Hopp til innhold

Brann kvinner smadra tilskodarrekorden i Toppserien: – Dei er fine førebilete

Heile 10.582 kom på folkefest på Brann Stadion då SK Brann Kvinner slo Vålerenga.

Sædalen jenter 12 ser Sk Brann Kvinner vinna over Vålrenga på Stadion

VIL SPELA: Fleire av jentene på jenter-12-laget til Sædalen seier dei vil spela på Brann i framtida.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Då Cecilie skåra, reiste heile stadion seg for å jubla. Og det var veldig morosamt, seier Hanna Lehmann Røed.

Ho, og store delar av resten av jenter-12-laget til Sædalen IL var blant dei vel 10.500 som møtte opp på Stadion sundag ettermiddag for å sjå SK Brann Kvinner mot Vålerenga i Toppserien.

– Det er skikkeleg gøy å sjå at så mange er på stadion og ser på jentene, seier Tora Reisæter Tukum.

Sjølv om det er kvinnelaget til Brann som gjer det best, likar ikkje jentene at herrelaget ofte får meir merksemd.

– Så det er bra at det kjem folk hit slik at dei ser at jenter kan gjera ein forskjell, seier Røed.

– Me er skikkeleg glade for at me har Brann som så fine førebileter, seier ho.

eo187aiWFmc

SIGER PÅ STADION: Heimelaget vann kampen 1–0.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Bergen og Barcelona

Stemninga på tribunen til brannkvinnene har blitt hylla av Fotball-Noreg denne sesongen.

Leiar i supporterklubben Brann Bataljonen, Erlend Ytre-Arne Vågane, har tidlegare sagt til NRK at målet deira er å vera fyrst i landet med å etablera ein skikkeleg supporterkultur rundt eit kvinnelag.

Det meiner NRKs fotballekspert Carl Erik Torp at miljøet er godt i gong med.

– Dette er starten på noko. Dette har me sett i Manchester og Barcelona. No har det kome til Noreg og, seier Torp.

– Det er heilt fantastisk med ei slik ramme i Toppserien, seier bergensar og Manchester United-spelar Vilde Bøe Risa.

Tuva Hansen og resten av laget feirar sigeren mot Vålerenga.

SIGERSROP: I staden for å syngja om Sivert Heltne, song Store stå om Tuva Hansen ved kampslutt. Her leier ho feiringa etter kampen.

Foto: Marit Hommedal/NTB

Før kampen rosa medieansvarleg i Brann kvinner, Mette Hammersland, supporterane for jobben dei hadde gjort for å få folk til å koma på Stadion.

Mellom anna blei videosnuttar med bergenske politikarar, artistar og personar i supportermiljøet blitt lagt ut på sosial medium og på nettstaden kokendeidioter.no for å fyra opp stemninga i «byen med sjel i» før kampen.

– Det er ein liten revolusjon, seier Hammersland.

Klubben inviterte fleire lag, men ingen av dei 10.582 billettane var gratisbillettar.

– Det er eg utruleg stolt over, sa Hammersland.

– Underhaldningsverdi i denne kampen

Det einaste målet i kampen kom etter vel 20 minuttars spel, då eit presist innlegg frå Marit Bratberg Lund enda hjå Cecilie Kvamme, midt på femmeteren. Kvamme vippa ballen forbi ein Vålerenga-forsvarar, over keeper og i mål.

AUTOGRAFAR: Etter kampen samla eit folkehav seg utanfor Stadion medan spelarane delte ut og skreiv autografar.

AUTOGRAFAR: Etter kampen samla eit folkehav seg utanfor Stadion medan spelarane delte ut og skreiv autografar.

Foto: Marit Hommedal/NTB

– Eg synest me er litt betre enn dei heile kampen. Det dei skapar, er ofte på våre feil, og det er litt tryggande å sjå, sa Brann-trener Alexander Straus til NRK etter kampen.

Då Brann-kaptein Tuva Hansen vart intervju til pause sa ho det var «grævla» kjekt å spela.

– Eg tenkjer det er underhaldningsverdi i denne kampen, sa Hansen.

– Det er megafett å koma inn til ei slik stemning, sa Stine Ballisager Pedersen, kaptein på oslolaget.

Straus byrja nesten grina då han vart spurt om korleis han synest det var å spela for meir enn 10.500 tilskodarar.

– Eg er litt emosjonell. Eg synest det er ufatteleg stort. Me skulle hatt det sånn kvar gong, sa Straus.

Ber folk koma og sjå nivået

Før kampen hadde dagleg leiar i Brann, Therese Andvik Rygg, ein draum om å slå alle publikumsrekordar i Toppserien.

Ifølge norsk internasjonal fotballstatistikk (nifs.no) har ikkje nokon av laga i Toppserien hatt i nærleiken av dei over 10.500 tilskodarar som var på kampen i dag.

Rekorden før søndagens kamp var 3541 tilskodarar, som Rosenborg står for frå ein kamp i 2019.

Andvik Rygg er glad for at dei har slått rekorden, men seier det handlar om meir enn det.

– Rekorden er gøy, men dette handlar om å få folk til å komme og sjå kor høgt nivå det er på damefotball.

Ho håpar tilskodartalet blir den nye normalen.

– Rosenborg skal møte Brann på Lerkendal snart og jobbar med å ta rekorden tilbake. Det håpar me dei gjer. Ingenting hadde vore betre, seier leiaren.

brann-avlyst
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Vålerenga: Først nei, så ja.

Det var i januar at SK Brann kvinner bestemte seg for å flytta kampen frå heimebana Stemmemyren, til Brann Stadion.

Men byttet av stadion betydde også bytte av underlag, frå kunstgras og naturgras.

Først ville ikkje Vålerenga gå med på byttet, då skifte av underlag kunne slå negativt ut for spelarane.

Så snudde dei, og i slutten av april i år vart det klart at to av Noregs beste fotballag skulle spela på Brann Stadion.

– No gler me oss til kamp, og til å setja ny tilskodarrekord i Toppserien, sa Rygg då.