Hopp til innhold

Her vert avtalen om det nye Vestlandet signert

FØRDE (NRK): Leiinga i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har vorte samde om gå saman til eit fylke. Etter to krevjande dagar med forhandlingar kunne dei i dag signere intensjonsavtalen.

signering av intensjonsavtalen

HISTORISK: etter fleire hundre år som eigne fylke har Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane byrja på samlinga

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi er med på noko historisk, det kjenner eg veldig på, sa fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun.

Saman med Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Solveig Ege Tengesdal i Rogaland har ho forhandla fram ein avtale som legg fram korleis det nye vestlandsfylket skal sjå ut.

Les også: Sogn og Fjordane har fått for mykje

– Det har vore utruleg krevjande dagar det her. Vi i Hordaland har heile vegen vore veldig oppteken av å klare å samle Vestlandet, og vi har strukke oss langt for å få det til. Så er nok ikkje alle like fornøgde med alt, men vi har i allefall klart å kome til ei semje, sa Hestetun.

Nøgde fylkesordførarar

NØGDE FYLKESORDFØRARAR: det har til tide vore ein intens stemning på Sunnfjord hotell i Førde, men etter at avtalen var i boks var dei tre fylkesordførarane tydeleg letta.

Foto: Aleksander Åsnes / Nrk

Tykkjer balansen er god

I forkant av framlegginga var det fleire representantar frå Rogaland som meinte at deira fylke hadde fått for lite, men Jenny Følling tykkjer avtalen syner ein god balanse mellom fylka.

– Det har vore vårt krav heile vegen at det må vere ein god balanse mellom dagens tre fylke. Det kravet har vi stått på gjennom forhandlingane, og det har vi fått innfridd.

Kart over vestlandsregionen

STORFYLKE: det nye fylket vil ha meir enn ein million menneske

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Funksjonar i alle fylka

Det nye storfylket vil ha viktige funksjonar spreidd utover dagens tre fylke. Sjølve senteret med den politiske leiinga og toppadministrasjonen skal liggje i Bergen. Stavanger får på si side leiinga knytt til dei viktige fagmiljøa rundt næring, opplæring, idrett og kollektivtransport.

Sogn og Fjordane har fått tildelt leiinga i utvala og avdelingane knytt til veg og kultur, samt at intensjonsavtalen sender signal om at den nye fylkesmannen skal liggje i fylket.

Eit av dei vanskelgaste spørsmåla i dagens forhandlingar var kor mykje pengar Sogn og Fjordane skal få lov til å halde utanfor overføringane til det nye storfylket. Fjordfylket sit nemleg på store verdiar knytt til naturressursar.

Les også: Forhandla til klokka tre i natt, no er dei samde.

Sogn og Fjordane får lov til å ta med seg 1,5 milliardar kroner i særeige inn i den nye regionen. I skissa til intensjonsavtale som var lagt fram tidlegare stod det 2 milliardar, så her har Sogn og Fjordane måtte gå ned noko.

– Vi har mykje til felles

Stemninga i gangane der forhandlingae har gått føre seg har til tider vore amper. I går kveld meinte fylkesordførar Anne Gine Hestetun frå Hordaland at forhandlingane umogleg kunne vare lenger enn til midnatt. Både Rogaland og Sogn og Fjordane stod likevel hardt på krava sine, og forhandlingane tok ikkje pause før klokka tre om natta.

Jenny Følling i korridorane

MYKJE OPP OG NED: stemninga i korridorane har til tider vore intens, og Jenny Følling innrømmer at det har vore mykje opp og ned

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er ingen tvil om at det har vore tøffe forhandlingar. Vi har lært mykje om kvarandre, og om forskjellane mellom oss. Samstundes vil eg understrekje kor mykje vi har til felles og, seier Jenny Følling.