Hopp til innhold

Slår alarm om norsk biebestand – fryktar europeisk biesjukdom med nye EU-reglar

EIDSVÅG, BERGEN (NRK): Frå 2021 blir det lov å frakta bikubar fritt mellom landa i EU og EØS, noko birøktarar i Noreg er veldig skeptiske til. Mattilsynet håpar på eit unntak for Noreg.

Bier i kube i Eidsvåg

BIER: Bier er viktige som pollinator – befruktar. Ein av tre arter er utryddingstrua. Endring av leveområde, klimaendringar, plantevernmiddel og sjukdom truar dei.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Frå april 2021 blir det i heile EU opna for at bikubar kan bli sett på trailerar og frakta rundt i Europa. På denne måten kan birøktarar flytte bier frå der dei høyrer heime til stadar der det blomstrar.

I dag er ikkje dette lov.

Det synest norske birøktarar at det heller ikkje skal bli. Norske bier har mykje mindre sjukdom enn nedover på kontinentet, ifølgje Mattilsynet.

– Eg tenker at det vil vere øydeleggande viss større birøktarar gjennom Europa skal få vandre fritt i Noreg med bikubane sine. Vi har brukt mykje pengar på sjukdomsførebyggande arbeid i Noreg som då vi bli bortkasta, seier birøktar Vegard Helland.

Han har 30 bikubar i hagen i Eidsvåg i Bergen og på eit småbruk i Sogn.

– Konsekvensane vil bli fleire sjukdomsutbrot, meir spreiing og mindre kontroll, seier han.

Vegard Helland

SKEPTISK: Dan Sunhordvik i Bergenske Birøkterlag og birøktar Vegard Helland er skeptiske til EU-forskrifta.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Medisinerer bier

Ein av sjukdommane dei fryktar er open yngelròte – ein smittsam tarmsjukdom hos yngelen til biene. I 2010 var det eit utbrot av sjukdommen i Agder, og 26 birøktarar måtte brenne kubane sine.

Men der dei i Noreg destruerer bikubane som har råta, og all utstyr som kan ha vore i kontakt med sjukdommen, medisinerer dei kubane på kontinentet.

– Vi kan risikere å få bikubar som kjem frå kontinentet med open yngelròte utan at vi veit det og har kontroll på det. Dei flyg fram og tilbake og delar blomar, og det skal ikkje mykje til for at dei kjem inn i feil bikube med sjukdommen, og då har vi det på gang her i Noreg, seier Frode Lindseth, leiar i Hordaland birøktarlag.

Bikuber

BIKUBAR: Ein bikube blir brukt for å hauste honning frå biene.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Håpar på unntaks

Det er ein ny EU-forskrift som virkar frå april 2021 som regulerer flyttinga av bier, eller vandrebirøkt som dei seier på fagspråket.

Mattilsynet er med i ein ekspertgruppe i EU, og har spelt inn at dei ikkje vil ha dette.

– Vi har ikkje fått gjennomslag for det. Ingen andre land har støtta innspelet vårt, så vi reknar med at det blir innført, seier Kristina Landsverk, fagdirektør i Mattilsynet.

No vil dei sjå om Noreg kan få eit unntak frå EU-forskrifta, eller om dei kan avgrense omfanget.

– Grunnen til at vi ikkje ønskjer vandrebirøkt er at vi har ei betre biehelse enn dei fleste andre EU-land. Kjem du sørover på kontinentet har dei problem med fleire sjukdommar enn oss, seier ho.