Hopp til innhold

Kjendisar krydrar MGP-festen

Fleire Grand Prix kjendisar skal underhalde publikum i Florø. Guri Schanke og Grand Prix-gjengangar Alexander Stenerud er blandt artistane som står på scena.

Guri Schanke MGP

MGP: Tidegare Grand Prix-vinnar Guri Schanke skal underhalde i Florø.

Foto: ALASTAIR GRANT / AP

Når Grand Prix-sirkuset rullar over landet i januar og februar, lovar arrangørane tidenes pauseinnslag. I kvar av dei fire delfinalane vil nemleg to tidlegare MGP-deltakarar opptre. Florø får besøk av tidlegare Grand Prix-vinnar Guri Schanke og Alexander Stenerud.

Lovar topp stemning i Florø

Alexander Stenerud

MGP: Grand Prix-gjengangar Alexander Stenerud skal skape stemning i Florø.

Foto: Øystein Sanne / NRK

– Det blir spennande å sjå ulike artistar, alle med eit bankande MGP-hjarte, møtast i nye konstellasjoner, og eg gledar meg veldig til å sjå publikum sin reaksjon på dette. Eg kan love både overraskingar og topp stemning!, seier NRK sin prosjektleiar for MGP, Skjalg Solstad.

Laurdag den 22. januar blir det Grand Prix- fest i Florø. Heile 1,5 millionar sjåarar kan for første gong bli med på ein delfinale i kystbyen, som i fjor feira 150 års jubileum. Det har vore rift om bilettane og plass til rundt 2500 personar i salen.

Fest over heile landet

Kystbyen Florø er ein av tre plassar der det skal arrangerast delfinalar i 2011. Dei andre er Ørlandet, Skien og Sarpsborg. Maria Haukaas Mittet, fjorårets vinnar Didrik Solli Tangen og gruppa Wig Wam er blant artistane som også skal krydre MGP-sendingane.