– Kvalitetssikringa er avgjerande for at ein kan gå vidare med bygginga av skipstunnelen. Bygginga er venta å starte i 2019, seier stortingsrepresentant Morten Stordalen (Frp).
Store utbyggingar som Stad skipstunnel skal gå gjennom ein såkalla KS2 for å kvalitetssikre alle detaljar i prosjektet.
Stad skipstunnel har blitt utgreia sidan 80-tallet, og skiftande regjeringar har blitt kritisert for dei svært mange ulike utgreiingane. Men med denne siste kvalitetssikringa gjenstår det berre å lyse prosjektet ut på anbod.
Arbeidet i gang i september
I går etterlyste Sveinung Rotevatn (V) at rapporten kom i bestilling:
VAR UROA: Sveinung Rotevatn (V) etterlyste framdrift om Stad skipstunnel
Foto: Bård Siem / NRK– Eg er uroa for at dette dreg ut i tid, sa Rotevatn.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) sa då til NRK Sogn og Fjordane:
– Vi kjem til å bestille ei kvalitetssikring, men denne prosessen må følge den tidslinja som er vanleg.
- LES OGSÅ: Rotevatn er uroa over Stad skipstunnel
Men bestillinga viste seg å alt vere gjort, og kort tid etter kunne Solvik-Olsen sende melding om at verksemdene Atkins, Oslo Economics og Promis skal vere kvalitetssikrarar.
– Konsulentane, Finansdepartementet, Kystverket, og Samferdsledepartementet skal ha møte 26. september for å diskutere gjennomføringa, skriv Solvik-Olsen.
HAR STARTA KVALITETSSIKRING: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).
Foto: Anne Lognvik / NRKEin gledas dag
Morten Stordalen (Frp) er Frp sin fraksjonsleiar for samferdsle, og sentral under forhandlingane om Stad skipstunnel i Stortinget:
GLEDAS DAG: Morten Stordalen (Frp).
Foto: John-André Samuelsen / NRK– Dette er viktig for oss å realisere, dette er ein gledas dag for alle som er opptekne av Stad skipstunnel, seier Sortland.
– Kor tid kjem spaden i jorda?
– Noko som liknar på 2019 bør vere mogleg, og det får vi håpe. Uansett skal Stad skipstunnel byggast, pengane er sett av, no kan vi sjå dette blidt i møte og seie at no kjem den, seier Stordalen.