Hopp til innhold

Krf-topp skuffa over MGP-bilete

Fylkesleiar Trude Brosvik i Krf er lite nøgd med lokalreklamen som vart presentert frå MGP-delfinalen i Ørland.

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

MISNØGD: Trude Brosvik, fylkesleiar i Krf, let seg ikkje imponere av lokalreklamen som vart presentert i den første delfinalen i Grand Prix.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Laurdag kjem Melodi Grand Prix-sirkuset til Florø. Årets første delfinale frå Ørland gav sjåarrekord med heile 1 074 000 sjåarar, men fylkesleiar i Krf, Trude Brosvik, var lite imponert over bileta som skulle profilere Ørland.

- Synest ikkje filmsnutten frå Ørlandet fortener 900 000 off. kroner. Håpar på meir/betre frå Florø neste helg, twittra Brosvik same kveld.

Røysta mot

Fylkeskommunen har gått inn med 900 000 kroner til MGP-finalen i Florø.

Krf røysta mot løyvinga, og etter å ha sett første delfinale tvilar Brosvik på at det er vel brukte offentlege kroner.

Før helga presenterte Aftenposten ein evalueringsrapport som konkluderer med at fleire arrangørstader er misnøgde med profileringa. Arrangementa vart inga økonomisk gullgruve.

- Eg tykte filmsnutten var lite opplysande om Ørland og området rundt. Det er ei subjektiv meining, seier ho og viser til to minutt med bilete av kultur og næringsliv i kommunen.

Leitar etter menn

I tillegg skulle NRK sin stuntreporter finne sjølvaste Mr. Ørland. Noko ho også skal gjere i Florø.

- Innslaga var nettopp eitt av argumenta for å gå inn i dette. Eg tykte at det frå Ørlandet var dårleg. Eg håpar det kjem betre frå Florø og Sogn og Fjordane, for vi har veldig mykje bra å vise fram, seier Brosvik.

- Overraskande kritikk

Per Øyvind Helle, Roy Austbø og Anne Rimmen

OVERRASKA: Per Øyvind Helle, saman med Roy Austbø og programleiar i MGP, Anne Rimmen.

Det er prosjektleiar i HippHipp Flora, Per Øyvind Helle, som har fått MGP til Florø. Han reagerer kraftig på kritikken frå fylkesleiaren i Krf.

Han meiner både arrangementet og programmet har ein veldig omdømeverdi og skildrar det som ei «mentalhygiene for heile fylket».

- Det overraskar meg at ho skisserer verdien i eitt større perspektiv enn akkurat dei to minutt som kjem på TV. Ho må sjå sendinga i sin heilskap og må forstå at det har skjedd veldig mykje positivt i to månadar fram mot delfinalen i Florø, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.