Hopp til innhold

Snart er kinesarane dei nye tyskarane

Talet på turistar frå Kina har tredobla seg på berre to år. Om få år har kinesarane passert både britane og tyskarane som dei største noregsvenane.

Turist

IMPONERT: – Norge er utruleg vakkert, så difor ville eg reise hit, seier Koo frå Kina. Ho er ein av mange kinesarar som har funne vegen til Vestlandet i år.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

– Dei siste to til tre åra har det kome fleire turistar frå Kina, men i år tek det verkeleg av, seier Kristian Jørgensen i Fjord Norway.

Tal frå paraplyorganisasjonen for reiselivet viser at turismen frå Kina er den viktigaste årsaka til at dette er tidenes turistår på Vestlandet.

– Berre frå Kina har me nesten ei dobling på sommarstid. Held denne utviklinga fram vil det kinesiske marknaden vera den største marknaden, og gå forbi Tyskland i løpet av to til tre år.

Norge har mykje av det kinesarar ønsker. Vestlandet er for dei eit mekka.

Kina-ekspert Hans Jørgen Gåsemyr

Peikar på velstandsauke

Kinesarar vil gjerne ha frisk luft og norsk natur. I år står dei for over 140.000 overnattingar på Vestlandet. No kjem turistar frå India og Indonesia også.

Turismen til vesten frå Kina har i fleire år auka kraftig. Ikkje berre til Noreg, fortel Kina-ekspert Hans Jørgen Gåsemyr.

– Norge har mykje av det kinesarar ønsker. Vestlandet er for dei eit mekka, med storslått natur og fjordar. Det er svært eksotisk for dei.

Hans Jørgen Gåsemyr

Forskar ved institutt for samanliknande politikk på Universitetet i Bergen, Hans Jørgen Gåsemyr.

Foto: Anne Sidsel Herdlevær

Han trekk fram velstandsauken i Asia som hovudgrunnen til at fleire kjem.

– Fleire kinesarar har no meir pengar til å reisa enn tidlegare.

Gåsemyr peikar på at også for myndigheitene i Kina er turisme blitt svært viktig.

– Både Storbritannia, Frankrike og USA har gjort det lettare å få turistvisum for kinesarar, seier Gåsemyr.

Er masseturisme vegen?

Jørgensen meiner ein også må tenka på dei negative sidene turist-boomen kan ha.

– Då er spørsmålet om me ønsker flest mogleg eller best mogleg. Er det lønsemd me vil ha fokus på, og kundar som legg att så mykje pengar som mogleg? Eller er det mengda som er viktig for oss?

– Her må me ta inn over oss berekraft, og kva regionen vår toler. Dette er diskusjonar som mange i reiselivet har no, seier Jørgensen.

Christian Jørgensen

VIL STYRA TURISTSTRAUMEN: Kristian Jørgensen er direktør i Fjord Norway. Han fortel at turistnæringa ikkje berre ser positivt på masseturismen frå Kina.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Fjord Norway er ein paraplyorganisasjon for reiselivsbedrifter på Vestlandet. Dei lagar no ei strategi for korleis dei skal styra turiststraumen.

– Det handlar om å kommunisera. Me må marknadsføra vestlandet som ein stad der ein ikkje berre reiser raskt igjennom, men ein stad ein faktisk kan bli ei stund. Me vil gå meir mot individuelt reisande framfor gruppereiser.

– Skal Noreg bli eit reisemål for dei rike?

– Nei, me ønsker at Norge skal bli eit reisemål for dei som er opptekne av dei verdiane me står for. Masseturismen trur eg ikkje er noko me nødvendigvis skal for å vinna.

Kronekursen gjør at flere vil feriere i Norge.

LUKSUS: Sjå NRK sin reportasje frå i sommar, om korleis turistane jaktar luksus i Noreg.