Neste helg brakar det laust i Florø. For då kjem Melodi Grand Prix-sirkuset til kystbyen, og det er trangt om overnattingsplassane.
Alle hotell i byen er fullbooka, og mange private tilbyr no utleige av hus.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trangt om sengeplassen
Næringskonsulent Marit Gjerstad i Sunnfjord 2020 formidlar kontakt med private huseigarar, og fortel at det er mange som vil leige ut husa sine.
Det plass til 3000 publikumarar i Florø idrettssenter der ein av dei fire delfinalane i Melodi Grand Prix skal arrangerast. I tillegg kjem hundrevis av artistar, crew og pressefolk. Det blir med andre ord trangt om sengeplassen.
- LES OGSÅ:
No begynner det å haste
Prisen for overnatting varierer. Ein kan leige leilegheiter for 1000 kroner per person, men det kostar 10.000 dersom ein skal leige eit heilt hus.
– Folk er faktisk villege til å leige hus sjølv om det er dyrt. Folk tar det vi har no når det begynner å nærme seg, seier Gjerstad.
Gjerstad fortel at det har ringt personar frå Førde som vil overnatte i Florø, som berre ligg 40 minutt unna.
Dersom ein vil ha overnatting, men ikkje vil bu privat er alternativet Knutholmen i Kalvåg, eller hotell i Førde.
– Det begynner å haste for dei som enno ikkje har fått ein stad å bu. Dei må ringe fort dersom dei vil sikre seg overnatting, seier Gjerstad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: