Hopp til innhold

Spår at bensinprisen bikkar 40 kroner til sommaren

Fleire har fått prissjokk ved pumpene dei siste dagane. Analytikarar spår at drivstoffprisane kan doble seg.

Bensinstasjon

40-TALET: – I verste fall kan vi risikere 40 kroner til sommaren, seier sjefsanalytikar i Rystad Energi, Per Magnus Nysveen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Aldri før har det kosta meir å fylle tanken med diesel eller bensin i Noreg. Og vi har berre sett byrjinga, seier ekspertar.

– I verste fall kan vi risikere 40 kroner til sommaren, seier sjefsanalytikar i Rystad Energi, Per Magnus Nysveen.

Same spådom kjem frå regionsjef i Noregs Lastebileier-Forbund, Reidar Retterholt.

– Eg blir ikkje overraska over prisar på mellom 30 til 40 kroner, seier han.

Professor Øystein Foros ved Noregs handelshøgskole har spådd prisar over 30 kroner literen.

Shell

MOGELEG: – Prisane er altfor høge. Vi har hatt ei auke vi aldri hadde trudd var mogeleg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Foto: Anders Fehn / NRK

Politisk ubehageleg for regjeringa

På denne tida i fjor sa parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, at det ikkje var aktuelt å sitje i ei regjering som aukar bensinprisen til 20 kroner.

– Ein slik bensinpris vil øydeleggje heile legitimiteten til klimapolitikken ute i det norske folk, forklarte ho.

Varsla om ein pumpepris på 40 kroner er difor politisk ubehageleg for Senterpartiet, og i går varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at regjeringa vil sjå på tiltak for å lette på «vanlege folk» sine utgifter til drivstoff.

I utgangspunktet skal ikkje desse avgiftene opp til debatt før revidert statsbudsjett i mai, men om prisane held fram med å auke vil finansministeren gjere grep innan det.

– Prisane er altfor høge. Vi har hatt ei auke vi aldri hadde trudd var mogeleg, seier han.

Det er transportpolitisk talsperson i Sp, Ole André Myhrvold, glad for.

Dette går ut over folk og næring i heile landet, særleg folk i distrikta som er avhengige av bilen for å få kvardagen og liva sine til å gå opp. Eg er også bekymra for folk si psykiske helse. Folk som på grunn av pandemien har vore isolerte over lengre tid risikerer no ytterlegare isolasjon.

Auka CO₂-avgiftene

I Hurdalsplattformen, som Ap og Sp vart samde om etter valet, varslar regjeringa at dei vil «redusere avgifter som rammer folk flest, som for eksempel elavgift og drivstoffavgifter

I statsbudsjettet for 2022 valde Støre-regjeringa å halde fram med Solberg-regjeringa sitt forslag om å auke CO₂-avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp med 28 prosent.

Bakgrunnen er klimameldinga, som legg opp til at CO₂-avgifta skal opp frå dagens 766,- kroner per tonn til 2000,- kroner per tonn i 2030.

I tillegg er prisen på drivstoff bestemd av moms og veibruksavgiften. For svovelfri bensin er denne i dag 4,95 kroner. For diesel er satsen 3,52 kroner per liter.

Noregs Lastebileierforbund har tatt til orde for å fjerne denne som eit strakstiltak.

– Å fjerne veibruksavgiften vil ha stor effekt, seier administrerande direktør i forbundet, Geir A. Mo.

Han vil også at det vert innført ein refusjonsordning, og at CO₂-avgiftene vert vurdert på ny.

– Dette rammer vanlege folk som er avhengige av bil i kvardagen. No må styresmaktene ta grep før prisgaloppen kjem heilt ut av kontroll, seier Camilla Ryste, som er kommunikasjonssjef i NAF.

Pumpepriser

AUKA AVGIFT: I statsbudsjettet for 2022 valde Støre-regjeringa å halde fram med Solberg-regjeringa sitt forslag om å auke CO₂-avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp med 28 prosent.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Boikottar russisk olje

Avgjerande for pumpeprisen er også prisen på råolje. Etter at Russland invaderte Ukraina, og etter at USA bestemt seg for å boikotte russisk olje, har oljeprisen skote i vêret.

Det kjem i sin tur den norske statskassa til gode. Nye berekningar viser at inntektene frå den norske petroleumsverksemda kan bli seks gonger så høge som budsjettert.

I eit representantforslag til Stortinget føreslår Frp å fjerne CO₂-avgifta og veibruksavgiften på bensin og diesel.

Samfunnet vil stoppe opp om det ikkje kjem kraftfulle tiltak frå regjeringa, seier Terje Halleland, som er energipolitisk talsperson i Frp.

Han legg til:

Det spesielle i situasjonen er at staten samtidig har enorme inntekter frå den same krisa. Ein slik ekstra ordinær situasjon treng ekstraordinære tiltak som skaper føreseielegheit.

Ove Trellevik er energipolitisk talsperson i Høgre:

For oss er det viktig å sikre innbyggjarane kjøpekrafta og næringslivet konkurransekraft over tid. Vi forventar at regjeringa også følger utviklinga og kjem med tiltak dersom situasjonen skulle tilseie det, seier han.

– Vi må bli mindre fossile

I miljørørsla er signala om å kutte i drivstoffavgiftene mindre populære:

Trass høge drivstoffprisar, er det viktig at regjeringa ikkje kuttar i CO₂-avgifta. Det er eit kraftfullt klimatiltak, og krigen i Ukraina viser kor sårbare vi er når vi gjer oss avhengig av fossile ressursar. Denne avhengigheita må vi ut av, seier Sigrun Gjerløw Aasland som er leiar i miljøstiftinga Zero.

Arild Hermstad er nestleiar i MDG:

– Å dempe avgiftene vil utsette endringane som må komme. Vi må bli mindre fossile.

OSLO 20150602.Fra Shell bensinstasjon. Om å fylle diesel eller bensin på tanken. Foto: Berit Roald / NTB scanpix OSLO 20150602.

IKKJE KUTT: – Trass i høge drivstoffprisar, er det viktig at regjeringa ikkje kuttar i CO₂-avgifta, seier Sigrun Gjerløw Aasland, leiar i miljøstiftinga Zero.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix