Hopp til innhold

Skulle kasta vaksinane – gav dei heller til rusavhengige

BERGEN (NRK): Stor pågang frå rusavhengige kvinner som vil nytta seg av gratis vaksinetilbod mot livmorhalskreft.

Marianne Johnsen og Ingunn Søviknes

TATT VAKSINE: Marianne Johnsen og Ingunn Søviknes har begge tatt gratis HPV-vaksine hos Strax-huset i Bergen.

Foto: Elise Angell / NRK

– Eg er veldig glad for at eg kan få ta vaksinen gratis, og eg synest det er gale at den eigentleg skulle bli hivd, seier Marianne Johnsen.

Ho er ein av brukarane ved Strax-huset i Bergen, og som fekk gratis HPV-vaksine onsdag som eigentleg skulle bli kasta.

For frå hausten er vaksinen Gardasil mot livmorhalskreft, såkalla HPV-vaksine (humant papillomavirus), historie. Då skal den erstattas av ein annan vaksine; Cervarix.

HPV-vaksinen Gardasil

PÅ VEG UT: Gardasil har fram til no blitt brukt som HPV-vaksine, men etter ein ny anbodsrunde vert denne bytta ut med Cervarix.

Foto: Harry Cabluck / AP

Nyttar seg av «overskotsvaksinane»

Vaksineskiftet fører til at store mengder av det gamle merket blir liggande ubrukt på helsestasjonar rundt om i norske kommunar. I oktober går vaksinane ut på dato, og om det då er fleire igjen må dei kastast.

I Bergen har kvinner i rusmiljøet fått «overskotsvaksinane». Då NRK var på besøk hos Strax-huset hadde over 20 personar meldt seg på lista for vaksinasjon rett etter opningstid.

På tysdag opna MO-senteret på Wergeland opp for vaksinasjon, og mange fleire enn venta kom for å ta vaksinen. Her var dei tilsette uroa for om dei hadde nok til alle.

– Kvinnene her er veldig takksame og har veldig lyst å ta vaksinen. Det er god etikk å gje desse til kvinner som elles ikkje ville blitt vaksinert, seier lektor Ruth Marie Donovan ved Høgskulen på Vestlandet, som står bak ideen.

Høgskulelektor Ruth Marie Donovan

INITIATIVTAKAR: Lektor Ruth Marie Donovan ved Høgskulen på Vestlandet står bak ideen om å vaksinera rusavhengige kvinner.

Foto: Elise Angell / NRK

Dyr vaksine

Vaksinen mot humant papillomavirus (HPV) er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, og blir tilbode jenter på 7. klassetrinn. Frå hausten 2018 vil også gutar på same alder få same tilbodet.

I tillegg vert kvinner fødd mellom 1991 og 1996 no tilbode gratis vaksine ut 2018. Men kvinner fødd før 1991 og menn må sjølv betala for HPV-vaksine. Vaksinen kostar mellom 2400 kr og 3600 kr.

– Her har vi høve til å førebygga kreft hjå kvinner som er rusutsette og som verkeleg treng vaksinen, og som ikkje har midlar til å ta vare på helsa si sjølv, seier helsesøster i Bergen, Agnes Giertsen.

helsesøster Agnes Giertsen

VAKSINEPROSJEKT: Helsesøster Agnes Giertsen i Bergen har sett i verk prosjektet der gamle vaksinar i staden vert gitt til kvinner i rusmiljøet.

Foto: Elise Angell / NRK

Viktig for unge kvinner

Johansen som fekk vaksine på Strax-huset onsdag meiner det er spesielt viktig at unge kvinner får tilbod om vaksinasjon. Ho hadde sjølv kreft i livmorhalsen då ho var 19 år gamal og måtte fjerna mykje av livmorhalsen.

– Det er viktig at alle kvinner får tilbod om å vaksinera seg mot livmorhalskreft, og at rusavhengige kvinner nyttar seg av dette tilbodet no, seier Johansen.

Norske myndigheiter har ikkje oversikt over kor mange gamle vaksinar som er til overs når den store utskiftinga skjer. Men berre i Bergen er det funne om lag 150 vaksinar av den gamle typen.

Les meir om HPV-vaksinen:

Fem ting du bør vite om HPV

250.000 kvinner dropper kreftundersøkelse