Frp ekskluderer to av tre bystyremedlemmar – tidlegare varaordførar kasta ut

Tidlegare varaordførar Tor Woldseth og Thomas Flesland er ekskluderte frå Framstegspartiet, skriv BA.

Tor Arnold Woldseth

SPARKA UT: Byrådsleiarkandidat før valet og tidlegare varaordførar Tor Woldseth er sparka ut av partiet.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Etter lang tid med bråk i det nedlagde lokallaget i Bergen, er dei to representantane ekskluderte frå partiet.

Det same er andrevara Kjartan Moi Andreassen og «Nok er nok»-general Willy Padøy.

På si eiga oversikt over bystyrerepresentantar i Bergen er både Woldseth, Flesland og Andreassen fjerna på partiet si nettside.

Bergensavisen har snakka med bystyredirektør Roar Kristiansen, som har kalla inn dei to som uavhengige representantar til onsdagens bystyremøte.

Skulda for mobbing og forsøkt avsett

Samtlege skal etter det NRK kjenner til ha fått brevet i starten av førre veke. Vestland FrP fatta vedtak om ekskludering 31. august.

Samarbeidet mellom gruppeleiar Marte Monstad og dei no ekskluderte bystyrepresentantane har vore dårleg lenge. Monstad er sambuar med leiar i Bergen Frp, Christoffer Thomsen, som også har vore i open konflikt med blant andre Woldseth.

Før valet i fjor forsøkte Thomsen å ta frå mangeårig Frp-topp Woldseth vervet som gruppeleiar.

Bakgrunnen var eit mistillitsforslag, etter at medlemmer i partiet i lengre tid hadde opplevd ein «nedsetjande tone» og «mobbing» frå den tidlegare varaordføraren.

I februar i fjor kulminerte misnøya med Woldseth i at eit fleirtal i bystyregruppa ville ha han fjerna.

Utfallet av eit to timar langt krisemøte, der generalsekretæren i FrP hadde reist over frå Oslo, var likevel at Woldseth skulle halda fram.

Christoffer Thomsen og Marte Monstad

MAKTPAR: Leiar Christoffer Thomsen i Bergen Frp brukte si dobbelstemme for å sikra at sambuar Marte Monstad blei ny gruppeleiar for FrP i bystyret. I desember i fjor blei lokallaget lagt ned og lagt inn under fylkeslaget i Vestland FrP.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Andrevara og valkampdonor også vraka

Woldseth blei forsøkt vraka som byrådsleiarkandidat før valet i fjor, men lista til valkomiteen blei snudd opp ned på årsmøtet.

Men då dei tre innvalde representantane skulle velja gruppeleiar etter valet i fjor haust, blei leiar Thomsen si dobbeltstemma avgjerande for at det var sambuar Monstad som overtok vervet.

Sidan har samarbeidet i bystyregruppa vore svært dårleg.

Woldseth vil ikkje kommentera saka tysdag.

– Me har ikkje nokon kommentar til saka før dette er ankebehandla i sentralstyret, seier Tor Woldseth til NRK.

Han aktar å stilla i bystyret onsdag, og seier:

– Me er jo folkevalde!

Også Thomas Flesland understrekar overfor NRK at han aktar å anka vedtaket.

– Utover det kan eg ikkje kommentera meir på noverande tidspunkt, skriv han i ei tekstmelding.

Også andrevara Kjartan Moi Andreassen har motteke brev om ekskludering. Heller ikkje han ønskjer å kommentera saka før ho er ankebehandla.

Gustav Bahus og Terje Søviknes

TOK OVER: Vestland Frp med leiar Gustav Bahus (t.v.) tok over styringa av Bergen Frp i desember i fjor. Til høgre sentralstyremedlem Terje Søviknes, som deltok på fleire møter i samband med bråket i lokallaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Dei har ikkje vore lojale

Gruppeleiar Marte Monstad viser til fylkesleiar Gustav Bahus for kommentar. I praksis er det Bahus som styrer lokallaget i Bergen, sidan det blei bestemt nedlagt i fjor haust.

- Det er alltid trist når vi må fatte vedtak der vi tek frå medlemskapet frå partifeller, seier Bahus til NRK tysdag ettermiddag.

På spørsmål om kvifor politikarane er kasta ut av partiet, viser Bahus til alle medieoppslaga om bråk i Bergen Frp det siste året.

- Vi har klare retningslinjer som alle medlemmar pliktar å følje og alle medlemmar må vera lojale til vedtak fatta i partiets organ, seier Bahus, før han blir meir konkret:

- Dei har ikkje vore lojale til vedtak fatta i sentralstyret. Mellom anna vedtaket om å mellombels legga ned det lokale partikontoret. Då må medlemmane forholde seg lojalt til det, men så har ein ikkje akseptert dei organisatoriske vedtaka, seier Bahus.

– Så dei fire medlemmane er illojale?

- I dei sakene er dei nok det, ja, svarar Bahus.

Han manar no til ro i organisasjon. Bahus meiner Bergen Frp kan gjenoppstå.

- Det er jo litt av bakgrunnen for dette her. Skal vi klare det, må det vera ro i organisasjonen, slik at vi kan reetablere eit sterkt lokallag i Noregs nest største by.

NRK har bede partileiar Siv Jensen kommentera ekskluderinga av to av tre bystyrerepresentantar i Bergen.

Jensen sin pressekontakt og rågjevar Karine Skaret viser i ei tekstmelding til Bahus for kommentar.

Først når sentralstyret i FrP har hatt den varsla ankesaka frå Woldseth og Flesland til handsaming kan partileiaren kommentera saka.

– Sentralstyret i FrP er eventuell ankeinstans i slike saker og Siv kan dermed ikkje kommentera saka, opplyser Skaret.

Tor Woldseth, Willy Padøy og Tomas Moltu foran gravstein mot bompenger

NOK ER NOK: Tor Woldseth (nummer to frå venstre) og Willy Padøy (nummer tre frå venstre) er blant dei fire eklsuderte FrP-medlemmene.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK