje redde for å bli oppfatta som politikarar.

– Politikarane må gjere sine prioriteringar. Men vår jobb som beredskapsaktørar er å peike på det som er problematisk for beredskapen, seier Hansen.

Helse Bergen vaksinerer eit utval tilsette mot koronasmitte.

HELSEDIREKTØR: Eivind Hansen i Helse Bergen meiner at vegen må bli utbetra.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Heller ikkje politimeister Songstad fryktar for sjølvstendet.

– Vi er nøydd til å tenke på heilskapen og peike på at ein ytterlegare utsetting av nye vegar austover frå Bergen er problematisk for beredskapen.

– Men er du ikkje redd for politiet vert opplevd som ein politisk aktør?

– Eg trur det viktigaste er at vi som beredskapsaktørar og får lov til å ha ei stemme inn i dette. Vi må få lov til å seie det vi meiner er utfordringane frå eit fagleg perspektiv, seier Songstad.

Aktørane i fylkesberedskapsrådet vil truleg fremje ei felles uttale der dei tek opp tilstanden på hovudvegen austover frå Bergen.

 Politimester Kaare Songstad informerer pressen.

POLITIMEISTER: Kaare Songstad i Vest politidistrikt kastar seg inn i debatten om E16.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Viktigaste no er å halde renta nede

NRK har bede samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) om ein ny kommentar etter kritikken frå Helse Bergen, Heimevernet og politiet, men har førebels ikkje fått svar.

Då dei mange samferdslekutta i statsbudsjettet vart presenterte, sa han dette til NRK:

– Til dei som er skuffa, seier eg at det er forståeleg. Men eg er sikker på at dei aller fleste forstår at det er viktig at vi tek vare på økonomien vår. Det er krig i Europa og energikrise. Det viktigaste no er å halde renta nede og levere eit budsjett som bidreg til å dempe prisveksten, sa Nygård.

Etter denne saka blei publisert, fekk NRK svar frå statssekretær Tom Kalsås på e-post:

– Eg forstår at mange er skuffa over at dette prosjektet ikkje blir starta opp no, og eg veit at fleire er bekymra med tanke på beredskap. Men som alle veit: Vi står no i ein ekstraordinær situasjon, og treng å halde igjen pengebruken på fleire område. Sjølv om det framleis vil vere betydeleg aktivitet innan samferdsle også neste år, er det naudsynt å setje fleire store investeringar på vent. At det ikkje blir sett av pengar til forberedande arbeid eller oppstart i 2023, betyr ikkje at prosjektet ikkje skal bli gjennomført. Vi vil komme tilbake til vidare framdrift i prosjektet i statsbudsjettet for 2024, seier Kalsås.

Saken oppdatert 22. november klokka 10.04.