Hopp til innhold

Sp-strid om Vestland fylke bør løysast opp

Ny måling viser at det er fleirtal for å dele opp att Vestland fylke. Sp-profilar er ueinige om storfylket er tent med ein omkamp eller ikkje.

Sogn og Fjordane og Hordaland

VIL TILBAKE: I ei ny meiningsmåling seier 63,5 prosent av dei spurde i tidlegare Sogn og Fjordane at dei vil løyse opp det nye storfylket.

Foto: NRK

I oktober 2019 kledde fylkespolitikarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane seg i bunad i Håkonshallen i Bergen.

Der markerte dei skipinga av eit nytt fylke: Vestland.

Blant dei som pynta seg var Senterparti-politikarane Jon Askeland og Jenny Følling, Askeland er i dag fylkesordførar i det nye fylket, medan Følling sit i Fylkestinget.

No ynskjer dei ro rundt det nye fylket.

– Omkampar er alltid skadeleg, seier Følling til NRK.

Blant partikollegaer og folk flest er lysta på omkamp større.

Jon Askeland og Jenny Følling i Håkonshallen under konstitueringa av Vestland fylke.

RÅ FEIRING TIL KRANGEL: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), ønskjer at Vestland fylke skal halde fram. Her under feiring av det nye fylket i Håkonshallen i Bergen i oktober 2019. Men dei møter kraftig motbør frå partifellar.

Foto: Bjarte Brask Eriksen / Vestland Fylkeskommune

22,5 prosent vil halde på Vestland

I ei ny meiningsmåling seier 63,5 prosent av dei spurde i tidlegare Sogn og Fjordane at dei vil løyse opp det nye storfylket. Berre 22,5 prosent vil halde på Vestland dersom det blir ei folkeavrøysting.

Blant hordalendingane er stemninga delt på midten (38,9 mot 37,4 prosent).

Når dei to valdistrikta vert handsame som eitt fylke, er det samla sett fleirtal for å dele det nye fylket (43,1 mot 34,9 prosent).

Målinga er gjort av InFact på oppdrag frå Lokalsamfunnsforeininga, som vart grunnlagt i 2009 på motstand mot «tvangssammenslutning av kommunar».

– Eit dyrt eventyr Erna Solberg sette i gang

– Tvangsekteskap er ein uting, seiar Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Senterpartiet var med å sikre fleirtal for samanslåinga i Hordaland fylkesting i 2017.

Sp-kollegaene i Sogn og Fjordane var motstandarar av samanslåinga, men stemte til slutt «subsidiært for» av taktiske grunnar.

I fjor sa årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti samrøystes ja til å gjenreise det gamle fylket.

Sp-leiaren vil ha oppløysing av Vestland, Viken og Troms og Finnmark inn i ein ny regjeringserklæring etter valet.

– Folk ser at det ikkje har vorte betre med ei stor eining, seier han.

– Integrasjonsprosessen er kome langt, det er brukt mykje pengar på samanslåinga og Vestland fylke har vore i drift ei god stund. Er det ikkje uheldig å rive dette opp igjen?

– Det har vorte eit dyrt eventyr Erna Solberg sette i gang, men det er ikkje noko grunn til å halde fram med store fylke dersom ikkje innbyggjarane ønskjer det.

PARTISTRID: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete er samde om at Vestland fylke må løysast opp. Men dei møter kraftig motbør frå andre partifellar.

Foto: Vidar Ruud / NPK

Utrekningar NRK har gjort viser at det har kosta skattebetalarane om lag ein halv milliard kroner å redusere 19 fylke til 11.

I Vestland har utforminga av det nye fylkesvåpenet åleine kosta 612.000 kroner.

– Stortinget har vedteke samanslåing

Jenny Følling (Sp), som tidlegare var fylkesordførar i Sogn og Fjordane, viser til at fylkespolitikarane i Vestland er valde inn for gjere Vestland fylke best mogleg.

– Det er arbeidsordren vår, seier ho.

Fleire meiningsmålingar viser at eit klart fleirtal av innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane vil løyse opp Vestland fylke. Kva kommentar har du til det?

– Ja, men Stortinget har vedteke samanslåing. Dette må Stortinget svare for, seier ho.

LES OGSÅ: Vestfold og Telemark fylkeskommune seier dei gav feil tal då NRK spurte om kor mange fleire tilsette det har blitt etter samanslåinga.

– Sablar ned folket

– Følling og eg har vore usamde i denne saka heile tida, seier Liv Signe Navarsete.

Den tidlegare Sp-leiaren meiner Følling er i utakt med innbyggarane.

– Å hevde at dette er ein skadeleg omkamp er på ein måte å sable ned folket i fylket, seier ho.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, høyrer til Sp-fløya som ikkje vil ha omkamp.

– Kva Stortinget kjem til å meine om Vestland fylke etter stortingsvalet til hausten, vil eg ikkje spekulere i, seier han.