Hopp til innhold

Senterpartiet sa dei ikkje ville sitje i regjering med slike prisar – no unnlet Vedum å svare

Senterpartiet ville ikkje styre landet om bensinprisen passerte 20 kroner. No svarar ikkje partileiaren på spørsmålet.

bensinpriser Tromsø

ULTIMATUM? Med så høge pensinprisar ville ikkje Senterpartiet sitje i regjering. I dag let Sp-leiaren vere å svare på om dei vil likevel.

Foto: Rune Norgård Andreassen

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

På denne tida i fjor sa parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, at det ikkje var aktuelt å sitje i ei regjering som aukar bensinprisen til 20 kroner.

Ein slik bensinpris vil øydeleggje heile legitimiteten til klimapolitikken ute i det norske folk, sa ho til VG.

Sidan har pumpeprisen på bensin bikka både 20 og 21 kroner fleire stader i landet. Arnstad har risikert å få sitt eige «36,9» (Jaglands famøse ultimatum) i fanget.

Ved flere høve har ho bede om å få nyansere det ho sa.

Det var ein diskusjon om politikk. Det som gjer at prisane aukar i dag er først og fremst marknaden. Det er vanskeleg å få gjort noko med politisk, sa ho til NRK i november.

– Jo, politikarane kan kutte drivstoffavgiftene, sa samfunnsøkonom Theis Theisen.

Statistisk sentralbyrås statistikk for sal av petroleumsprodukt viser at pumpeprisen på bensin steig frå 13,56 kroner per liter i november 2020 til 17,65 kroner per liter i november 2021.

Marit Arnstad (Sp) på vei inn til statusmøte om budsjettforhandlingene 22.11.2021.

ARNSTAD: Sp-toppen kom med eit pris-ultimatum før valet. Ho har sidan nyansert fråsegna.

Foto: Mats Rønning / NRK

Rekordhøg oljepris

Bensinprisane skuldast fleire ting. For det første har oljeprisen vore meir enn 80 dollar fatet i nesten heile januar.

Tysdag melde NRK at oljeprisen er høgare enn den har vore på sju år.

Vidare vert produktprisane på drivstoff notert i dollar. Den svake kronekursen bidrar slik til høgare drivstoffprisar målt i kroner.

I tillegg er drivstoffavgiftene høgare enn i fjor.

NRK sine utrekningar viser at avgiftene på ei gjennomsnittleg dieselblanding auka med 0,13 kroner per liter frå 2021 til 2022.

Medan avgiftene på ei gjennomsnittleg bensinblanding gjekk opp med 0,12 kroner per liter (sjå faktaboks).

I statsbudsjettet for 2022 valde Støre-regjeringa å halde fram med Solberg-regjeringa sitt forslag om å auke CO₂-avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp med 28 prosent.

Klimameldinga legg opp til at CO₂-avgifta skal opp frå dagens 766,- kroner per tonn til 2000,- kroner per tonn i 2030.

Ikkje ein garanti likevel?

I eit skriftleg spørsmål til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) spør stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp) om Senterpartiet vil ta følgjene av Arnstad sitt «ultimatum».

Med referanse til bensinprisane, og at regjeringa auka bensinavgiftene i 2022-budsjettet, spør han:

Vil finansministeren ta initiativ til å ta Senterpartiet ut av regjering, eller var garantien frå Arnstad ikkje ein garanti likevel?

Roy Steffensen (Frp)

ER NOK NOK? – Vil finansministeren vil ta initiativ til å ta Senterpartiet ut av regjering, spør Roy Steffensen (Frp).

Foto: Frp

I svaret sitt erkjenner Trygve Slagsvold Vedum at bensinprisen er høg, men at dette «først og fremst skuldast marknadsforhold», ikkje dei politisk bestemte drivstoffavgiftene.

«Endringar i avgiftene kan i lita grad forklare det siste årets prisauke på bensin,» skriv han.

Vidare viser Vedum til at lågare ferjetakstar og redusert trafikkforsikringsavgift, samt auka reisefrådrag, kjem bilistane til gode.

Han legg til:

«Eg vil oppfordre bilistane til å vere merksame på lokale prisvariasjonar og bruke forbrukarmakta si ved å vere prisbevisste når dei kjøper drivstoff.»

Sp-leiaren svarar ikkje på om 20-talet gjer at han vil ta initiativ til å forlate regjeringa.

Vedum tar hånden på hjertet når han svarer: – JA

HANDA PÅ HJARTET: Vedum er samd i at pumpeprisane er høge, men er stolt av kva regjeringa har gjort.

Foto: NRK

Roy Steffensen er ikkje nøgd med svaret:

Det er ikkje noko nytt at Vedum svarer på noko anna enn det han får spørsmål om. Det har han blitt veldig flink til dei siste 100 dagane.

Han trur auken i bensinavgift «berre er ein forsmak på kva som ville kome».

Sp foreslo å auke avgifta alt før dei forhandla med SV, så det er grunn til å frykte at avgifta vil gå ytterlegare opp i åra som kjem når SV byrjar å sette makt bak krava.