Hopp til innhold

– Møre og Romsdal er for splitta til å halde fram aleine

Møre og Romsdal har inga framtid som eigen region, meiner tidlegare ordførar i Kristiansund, Dagfinn Ripnes frå Høgre.

Dagfinn Ripnes

Å halde på Møre og Romsdal som eige fylke har lite for seg, meiner tidlegare ordførar i Kristiansund, Dagfinn Ripnes frå Høgre.

Foto: Anne-Mari Flatset / nrk

I går underteikna Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein intensjonsavtale om å slå seg saman til ein stor Vestlandsregion. Også trøndelagsfylka har vedtatt å slå seg saman.

Å halde på Møre og Romsdal som eige fylke har lite for seg, meiner Ripnes som framleis er aktiv bystyrepolitikar.

– Vi blir alt for små med store regionar både nord og sør for oss. Difor meiner eg at vi bør orientere oss mot ein av dei større regionane. Eg trur vi vil få minimalt med statleg støtte, og etter kvart rotne på rot dersom vi blir sittande igjen i midten aleine, seier han.

For stor splitting

Regionkart

Slik kan det nye regionkartet sjå ut i framtida.

Ripnes trur også at det er for stor splitting i fylket til at ein kan stå aleine.

– Eg trur Sunnmøre vil ha eit problem med at heile vestlandsregionen går til Rogaland. Isolert sett trur eg sunnmøringane kunne tenke seg å slå seg saman med Romsdal og delar av Sogn og Fjordane.

– Molde er ein administrasjonsby og har ikkje lyst å bli ein utkant verken sør eller nordover, medan vi på Nordmøre har same karakter og kulturarv som trønderane og ønskjer oss til ein midtnorsk region, seier Ripnes.

Statlege tilskot

Ripnes trur Møre og Romsdal kan gå glipp av viktige statlege tilskot dersom ein held fram aleine.

– Vi veit at det kjem statleg støtte til dei store vekstkraftige regionane. Eg fryktar at vi blir sittande igjen å leike med smular.

Den tidlegare ordføraren trur også det blir vanskeleg å behalde Møre og Romsdal når dei andre fylka rundt om kring i landet slår seg saman til større og sterkare regionar.

– Då blir det ein vits å skulle halde på Møre og Romsdal. Ein må velje kva region ein ønskjer å halde til i framtida. Identiteten vår forsvinn ikkje sjølv om ein høyrer til ein annan region, men vi må høyre til ein region som gir vekstkraft, seier Ripnes.