Hopp til innhold

Slår alarm om situasjonen i klasserommet: «Det kokar i lærarstanden»

«Kaotisk og uversiktleg», lærarar som kan forsvinne frå klasserom og eit gryande opprør. Fylke som er slått saman gjer at vidaregåande skular må kutte i pengebruken.

Lærar Inger Ane Svardal og ....

FÆRRE ANKER: Kontaktlærarane er ofte «ankeret» til elevane, fortel lærar og tillitsvald Inger Ane Svardal ved Flora vidaregåande skule. No kan det bli færre av dei. Svært uheldig, meiner tredjeklassingen Marthe Nesbø.

Foto: Bård Siem / NRK

«Det kokar i lærarstanden rundt om i skulane våre», skriv tillitsvalde ved alle vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.

Brevet er del av eit «lærar-opprør» som kjem etter at hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland varslar at dei vil «harmonisere» utgiftsnivået til skuleelevane i det nye fylket.

Oppropet er sendt til alle fylkespolitikarane i Vestland, som har ansvar for dei vidaregåande skulane.

Vestland var skipa 1. januar 2020, som del av den store regionreforma som reduserte talet på fylkeskommunar frå 19 til 11.

No skapar samanslåinga konsekvensar for vidaregåande skuler her og fleire andre stadar i landet.

Må ha same budsjett

I praksis betyr det at skulane i gamle Sogn og Fjordane må tilpasse seg same budsjettmodell som Hordaland. Det blir ikkje lenger blir øyremerka midlar til miljøkoordinatorar, e-pedagogar og to kontaktlærarar per klasse.

– Kontaktlærarane er «ankeret» til elevane. Mange vil lide dersom vi går frå to til ein kontaktlærar per klasse, seier Inger Ane Svardal.

Ho er tillitsvald ved Flora vidaregåande skule i Kinn kommune, og blant dei som har skrive under på brevet.

Marthe Nesbø går i tredje klasse ved same skule.

– Spesielt for dei som står i sårbare situasjonar og treng tettare oppfølging vil det vere krise med berre ein kontaktlærar på 30 elevar, seier ho.

Sogn og Fjordane og Hordaland
Foto: NRK

Elevar som kostar meir

Ein skuleelev kostar nemleg ikkje det same over heile landet.

I 2019 kosta kvar elevplass i Sogn og Fjordane om lag 18.000 kroner meir enn tilsvarande plass i Hordaland. 100.255,- mot 82.557,- kroner.

I 2020 var differansen nede i cirka 15.000,- kroner. Og mindre skal han bli.

– Kaotisk og uoversiktleg

Også i Troms og Finnmark skaper fylkessamanslåinga utfordringar for dei vidaregåande skulane.

– Her jobbar vi med samanslåing og oppsplitting på same tid. Situasjonen er kaotisk og uoversiktleg, seier leiar for Utdanningsforbundet i Troms og Finnmark, Thomas Nordgård.

Politikarane i den nye koalisjonen har vedteke å splitte opp fylket, og i tilfelle regjeringsskifte har dei raudgrøne lova at dei ikkje vil stille seg i vegen for det.

– Situasjonen gjer det umogleg å planlegge skuledrifta, seier Norgård.

LES OGSÅ: Sp-strid om Vestland fylke bør løysast opp

– Kjempestore oppgåver

I Viken, som består av frå Østfold, Akershus og Buskerud, er 42.000 elevar fordelt på 75 vidaregåande skular.

Politisk sett har storfylket vore ein skjør konstruksjon, og omkampar er varsla.

Hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Viken, Johannes Bjørset Aagaard, vil helst ikkje tenke på kva ein oppsplitting kan bety.

– Då har vi igjen kjempestore oppgåver føre oss, men vi må rette oss etter politiske vedtak, seier han.

Åsmund Bertelsen (SV) er fungerande leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland. Han forstår frustrasjonen bak «læraropprøret», men seier kutta er nødvendige innanfor dei rammene som gjeld.

– Dei økonomiske rammene er dessverre reduserte, og då må det bli kutt, seier han.

Nye regionnavn

– Vil få om lag like store overføringar

– Det er forståeleg at eit nytt budsjetteringssystem skaper uro, seier fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland, Bjørn Lyngedal.

Han seier «mange av dei øyremerka postane er ikkje lenger så synlege», men presiserer at det er opp til rektorane å avgjere tilbodet ved dei ulike skulane. Han legg til:

– Eg forstår at endringane gir otte, men skulane i Sogn og Fjordane vil få om lag like store overføringar som i dag.

Attende i Florø er tillitsvald Inger Ane Svardal ikkje roa.

– Det er ekstremt paradoksalt at politikarane på den eine sida seier dei vil satse på skulen, vareta elevane og ha verdas beste skule. Og på den andre sida tar vekk dei midlane skulane har til å skape desse måla.

LES OGSÅ: Rapport slår skule-alarm – her går dørene opp i liminga

Tromsø og Vadsø

NORD: Troms og Finnmark, her representert ved Troms og Vadsø, har blitt ein stor konflikt etter samanslåinga.

Foto: NRK