Rapport slår skule-alarm – her går dørene opp i liminga

Ny rapport slår alarm om skuleeigarane. – Den økonomiske situasjonen i kommunane er god, svarer kommunalministeren.

Vigdis Henden er rektor ved Hyen skule i Nordfjord, og opnar ei klasseromsdør som held på å gå opp i liminga.

HYEN SKULE: I år hamna Gloppen kommune på ROBEK-lista for fjerde gong, og draumen om ein ny skule vart enda fjernare

Foto: Steinar Lote / NRK

– Om ting er sletne? Ja, ting er sletne, seier Vigdis Henden.

Ho er rektor ved Hyen skule i Nordfjord, og opnar ei klasseromsdør som held på å gå opp i liminga.

I taket over er det mugg og låg sus frå eit ventilasjonsanlegg som har slutta å verke.

I år hamna kommunen på ROBEK-lista for fjerde gong, og draumen om ein ny skule vart enda fjernare. ROBEK er eit register over kommunar som er i økonomisk ubalanse.

Ein ny rapport frå Rådgjevande ingeniørars foreining (RIF) – «Noregs tilstand 2021» – viser at to av fem skular har for dårleg inneklima.

Det er behov for ein «ekstraordinær innsats for å sikre eit tilstrekkeleg tilstandsnivå på kommunale bygg», konkluderer rapporten.

Vigdis Henden er rektor ved Hyen skule i Nordfjord, og opnar ei klasseromsdør som held på å gå opp i liminga.

SLETNE: – Om ting er sletne? Ja, ting er sletne, seier Vigdis Henden, rektor ved Hyen skule i Nordfjord,

Foto: Steinar Lote / NRK

– Lågt vedlikehald over for lang tid

– Dette er dessverre ingen overrasking for oss. Det er som regel inneklimaet som gjer at mange elevar startar å engasjere seg, seier Edvard Botterli Udnæs, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen.

NRK har tidlegare skrive om Varden skole i Bergen der ein av tre elevar meldte om astma- og allergiplager. Og om Ramberg skole i Lofoten, som måtte stenge på grunn av muggsopp.

– Vi ser effekten av for lågt vedlikehald over for lang tid, seier Helge Eide, områdedirektør i KS.

Rapporten frå RIF viser i tillegg at to av tre barnehagar har «unormal vekst av muggsopp».

– Det er veldig alvorleg at etterslepet i vedlikehaldet av skolar og barnehagar får fortsette, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

Han viser til at prislappen på etterslepet no er 160 milliardar.

– Det er tragisk at dette har fått fortsette. Det er på høy tid at ansvarlege styresmakter verkeleg gjer noko.

Eiganes skole Stavanger

EIGANES SKULE: Ein ny rapport frå Rådgjevande ingeniørars foreining (RIF) – «Noregs tilstand 2021» – viser at to av fem skular har for dårleg inneklima.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

– Situasjonen i kommunane er god

Krav og standardar for det fysiske miljøet i skolar og barnehagar følger av Barnehageloven, Arbeidsmiljøloven og Folkehelselova.

Vidare seier Opplæringslova at «alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring».

I mars stilte medlem i Utdannings- og forskingskomiteen, Hanne Dyveke Søttar (Frp), skriftleg spørsmål til Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Har statsråden «vurdert tiltak for å kartlegge problema og forbetre standarden på ventilasjonsanlegg i skolar og barnehagar?», spurte ho.

Statsråden kvitterte: «Den økonomiske situasjonen i kommunane er god. Dette gjev eit grunnlag for kommunane til å drifte og halde ved like sine bygningar, inkludert ventilasjonsanlegg.»

Gommerud barnehage Skytten 24 Alle etasjer

GOMMERUD BARNEHAGE: To av tre barnehagar har «unormal vekst av muggsopp», viser ny rapport frå Rådgjevande ingeniørars foreining (RIF).

Foto: Mycoteam

– Forsinka på grunn av pandemien

I 2019 var det høyring om regulering av miljø og helse i skolar og barnehagar.

– Når forskrifta er ferdigstilt, vil ho følgast opp med rettleiing til kommunane i regi av Helsedirektoratet, seier fagsjef i Helsetilsynet, Vigdis Malt Marøy.

Maria Jahrmann Bjerke er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

– Dagens regelverk stiller krav til miljøet i skolar og barnehagar, men fleire kartleggingar dei siste årene har dessverre vist at krava ikkje alltid blir oppfylt, seier ho.

Ho legg til:

– Arbeidet med dette er i gang, men har blitt forsinka på grunn av pandemien.

– Må gjere det beste ut av det

Helsetilsynet påpeika i ein rapport i 2020 at «dagens ordning inneber at kommunen ofte har ei dobbeltrolle, ettersom dei både eig og driv barnehagar og skular, og skal føre tilsyn den same staden.»

Rapporten avdekka lovbrot i 42 av 53 kommunar der det vart gjennomført tilsyn.

Kommunedirektør i Gloppen kommune, Anders Skipnes, svarer at dei er i gang med målingar av luftkvaliteten på skulen, men at kommunen ikkje har pengar til å utføre alt arbeid som skulle vore gjort.

– Man har dei rammene man har, og må gjere det beste ut av det, seier områdedirektør i KS, Helge Eide.

Han legg til at det er «store variasjonar mellom kommunane i vårt langstrekte land».

– Dersom du reiser ein runde rundt i norske kommunar, møter du skolar med kritikkverdig standard, men også mange nye, flotte skolar.

Muggsopp på Nye Varden skole i Bergen

VARDEN SKULE: Ved Varden skule i Bergen har ein av tre elevar meldte om astma- og allergiplager.

Foto: Cytox