Hopp til innhold

MGP gir fulle hus i Florø

Publikum verkar å gå mann av huse for å få med seg MGP-delfinalen i Florø 22. januar. Det er no så fullt på hotella i kystbyen at folk vert oppmoda om å bu privat.

Florø får MGP

FYLLER KYSTBYEN: Per Øyvind Helle (andre frå venstre) meiner fulle hotell vitnar om stor interesse for MGP-delfinalen i Florø.

Foto: Birger Meland / NRK

- Det er fleire privatpersonar som opnar dørene for tilreisande som vi ha tak over hovudet denne helga, seier marknadssjef Per Øyvind Helle i eventselskapet "HippHippFlora" som har arbeidd hardt for å få MGP-sirkuset til Florø.

På dei tre hotella i kystbyen er det meir eller mindre smekkfullt. Det same gjeld på Krokane Camping.

- Vi har ventelister, seier Egil Melvær.

- Positivt, men utfordrande

- Dette er ein jo på ein måte positivt. Det viser at det er stor interesse blant publikum for å få med seg dette. Samtidig så er dette med overnatting noko som er ei utfordring kvar gong ein mindre stad skal arrangere noko stort, seier medarrangør Helle.

Han meiner dei som arrangørar har førebudd seg godt nok med tanke på overnatting.

- Vi kunne nesten ikkje byggje eit nytt hotell heller. Og det er framleis råd å få seg husvære i Florø til MGP-finalen, seier Helle.

Han meiner det ikkje er noko problem for publikum for Sogn og Fjordane og viser til at showet i Florø er ferdig klokka 21.15. Når det gjeld publikum utanfrå har Helle til no ikkje blitt kontakta av folk som ikkje har funne seg overnatting.

Opnar husa sine

I tillegg til at det framleis er eit par ledige leilegheiter på Florø Rorbu er det også fleire som vil opne husa sine ifølgje Helle.

- Folk som er interessert kan ta kontakt med 2020, så skal det nok bli ei orden på det, seier Helle.

Både Helle og hovudarrangør NRK oppmodar også folk om bu i Førde dersom dei ikkje finn overnattingsstad i Florø. Helle viser til at det berre tar 45 minutt for folk å komme seg til og frå.

- I tillegg til dei bussane som allereie går med offentleg transport set vi opp ekstrabussar. Desse vil gå frå Florø til Førde etter at finalen er ferdig, seier Helle.

Ifølgje Helle er det framleis att omlag 500 billettar for sal.

Siste innspurt

For arrangørane er det mykje som skal klaffe framfor det store arrangementet om litt over to veker. Alt frå straumforsyningar i Florahallen til nettopp overnatting er noko som held arrangørane opptekne frå seint til tidleg.

- Dei fleste kjenner vel til uttrykket om å ha mange ballar i lufta. Det har vel aldri vore meir sant enn no. Men eg synst vi klarar å sjonglere ballane ganske godt.