Hopp til innhold

Actionhelten Tom Cruise kjem truleg til Sogn

Spektakulær natur ved Sognefjorden kan bli kulissane i «Mission Impossible 8».

Tom Cruise filminnspilling Mission Impossible 7.

TILBAKE: Tom Cruise kjem etter alt å døme tilbake til Noreg i haust. Her frå innspelinga i Rauma.

Foto: Geir Olsen / NTB

Det er Sogn Avis som har vore først ute med å avsløre at den verdskjende actionhelten mest truleg kjem til Noreg igjen.

TV2 melde det same tidlegare i dag. Kanalen har leita i dokumenta og funne ut at produksjons- og tryggleiksansvarleg i filmeselskapet, Matthew Spooner, har fått unntak frå innreiserestriksjonane for å gjere førearbeid til filminnspelinga.

Nettstaden skriv at innspelinga etter planen skal starte i september i år.

Ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal, stadfestar overfor TV 2 og NRK at det har vore dialog mellom kommunen og dei som står bak filminnspelinga.

– Eg veit det har vore kontakt mellom filmprodusentar og Aurland kommune om løyve for helikopterlandingar, seier Skjerdal til NRK.

Han er glad dei er interesserte i Aurland som eit alternativ.

NRK har tidlegare skrive at den nye «Mission Impossible 8»-filmen «Scorpio» har fått millionstøtte av Norsk filminstitutt for innspeling i Noreg.

Nærøyfjorden

NÆRØYFJORDEN: Sognefjorden blir truleg scena i ny Tom Cruise-innspeling.

Foto: MereteHusmo Høidal / NRK

Måtte flytte sauene

Ifølgje TV 2 er det ikkje berre Aurland som er aktuell for innspeling av actionfilmen. Også lenger ute i Sognefjorden førebur dei seg på storfint besøk.

Kviknes hotell i Balestrand er nemleg fullbooka frå september og til midten av desember. Det einaste hotelldirektør Sigurd Kvikne kan seie til TV 2 er at dei har fått inn ei veldig stor bestilling.

Avisa skriv også om ein grunneigar som av omsyn til sauene som beitar i området, var skeptisk til den planlagde helikopterflyginga.

Dei skal no ha kome til einigheit og sauene blir flytta slik at Tom Cruise berre kan koma.

Vore i Noreg før

Cruise var i Noreg under innspeling av «Mission Impossible 7» i fjor haust.

– Eg elskar landet dykkar. Det er så vakkert, sa Tom Cruise til kulturminister Abid Raja då dei møtte kvarandre Åndalsnes i Rauma.

Norske bedrifter tenar godt på at store Hollywood-filmar kjem til Noreg, og NRK har tidlegare skreve at «Mission: Impossible»-innspeling legg att 200 millionar kroner i Noreg.

Han var også på Preikestolen i Rogaland for innspeling av «Mission Impossible 6».

Esai Morales og Tom Cruise på et tog på Marstein i Romsdalen. Trente kampscener her.

TOG: Esai Morales og Tom Cruise på eit tog på Marstein i Romsdalen, der dei trente kampscener.

Foto: Arnt Morten Olsen