Hopp til innhold

MGP: Nekta riggehjelp frå jenter

Medieelevane hadde gleda seg til å rigge utstyr til MGP-finalen i Florø - men berre gutane fekk vere med.

Laga UKM-tv for NRK 2009

JENTER BLEI NEKTA: Ingen av jentene i medieklassen fekk vere med på riggginga.

Foto: Ingunn Thon/NRK.

Det er firda.no som fortel om dei skuffa jentene som er elevar ved Firda vidaregåande skule. Dei hadde meldt seg til teneste for å vere med på rigginga før delfinalen på laurdag.

Droppa alle

Men produksjonsselskapet sa at dei berre ville bruke dei tre gutane i klassen.

– Dette er skuffande, for vi hadde gleda oss til dette. Vi forstår at dei har fysiske krav, men vi fekk ikkje sjansen til å vise oss fram, seier tillitsvald for 3. klasse på medielinja, Sigrid Eikeland til avisa.

Dermed ga klassen eit ultimatum om at alle eller ingen skulle vere med. Produksjonsselskapet valde å droppe alle saman.

– Dette er tungt arbeid

Argumentet til selskapet Eyeworks Dinamo er at rigging er tungt arbeid.

– Det er snakk om fleire titals tonn som skal lossast. Det blei ikkje vurdert som forsvarleg, seier produsent Dag Hvaring til avisa.

Han seier at presiseringa om at dei som skal gjere arbeidet må vere sterke, ikkje kom godt nok fram.

– Rybak reagerer

Alexander Rybak

SINT: Alexander Rybak reagerer kraftig på at jentene ikkje fekk bli med på rigging.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ein av dei som reagerer sterkt er Alexander Rybak. Han går hardt imot frå produksjonsselskapet, skriv tv2.no.

– Så utruleg skuffande førehandsarbeid av MGP. Det som er matte og logistikk for dei, er kanskje kjensler og håp for andre. Kva med å gjere litt arbeid på førehand så ein ikkje sårer andre menneske, skriv han på den offisieller Facebooksida si.