Hopp til innhold

Greier ut splitting av «Noregs raraste kommune»

Flora og Vågsøy delte ikkje kommunegrense før dei slo seg saman til det fleire omtala som «Noregs raraste kommune». No skal splitting av Kinn kommune greiast ut.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik lyttar til lokalpolitikarane i Kinn og ber over påske Statsforvaltaren i Vestland om å greie ut oppløysing av storkommunen.

LYTTAR: Statsråd Sigbjørn Gjelsvik ber over påske Statsforvaltaren i Vestland om å greie ut oppløysing av storkommunen. – Så blir det til sjuande og sist opp til den vidare prosessen kva resultatet blir, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den vel to år gamle storkommunen på vestlandskysten fekk ein trå start, med nærast samanhengande krangel og krevjande økonomi.

I vinter søkte lokalpolitikarane i Kinn departementet om å få greie ut ei splitting.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) sat ikkje lenge i statsrådsstolen før han tok standpunkt i saka. Over påske får Statsforvaltaren i Vestland beskjed om å starte utgreiinga.

– Det er rett å etterkomme kommunen sitt ynskje ved å no gje oppdrag om å greie ut deling av kommunen, seier Gjelsvik.

Har ikkje bestemt seg

Kinn kommune

​​​​​​​SKILDE: At tidlegare Vågsøy og Flora kommune har ein kommune mellom seg, har medverka sterkt til at Kinn meir enn ein gong er kalla «Noregs raraste kommune».

Økonomien og det politiske klimaet i tidlegare Vågsøy og Flora kommunar har hardna til etter at Kinn kommune kom på kartet i 2020.

Misnøya var stor også før samanslåinga. Ei innbyggjarundersøking viste at vel ein av to var mot samanslåinga. Knappe ein av tre var positive.

Likevel vedtok kommunestyra samanslåing. Den velsigna Stortinget i 2017.

Like før jul opna Høgre, som har vore garantist for kommunen, dørene for både folkerøysting og omkamp. Seinare har Statsforvaltaren i Vestland gjort klart at ei splitting vil koste meir enn samanslåinga.

Har ikkje bestemt seg

Geografi er blant argumenta Kinn kommune trekte fram då dei sende departementet søknad om å greie ut ei deling. Strukturen blir ikkje vurdert som optimal for framtida, med ulik kultur og usemje om viktige saker.

Det er også lange reiseavstandar. Det tek vel to timar i bil mellom administrasjonssentera Måløy og Florø.

– Eg trur alle som har sett på geografien, ser at det er ein noko snodig konstruksjon, seier Gjelsvik.

Lokalpolitikarane håpar ei utgreiing gir svar på framtida til kommunen. Delingsspørsmålet tek dei først stilling til etter utgreiinga. Konkludert har heller ikkje departementet.

– Det er viktig å få framdrift i prosessen. Det som er viktig er at statsforvaltaren over påske får oppdraget med å setje i gang utgreiingsarbeidet og har dialog med kommunen i den vidare prosessen, seier Gjelsvik.

Viktig grunnlag

Partikollega Nils Myklebust i Måløy ser fram til utgreiinga, men tykkjer oppdraget kjem seint frå departementet. Kommunen fatta vedtaket 10. februar.

Myklebust meiner det er viktig å få eit skikkeleg grunnlag, før ein gjennomfører ei folkeavrøysting.

– Og då er det viktig å respektere resultatet av folkerøystinga, og ikkje byrje å tolke den. Ikkje synse om kva dei som ikkje røysta, eigentleg meiner, seier han.