Hopp til innhold

Slik riggar dei til MGP i Florø

Det berre fire dagar til det brakar laus i Florø idrettshall. I går byrja det store arbeidet med å setje opp scene- og publikumsanlegg.

Det er mange tonn med utstyr skal på plass før det brakar laus laurdag kveld og rigginga er i full gang.

Store forventningar

MGP-utstilling i veskebutikk i Florø

MGP-EFFEKTAR: Også veskebutikken

Foto: Arne Holsen / NRK

Det er berre omlag 200 billettar igjen, og nå byrjar også byen å komme i festmodus.

Og folk i Florø gler seg og forventningane er store. I vindauget hos veskebutikken til Anne Brit Refsnes er det effekter for alle pengane.

– Her har vi noter og mikrofon, T-skjorter og plakater. Dette er veldig kjekt og vi gler oss, seier ho.

Frå idrettshall til festsal

I idrettshallen bygger det seg bokstaveleg talt opp. I går starta det omfattande arbeidet med å gjere idrettshallen om til ein festsal.

Produksjonsansvarleg i Grand Prix, Magnus Due Tønnesen, er glad over å ha komme i gang med arbeidet. Han er overvelda over folk sitt engasjement før folkefesten.

– 3000 publikummarar skal kose seg her på laurdag. Det blir gøy.

– Unikt engasjement

Og han er ikkje i tvil om at det store showet på laurdag vil ha mykje å seie for Florø som by, i også i ettertid.

– Det skaper eit engasjement som er ganske unikt. Her blir mange grupper i samfunnet samla mot same mål.