Hopp til innhold

Auka press mot bruken av privatfly 

Det europeiske presset om å forby privatfly har komme til Noreg. Andre kallar småflya eit «grønt laboratorium» for å utvikle morgondagens luftfart.

Statsminister Jonas Gahr Støre forlater Praha i privatfly

BUSINESS CLASS: Statsminister Jonas Gahr Støre forlèt Praha i privatfly etter eit toppmøte mellom politiske leiarar i EU-land og i land utanfor EU i 2022.

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Då Fjordane flyklubb vart skipa i 1972, var det ingen som snakka om at flya måtte vere «grøne» eller gjorde eit poeng av at hobbyen ikkje var «nødvendig».

Vel femti år seinare konstaterer avtroppande klubbleiar Kjell Johnny Kvamme at han må rettferdiggjere aktiviteten.

Hugs at flyklubben også er ein skule der vi utdannar pilotar, seier han.

Han tek ikkje sjansen på å tidfeste når dei byter ut flyparken med elektriske fly, men gler seg og seier dei er klare så snart fleire fly er sertifiserte og tilgjengelege.

Prisen trur eg ikkje blir eit problem. Sjå på elbilane. Dei er jo ikkje dyrare.

Norges luftfartøyregister viser at norske mikrofly jamt over er gamle.

– Vi må bli grønare, og det jobbar vi aktivt med, seier John Eirik Laupsa i Noregs Luftsportforbund.

Fjordane Flyklubb

– For elektriske fly, som segmentet vårt står i spissen for å utvikle og introdusere, er dei direkte utsleppa null, seier John Eirik Laupsa, generalsekretær i Noregs Luftsportforbund (NLF).

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Typiske småfly med stempelmotor har beskjedne klimagassutslepp, men blir til liks med private jetfly utsett for større press om å bli ståande på bakken.

NRK presiserer: Det etterlatne inntrykket hos mange lesarar har vore at NRK sidestiller aktiviteten i småflyklubbane med aktiviteten til private jetfly. Dette er ei presisering om at allmennflyging med småfly representerer ein annan «divisjon» når det gjeld klimagassutslepp, og at forslaga om forbod ikkje omfattar småflyklubbane.

Frankrike vedtok i april å forby all bruk av private jetfly der ei togreise på to og ein halv time gjer nytten.

Same månad varsla Schiphol at privatfly ikkje lenger er velkommen.

Her heime har Stortinget teke stilling til eit forslag om å forby privatfly, med «unntak for småflyklubbar, fallskjermklubbar, veteranflymiljø og liknande.»

Det er bra at presset aukar. Eg håpar fleire parti byrjar å sjå galskapen i dette, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Ein ringjerunde til Stortinget viser at fem parti (inkludert Pasientfokus) ønskjer å forby eller straffe fossildrivne jetfly med strengare avgifter (sjå under).

Temperatur i verden siden 1880 sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Ein hobby for dei superrike

Venstre vil vente på «ei breiare regulering på europeisk nivå».

EU-kommisjonen sa i juni nei til eit slikt initiativ, etter at den austerrikske klimaministeren Leonore Gewessler løfta det på dagsorden.

Ein hobby for dei superrike, sa ho.

Ifølgje ein Greenpeace-rapport vart utsleppa frå privatfly i Europa dobla i fjor, og tal frå Transport and Environment viser at privatflypassasjerar forureinar opp mot 14 gonger så mykje som ein rutefly-passasjer.

I vår vart det derfor turbulens for presidenten i EU-rådet etter at hans «ekstravagante» og «overdrivne» fly-aktivitet kom for dagen.

Utskrifter viste at han flaug jamleg mellom Brussel til Paris, ein distanse som svarer til ei togreise på éin time og 22 minutt.

«Europas mest sjokkerande klimahyklar», kvitterte den tyske avisa Bild.

europarådets president Charles Michel

EU-president Charles Michel flyg jamleg mellom Brussel til Paris.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP

Støre har nytta privatfly ved sju høve

Ei oversikt frå Kommunaldepartementet viser at regjeringa har floge 16 gonger på halvtanna år, og at statsminister Jonas Gahr Støre har nytta privatfly frå det danske charterselskapet Air Alsie ved sju høve.

I motsetning til Sverige og Danmark har norske styresmakter ikkje eige fly, men chartrar ved behov.

Til samanlikning nytta statsminister Erna Solberg seg av privatfly 36 gonger i perioden 2013–2019.

– I staden for å fråtse i privatfly, burde dei støtte eit forbod. Dei sender feil signal til folk flest ved å tillate seg den unødvendige luksusen privatfly er, seier leiar i Greenpeace Noreg, Frode Pleym.

I 2022 var det dobbelt så mange avgangar med privatfly frå norske flyplassar som året i forvegen (høvevis 6705 og 3309 avgangar).

Den mest brukte strekninga er mellom Oslo og Stockholm.

Kven er det som eigentleg har eit ekte behov for å fly privatfly mellom Gardermoen og Arlanda? For oss gir svaret seg sjølv: Ingen!, seier Pleym.

Krav om strengare regulering får også støtte blant klimaforskarar (sjå under).

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ombord i privatfly til Brest

The Guardian skreiv nyleg at kjøp av private jetfly i 2023 vil passere toppnoteringane frå 2007, det vil seie før finanskrisa. Totalt var det 5,3 millionar private flygingar globalt i 2022. Det er rekord.

Foto: NTB

Eit forbod vil berre vere symbolsk

Andre stemmer NRK har vore i kontakt med seier klimagevinsten ved eit forbod vil vere «minimal», «marginal» og «omtrent null».

Og vidare at privatfly er som eit «grønt laboratorium» for framtidige og meir klimavennlege alternativ i lufta.

Sjølv om bruken av privatfly er aukande, er andelen av den totale luftfarten forsvinnande liten. Eit forbod eller avgrensingar på bruken vil berre vere symbolsk, seier Christian Kamhaug i Flypodden.

Ein ny rapport frå CE Delft viser at privat luftfart i Noreg står for cirka 26.000 tonn CO2-utslepp i året.

Beyond Aero plans to bring to market a hydrogen-powered business jet called BYA-I in 2030. (Image: Beyond Aero)

Måndag vart eit nytt hydrogen-drive fly presentert under luftfartsmessa Paris Air Show. Flyet skal vere kommersielt tilgjengeleg frå 2030.

Foto: Beyond Aero

Jo Bjørn Skatval i Norsk flygarforbund seier det er gale å «single ut» delar av flytrafikken som ein syndebukk og at privatfly-marknaden kan vere eit «viktig laboratorium for berekraftig luftfart».

Det er essensielt at det blir gitt insentiv til grøne løysingar innan alle delar av luftfart. Det er dei som kjenner industrien som må vere med å utvikle berekraft, seier han.

Han legg til:

Å dra fram uheldige ekstremtilfelle og korte weekendturar blir ei avsporing i den reelle klimadebatten.

Morten Stordalen (Frp) i Transportkomiteen på Stortinget seier det vil vere «heilt tullete» med eit forbod i Noreg.

Privatfly er ikkje problemet, men løysinga. No varslar bransjen at elflya er rett rundt hjørnet, då kan denne trafikken vere ein motor i skiftet.

Airwings privatfly

Italia har tidlegare innført eigen særskatt på eigarskap av privatfly, og har vidare eigne flypassasjeravgifter for brukarane gradert etter lengda på reisa.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK