Hopp til innhold

Smilet tilbake etter årevis med bråk i Bergen Frp: – Vi har ikkje fått noko gratis

Etter det store nederlaget i lokalvalet, har Frp meir enn dobla seg i Bergen. Valforskar meiner svaret ligg nasjonalt, og ikkje lokalt.

Marte Monstad i Bergen Frp

SOLA SKIN: Dagen etter stortingsvalet jublar Marte Monstad i Bergen Frp over framgangen lokalt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Dei siste åra har vore alt anna enn ein dans på roser for det som var eit av Framstegspartiet sine aller største lokallag.

Og det har Bergen Frp i stor grad skulda i sjølve.

Årevis med bråk, interne konfliktar og strid om posisjonar skapte nasjonale overskrifter og gjorde at dei nærast vart utradert frå det politiske kartet i Noregs nest største by.

Doblar seg

No er kanskje eitt lys i tunnelen tent.

Sjølv om Frp går ned i Bergen frå førre stortingsval, doblar dei seg samanlikna med det elendige resultatet i kommunevalet i 2019.

Dei får 8101 fleire stemmer, og går frå 4,7 prosent til 9,4 prosent oppslutnad hjå bergensarane.

– Det er over dobbelt så mange som har stemt på oss, samanlikna med sist. Det er kjempestilig og det gir meg stor motivasjon til å jobbe vidare, seier Marte Monstad.

Marte Monstad Bergen Frp

ÅLEINE: Marte Monstad er einaste Frp-representant i Bergen bystyre, etter at dei to øvrige vart kasta ut av partiet i fjor.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Brukte dobbeltstemme på seg sjølv

27-åringen er Frp sin einaste representant i bystyret i Bergen. Dei to andre vart kasta ut av partiet for nesten nøyaktig eitt år sidan.

Og året før, i 2019, vart Bergen Frp lagt ned av sentralstyret. Det skjedde etter fleire bitre stridar internt, der nettopp Monstad spelte ei sentral rolle.

Først vart ho gruppeleiar for Frp i bystyret ved fantasifull bruk av stemmerett og loddtrekning. Så sikra ho seg eit betalt verv ved å bruke gruppeleiar-stillinga til å dobbeltstemme på seg sjølv.

– Eg skal ikkje legga skjul på at det har vore tøft. Men min motivasjon er at eg brenn for politikken. Og Bergen Frp er ikkje daudt, langt frå. Vi har berre byrja på kampen om å gjere Bergen blått att i 2023, seier Monstad.

Tor Arnold Woldseth

KASTA UT: Tor Woldseth vart ekskludert frå Bergen Frp hausten 2020.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Vanskeleg å samanlikna

Seniorforskar Åsta Dyrnes Nordø ved Norce tykkjer det er vanskeleg å gi æra for veljarauken til Bergen Frp. Ho meiner svaret ligg nasjonalt, og ikkje lokalt.

– Det har eigentleg vore ganske stille frå Frp i Bergen i denne valkampen. Men nasjonalt har dei stått støtt på framleis olje- og gassproduksjon og vidare utvikling av industrien. Der dei andre partia har bydd over kvarandre med tanke på klimapolitikk har Frp vore meir opptekne av å trygge oljearbeidaren, seier Nordø.

Ho påpeikar at Frp likevel gjer det dårlegare i Bergen enn i Hordaland elles.

Partioppslutning: Bergen

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning
Marte Monstad, Bergen Frp, og Trym Aafløy, Bergen FNB

I BYSTYRET: Marte Monstad saman med bompenge-general Trym Aafløy. Sistnemnde er no uavhengig representant etter å ha meld seg ut av FNB.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

24.000 veljarar forsvann frå FNB

Ein anna forklaring kan også vere den enorme veljarflukta frå protestpartiet Folkeaksjonen nei til mer bompenger.

I Bergen var det over 25.000 bergensarar som stemte på partiet ved kommunevalet i 2019. FNB-leiinga slo seg på brystet og neste steg var Stortinget.

Då stemmene var talde opp i Bergen natt til tysdag, hadde 264 bergensarar stemd på FNB. Monstad avviser at Frp har fått masse veljarar gratis.

– Ein får ikkje noko gratis og ein må jobbe beinhardt for veljarane, seier Monstad.

Målet hennar no er å ikkje bli einsam Frp-ar i Bergen bystyre etter kommunevalet i 2023.