Hopp til innhold

Tøffare og tøffare å drive bensinstasjon

På 22 år har halvparten av Noregs bemanna bensinstasjonar blitt lagde ned. Men bransjen avviser at elbilane har skulda.

Nedlagt Shell-stasjon i Ølen, Vindafjord

Ølen Bensin og Storkiosk stengde dørene i slutten av juni 2023.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

I sommar stengde Ølen Bensin og Storkiosk i Vindafjord kommune dørene. Den bemanna bensinstasjonen blei gjort om til ein automatstasjon.

– Vi har stått på for å få resultat. Men med auka kostnader og ei omsetning som ikkje var stor nok, måtte vi ta det valet. Veldig trist, særleg i forhold til dei tilsette som har vore med oss i opptil 20 år, fortel eigar og driv Anne Lise Sjurseike.

Anne Lise Sjurseike, daglig leder Knapphus Bensinstasjon AS

Dagleg leier Anne Lise Sjurseike i Knapphus bensinstasjon AS synest det er trist at ho måtte legge ned den bemanna bensinstasjonen i Ølen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Sjurseike er ikkje åleine. Tal frå bransjeorganisasjonen Drivkraft Norge viser at talet på bemanna bensinstasjonar er halverte, frå 2000 i 1999 til 1000 i 2021.

Organisasjonen har førebels ikkje oppdaterte tal for 2022.

Samtidig har talet på automatstasjonar auka med 500 i same periode, til 713. For dei store kjedene og eigarane av bensinstasjonane handlar det om å finne ut kva driftsform som lønner seg.

– Kvar er det levedyktig og lønnsamt å ha ein betent stasjon, kontra det å ha ubemanna stasjonar, forklarer fagsjef Kjartan Berland i Drivkraft Norge.

Meiner lading er løysinga, ikkje problemet

Sjølv om Sjurseike måtte legge ned stasjonen i Ølen, driv ho Knapphus Bensinstasjon vidare. Med stor tru på framtida.

– Når marginane våre går ned, må volumet opp. Derfor må vi vere klare for å fornye oss og investere. Lese marknaden og forstå kva kunden vil ha. Å ha lading for elbilar er viktig for å få kundane inn til oss, seier Sjurseike.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser ein jamn nedgang i salet av bensin og diesel dei siste åra. Samtidig har salet av elbilar tatt av.

Drivkraft Noreg avviser at salet av elbilar og andre elkøyretøy er ein trussel for dei bemanna bensinstasjonane.

– På ein stasjon er det naturleg å ha eit breitt utval av el-lading, bensin, diesel, hydrogen og syntetisk drivstoff. Lading er ein naturleg del å tilby, så dette er ingen trussel, seier Berland.

Fagsjef Kjartan Berland i Drivkraft Norge

Fagsjef Kjartan Berland i Drivkraft Norge meiner elbilane ikkje utgjer nokon trussel for bensinstasjonane.

Foto: Moment Studio

Plassering er viktig

I tillegg til lading, meiner Anne Lise Sjurseike at plasseringa av bensinstasjonen er viktig. Knapphus Bensinstasjon ligg i eit viktig vegkryss langs E 134, og det gjer Sjurseike til optimist.

– I Danmark har det lenge vore ei utvikling at dei bemanna stasjonane i byane blir lagde ned, medan dei store bensinstasjonane ligg langs hovudårene i landet. Denne trenden kjem nok hit til oss òg, spår ho.

Knapphus bensinstasjon

Store bensinstasjonar langs dei viktige ferdselsårene, slik som Knapphus Bensinstasjon, vil bestå i framtida, meiner Anne Lise Sjurseike.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

For nokre lokalsamfunn vil dermed dei bemanna bensinstasjonane truleg forsvinne, og bli erstatta av automatstasjonar.

– Det er kombinasjonsløysingar ein må sjå på her. Det å kunne forsyne drivstoff ute i heile den norske marknaden, samtidig som ein finn gode løysingar både for lokalsamfunn, forbrukarane og bransjen, seier Kjartan Berland.