Hopp til innhold

Stad skipstunnel er i rute sjølv om det ikkje kom pengar i statsbudsjettet denne gongen

Stad skipstunnel er nok rett nemnt i statsbudsjettet, men det kom ikkje pengar til prosjektet denne gongen. Prosjektleiar Randi Humborstad er likevel ikkje uroa.

Stad skipstunnel

STAD SKIPSTUNNEL: Tunnelinngangen frå Moldefjorden i Selje.

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Vi hadde ikkje forventa at det skulle stå noko spesielt om Stad skipstunnel i statsbudsjettet denne gongen, seier Humborstad.

Ho syner til at for 14 dagar sidan kom bestillinga for ein såkalla KS2 for Stad skipstunnel. KS2 er ei ekstern kvalitetssikring fase to, og er noko som alle prosjekt som kostar meir enn 750 millionar kroner må gjennom.

– Eg veit at arbeidet alt har starta og Kystverket er i gang med konsulentselskapet som har fått oppdraget, seier Humborstad.

Til Stortinget

Arbeidet med kvalitetssikring kjem til å ta om lag eit halvt år, før Stortinget våren 2018 tar endeleg finansieringsavgjerd.

Randi Paulsen Humborstad

FORVENTAR REGJERINGA LEVERER: Prosjektleiar Randi Humborstad.

Foto: Øystein Torheim

– Alle slike store prosjekt må gjennom Stortinget for den siste investeringsavgjerda, men det er berre ein formalitet, seier Humborstad.

For i Nasjonal Transportplan 2018–2029 er Stad skipstunnel inne med ei ramme lik kostnadsoverslaget på 2,7 milliardar, 1,5 milliardar kroner ligg inne i første del av NTP – for perioden 2018 til 2023.

– Det var viktig for oss at Stad skipstunnel låg inne i Nasjonal Transportplan no. Prosjektet er fullfinansiert, og det står også at ein ser for seg byggestart i første stortingsperiode, det vil seie at det må vere byggestart før 2021, seier Humborstad.

Forventar at regjeringa leverer

Stad skipstunnel har blitt greia ut sidan 80-talet, og skiftande regjeringar har blitt kritisert for dei svært mange ulike utgreiingane. Men når Kystverket no er i gang med det siste trinnet før Stortinget kan ta ei endeleg finansieringsavgjerd ser Humborstad endeleg lys i enden av tunnelen.

– Vi forventar no at regjeringa leverer og får ferdigbehandla KS2 og får den opp i Stortinget slik at vi kan få byggestart i 2019, seier Humborstad.