– Vestlandsregionen ein fallitt utan nynorsk

– Den største kulturpolitiske skandalen nokosinne, torar SV-nestleiar etter at den nye Vestlandsregionen ligg an til å bli språknøytral.

Oddny Miljeteig

VRØVL: SV-nestleiar Oddny Miljeteig sparar ikkje på krutet i kritikken mot fylkesordførarane. – Eg er djupt og inderleg sjokkert.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Nynorsken skal ikkje vera gjenstand for hestehandel når det skal opprettast ein vestlandsregion. Då er Vestlandsregionen daud og ein fallitt.

Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har vorte samde om å etablera eit nytt vestlandsfylke frå 2020.

– Djupt og inderleg sjokkert

Slik det ser ut no, får Rogaland viljen sin om å droppa nynorsk som administrasjonsspråk for regionen. Etter lange forhandlingar har partane avgjort at det nye fylket skal vera språknøytralt.

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal

NØYTRALE: Fylkesordføraren i Rogaland (til høgre) sette seg imot at målforma skulle vere hovudmål i det nye fylket. – Me må ha respekt for at det var så langt me kom i forhandlingane, seier fylkesordførar for Hordaland Anne-Gine Hestetun (midten). Til venstre Jenny Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det skapar reaksjonar.

– Eg kan ikkje forstå at Hordaland og Sogn og Fjordane kastar nynorsken på båten i det som skal bli ei storregion for Vestlandet, seier Oddny Irene Miljeteig.

Miljeteig er for tida sjukmeld, men det stoppar ikkje SV-politikaren frå å fyra laus mot deltakarane rundt forhandlingsbordet.

– Kva har treft dei i Rogaland? Har dei mist all sjølvtillit etter at olja gjekk nedover? Vettet har i alle fall tatt same vegen, torar det frå SV-nestleiaren.

Solveig Ege Tengesdal

UNATURLEG: For Rogaland sin del er nynorsk eit unaturleg språkval, meiner Solveig Ege Tengesdal. Difor sette ho seg mot at målforma skulle vera hovudmål i det nye fylket.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Unaturleg med nynorsk

I intensjonsavtalen er det eitt punkt som understrekar nynorsken sin sterke posisjon på Vestlandet, men Rogaland sette seg imot at målforma skulle vere hovudmål i det nye fylket.

– Nynorsk er viktig på Vestlandet, men for oss i Rogaland er det unaturleg om nynorsk skal vere hovudspråket, seier fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal.

Kart over vestlandsregionen

STORFYLKE: Vestlandsregionen vert namnet på det nye fylket, som skal ha hovudsete i Bergen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Fylkesordførar i Hordaland, Anne-Gine Hestetun, seier ho også har kjempa målkampen i forhandlingane med Rogaland. Ho seier politikarane ikkje tek stilling til spørsmålet om språkval enno.

– Det blir heilt sikkert gode diskusjonar rundt dette framover. Det er lokale skilnader i kultur og språkform mellom dei tre fylka, og det er me nøydde til å respektera, seier Hestetun.

Avviser hestehandel

Ho avviser at dei to nordfylka har tapa i forhandlingane under bordet.

– Dette er ikkje noko hestehandel. Me må ha respekt for skilnaden mellom oss.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap)

IKKJE HESTEHANDEL: Anne-Gine Hestetun meiner partane må ha respekt for ulikskapane seg imellom. – Det blir heilt sikkert gode diskusjonar rundt dette i tida framover.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Men det har ikkje leiar i Hordaland mållag særleg trua på.

– Ikkje ein hestehandel? Kva elles skal det vera? spør mållagsleiar Astrid Olsen.

Ho meiner fylkesordførarane er i ferd med å forhandla vekk ein viktig del av den vestlandske kulturarven.

– Eg tykkjer det er rart at to sterke nynorskfylke skal tapa mot eit tredje fylke, som i tillegg har ein høg del nynorskbrukarar.

– Ingen nynorsk, inga avtale

Noregs målungdom går endå lenger. Dei meiner dei to nordfylka bør stilla ultimatum i forhandlingane framover.

– Om intensjonsavtalen vert inngått på kostnad av nynorsken si stilling på Vestlandet, bør Sogn og Fjordane og Hordaland trekkja seg frå avtalen, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom.

Synnøve Marie Sætre

SJOKKERANDE: – At Sogn og Fjordane og Hordaland kan akseptere at nynorsken vert droppa i Vestlandsregionen, er sjokkerande, meiner leiaren i Norsk Målungdom.

Foto: Mia Holvik/Ole Gunnar Dybvik

– Nynorskkommunane er i sterkt fleirtal i den nye regionen, og det må vere reflektert i regionen sitt språkval, seier Sætre.

No håpar Oddny Miljeteig dei to nynorskpraktiserande fylkesordførarane set hardt mot hardt.

– Eg trur ikkje Hestetun og Jenny Følling kan gje seg på dette. Viss dette vert røyndom, er det den største kulturpolitiske skandalen eg kan hugsa.