NRK Meny
Normal

Tusenvis av fullt brukelege vaksinar kan bli kasta

BERGEN (NRK): Store mengder vaksinar mot livmorhalskreft står i fare for å bli kasta bort. I Bergen har ein funne ei enkel løysing på problemet.

HPV-vaksinen Gardasil

PÅ VEG UT: Gardasil har fram til no blitt brukt som HPV-vaksine, men etter ein ny anbodsrunde vert denne bytta ut med Cervarix.

Foto: Harry Cabluck / AP

– Vi har funne ei rekke vaksinar på helsestasjonane rundt om i Bergen som vil bli kassert, seier helsesøster Agnes Giertsen.

Frå hausten er vaksinen Gardasil mot livmorhalskreft, såkalla HPV-vaksine (humant papillomavirus), historie. Då skal den erstattast at ein annan vaksine; Cervarix.

Valet har skapt debatt, og fører også til at store mengder av det gamle merket blir liggande ubrukt på helsestasjonar rundt om i norske kommunar.

I oktober går vaksinane ut på dato, og viss det då er fleire igjen må dei kastast.

Fleire tusen på landsbasis

Norske myndigheiter har ikkje oversikt over kor mange gamle vaksinar som er til overs når den store utskiftinga skjer.

Men berre i Bergen er det funne om lag 150 vaksinar av den gamle typen.

Sveinung Sørbye Wergeland

KASTA: Overlege Sveinung Wergeland Sørbye ved Universitetssykehuset Nord-Norge anslår at det på landsbasis kan vere snakk om fleire tusen ubrukte vaksinar som vil bli kasta.

Foto: Privat

Overlege Sveinung Wergeland Sørbye ved Universitetssykehuset Nord-Norge er ein av landets fremst ekspertar på HPV-vaksinen. Han meiner det er snakk om fleire tusen i heile landet.

Sørbye er kritisk til at fullt brukelege vaksinar skal kastast.

– Det er jo flotte vaksinar, og dumt viss dei må kastast. Desse bør bli gitt til nokon som treng dei, seier Sørbye.

– Mange har ikkje råd

Vaksinen mot humant papillomavirus (HPV) er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, og blir tilbode jenter på 7. klassetrinn. Frå hausten 2018 vil også gutar på same alder få same tilbodet.

I tillegg vert kvinner fødd mellom 1991 og 1996 no tilbode gratis vaksine ut 2018.

Men kvinner fødd før 1991 og menn må sjølv betale for HPV-vaksine.

– Det kostar mellom 2400 og 3600 kroner å bli vaksinert. Nokre kvinner har ikkje moglegheita til å betale det, seier lektor Ruth Marie Donovan ved Høgskulen på Vestlandet.

Folkehelseinstituttet meiner Cervarix har bevist å gi beskyttelse mot alvorlege celleforandringar i livmorhalsen. Den nye vaksinen beskyttar derimot ikkje mot kjønnsvorter, slik Gardasil gjorde.

Agnes Giertsen

VAKSINEPROSJEKT: Helsesøster Agnes Giertsen i Bergen har sett i verk fram prosjektet der gamle vaksinar i staden vert gitt til kvinner i rusmiljøet.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

Vil gi vaksinen til rusavhengige

I Bergen har ein no planar om å gi «overskotsvaksinane» til kvinner i rusmiljøet – ei løysing Bergen kommune har sagt ja til.

– Det er god etikk å gi desse til kvinner som elles ikkje ville blitt vaksinert, seier Donovan, som står bak ideen.

– Her har vi moglegheit til å førebygge kreft hjå kvinner som verkeleg treng det, og som ikkje har midlar til å ta vare på helsa si sjølv, seier helsesøster Giertsen, som får klar støtte frå Sørbye i Nord-Norge.

– Ei utsett gruppe er jo nettopp rusavhengige kvinner, som i liten grad er i kontakt med helsevesenet, men har risikoåtferd, seier han.

Folkehelseinstituttet roser tilbodet, men seier det ikkje er deira oppgåve å sørge for ei slik innføring i heile landet.

Les meir om HPV-vaksinen: