Hopp til innhold

Staten vil ikkje satse på jordvarme – trass auka press

Jordvarme vert identifisert som ein nøkkel for å løyse energikrisa. Men regjeringa har andre planer.

Háskerdingur og Kaldaklofsfjöll fotografert fra Hrafntinnusker. Fjallabak naturreservat, Island. View of Hrafntinnusker towards Háskerdingur. Fjallabak Nature Reserve. Iceland.

ISLAND: – Regjeringa har skylappar i energispørsmålet, seier Marius A. Nilsen (Frp). Han vitja Island sist veke, og fekk trua på jordvarme.

Foto: Orsolya Haarberg / Samfoto

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) skriv til Stortinget at han ikkje vil satse på jordvarme, og at «innsatsen bør konsentrerast der vi har nasjonale fortrinn og gode kunnskapsmessige føresetnader».

Per i dag er det andre område som vil vere viktigare for å sikre den nye fornybare kraftproduksjonen vi treng, skriv han.

Presiseringa frå regjeringa kjem etter at «straumkrise», «rasjoneringsspøkjelse» og ein «anstrengd kraftsituasjon» har skapt press på at Noreg må satse på nye og alternative energikjelder.

«Ut med vindkraft og atomkraft, inn med geotermisk straumproduksjon», skriv Norges Miljøvernforbund i ein kronikk i BT.

Sjølv om vi er «best i verda på drilling», hentar Noreg i dag ut beskjedne tre–fire terawattimar frå grunnen med varmepumpe.

På Island, der jordskorpa er tynnare, blir til samanlikning 90 prosent av husstandane varma opp av jordvarme, og nær ein tredel av elektrisiteten i landet kjem frå seks geotermiske kraftverk.

Regjeringa har skylappar i energispørsmålet

På same tid har det internasjonale energibyrået (IEA) identifisert jordvarme som ein av nøklane i energimiksen i framtida, og metoden er allereie utbreidd i USA, Italia og Indonesia.

forskersonen.no skriv tre Sintef-forskarar at «ein viktig del av løysinga på energibehovet i framtida ligg rett under føtene våre».

Regjeringa har skylappar i energispørsmålet, seier stortingsrepresentant for Frp, Marius A. Nilsen.

Sist veke besøkte han det største geotermiske kraftverket på Island. Hellisheidi produserer like mykje straum som eit lite kjernekraftverk.

Statsråden seier vi bør satse på dei nasjonale fortrinna våre. Vel, vi har gode grunnforhold og stor erfaring frå offshore-boring. Det er på tide at regjeringa sluttar å ri ideologiske kjepphestar, og heller tek tak i energiutfordringane som kjem, seier Nilsen.

yUtrpTnsqKM

På Island blir 90 prosent av husstandane varma opp av jordvarme, og nær ein tredel av elektrisiteten i landet kjem frå seks geotermiske kraftverk.

Foto: Erlend Haarberg / Samfoto

Fordelen er minimale naturinngrep

I svaret til Stortinget viser Aasland til den nasjonale Energi21-strategien som identifiserer geotermisk energi som eit «ikkje prioritert satsingsområde».

I staden skal Noreg satse på havvind, vasskraft, energieffektivisering, CO2-handtering og hydrogen.

Fordelen med jordvarme og sjøvarme er minimale naturinngrep. Energien er dessutan stabil og det er lite behov for balansekraft, seier Ola Dimmen i Besteforeldrenes klimaaksjon.

Les også Straumprisane gjev nytt liv til ideen om bølgjekraft: – Kan vere ein joker i energikrisa

Bølgekraft

I Adressa skriv han at vindkraft er unødvendig fordi «svaret ligg rett under beina våre».

Han stussar ved påstanden om at Noreg har betre føresetnader for havvind enn geotermiske brønnar.

På havvind har vel Noreg ikkje noko nasjonalt fortrinn? Vi ligg langt etter andre europeiske land, seier han.

dWJAPriR_bE

Sjølv om vi er «best i verda på drilling», hentar Noreg i dag ut beskjedne tre–fire terawattimar frå grunnen med varmepumpe. På bilete: Leirbotn jordvarmekraftverk ved Myvatn.

Foto: Tom Schandy / Samfoto

Kostnaden per boremeter gjer at det ikkje kan konkurrere

Eit springande punkt i debatten er kor kostbart det er å bore.

For straumproduksjon krevst temperaturar på minst 120 grader. På det norske fastlandet (bortsett frå på Svalbard) finst slike temperaturar først på fem kilometer djup.

NRK har tidlegare skrive at Løvstakken kunne bli eit fjellvarmeanlegg for Bergen fordi det var radioaktive stoff i granitten. Nærare undersøkingar viste at temperaturen i fjellet var lågare enn venta.

Les også Ikkje heit nok til å varma Bergen

Løvstakken i Bergen

Kostnaden per boremeter gjer at geotermisk energi ikkje kan konkurrere med andre kjelder til elektrisitetsproduksjon i Noreg, seier Inga Berre, som forskar på kva som skjer i undergrunnen når varme blir utvinnen frå jordas indre.

I tillegg seier ho at det er uvisse knytt til om energien lèt seg hente opp sidan dette krev tilgjengeleg væske i grunnen.

Når det er sagt, så utnyttar vi allereie energien i jordskorpa ned til cirka 500 meters djup via varmepumper, og dette er ein ressurs som har stort potensial for ytterlegare bruk, seier Berre.

Marius A. Nilsen (Frp) på Island

Marius A. Nilsen (Frp) vitja det største geotermiske kraftverket på Island sist veke. Hellisheidi produserer like mykje straum som eit lite kjernekraftverk.

Foto: Privat

Noreg bruker 35 TWh på elektrisk oppvarming

Ei anna moglegheit er å utnytte jordvarmen i tidlegare oljefelt, der jordskorpa er tynnare og temperaturen høgare.

I alt er det bora meir enn 6000 undersøkings- og produksjonsbrønnar på norsk sokkel sidan 1966.

Men også her er det vanskeleg å forskotere kostnadene.

Ifølgje NVE bruker Noreg kvart år 35 TWh på elektrisk oppvarming i bygg.

Bård Baardsen, som er rådgivar i Norsk Varmepumpeforening, meiner vinninga ligg i dei grunne energibrønnane – ikkje dei djupe.

Les også Vil hente fornybar energi fra tomme oljebrønner

Kristin-plattformen

I Noreg er det cirka 60.000 grunnvarmeanlegg. I Sverige er talet 600.000.

Grunne energibrønnar kan rullast ut i stor skala og bidra til at vi unngår eit kraftunderskot i Noreg. Så lenge vi varmar opp huset med ineffektive panelomnar, er det ganske meiningslaust å skulle starte med produksjon av straum frå djupe geotermiske brønnar, seier han.

rssae7HBpyg

– Fordelen med jordvarme og sjøvarme er minimale naturinngrep. Energien er dessutan stabil og det er lite behov for balansekraft, seier Ola Dimmen i Besteforeldrenes klimaaksjon.

Foto: Orsolya Haarberg / Samfoto