Hopp til innhold

Ikkje heit nok til å varma Bergen

Håpet om at Løvstakken skulle varma opp innbyggjarane i Bergen ser ut til å bresta. Temperaturen til eit byens sju fjell er nemleg lågare enn forskarane venta.

Løvstakken i Bergen

IKKJE VARM NOK: Forskarar har bora etter geotermisk energi i Løvstakken i Bergen. Men temperaturen til eit av byens sju fjell er ikkje høg nok til at det kan brukast til varme og energi.

Foto: Aqwis / Creative Commons

Det har nemleg vore store håp blant geologar at det skjulte seg store mengder energi inne i Løvstakken, byfjellet som strekk seg 479 meter over havet sør for Bergen sentrum.

I fjellet er det målt svært mykje radioaktive stoff i granitten, spesielt på fjellsida ned mot Fyllingsdalen. Den varmen og energien som radioaktiviteten genererer, hadde forskarane eit ønske om kanskje utvikla til eit fjellvarmeanlegg for Bergen.

Men no er resultata frå prøveboringane til Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) klare, og forskarane er overraska.

Lågare temperatur enn venta

Målingane som er gjort syner nemleg at temperaturen i fjellet er lågare enn først venta.

– Det er ikkje alltid samspel mellom teori og praksis. Temperaturen i djupet var uventa låg, seier NGU-forskar Odleiv Olesen til NRK.

Ifølge dei bør det målast ein auke på 30 grader per kilometer djupn i fjellet, før det, med dagens energiprisar, er nokon vits i å henta energien opp.

I Bergen vart temperaturauken målt til 16,5 grader/km.

Boring etter geotermisk energi på Løvstakken i Bergen

NGU har i samarbeid med Geodrilling gjort grundige boringar i fjellet ved Bergen. Her frå Fyllingsdalen. NGU bora 500 meter ned i grunnen.

Foto: NGU

Betre i aust enn i vest

Jordvarme Løvstakken

JAKTA VARME: Eivind Bastesen og Atle Rotevatn frå UiB gjer undersøkingar.

Foto: Ingunn Halvorsen / UiB

Forskarane forklarer at det kan hende det er varmare lenger nede i fjellet, men det vil uansett vera for dyrt å henta ut.

NGU har også gjort undersøkingar i Stavanger og i Årvollsskogen i Moss. På sørvestlandet er resultata dei same som i Bergen, medan målingane er betre i Moss.

Temperaturen er likevel for låg til at ein kan gjera nytte av energien, men resultata frå boringa til forskarane syner at fjella i aust har klart å halda varmen betre enn i vest.

Trur svaret ligg fleire tusen år tilbake i tid

Olesen seier til NRK at resultata frå prøveboringane har overraska dei.

– Det var eit mysterium for oss.

NGU-forskar Yuriy Maystrenko har sett nærare på resultata i detalj, og kome fram til fleire forklaringar på den låge temperaturen i fjellet både i Bergen og Stavanger.

– Vi trur de store nedbørsmengdene på Vestlandet er med på å kjøla ned berggrunnen. Når regnet eller snøsmeltinga går ned i grunnen og inn i sprekkane i fjellet, blir det raskt avkjølt, forklarar Olesen.

– Det har nok også hatt ein effekt at vestlandskysten har vore isfri i lengre periodar enn Austlandet under dei siste istidene. Dermed forsvann mykje av isolasjonen, og permafrosten har trengt djupare ned i grunnen og avkjølt berggrunnen.