Hopp til innhold

Hyllar stemninga på desse kampane: – Dette har vi aldri sett i Toppserien før

Stemninga på tribunen til det nye kvinnelaget i Bergen forbløffar Fotball-Norge.

Stor stemning på Stemmemyren i Bergen, rødkledte Brann-spillere jubler foran fullsatt tribune med fans

BATALJONEN: Brann sin supporterklubb møtte mannsterke opp på SK Brann Kvinner sin kamp på heimebane måndag.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det ferske kvinnelaget til Brann har så langt imponert i Toppserien. Resultatet etter fire kampar er full pott.

Men noko som har imponert endå meir er det som skjer på tribunen.

Måndag denne veka sto hundrevis av raudkledde supportarar stod på tribunen då SK Brann Kvinner dei slo Rosenborg.

Supporterklubben Brann Bataljonen har heia fram Brann sine spelarar i snart 20 år.

No har dei for alvor omfamna det ferske kvinnelaget til Brann.

– Det er ingen kvinnelege klubbar som har etablert ein skikkeleg supporterkultur enno. Der skal me vera først, seier Erlend Ytre-Arne i Bataljonen.

Brann Kvinner - RBK

Leiar i Bataljonen, Erlend Ytre-Arne, har eit mål om å bli det største og beste supporterlaget i Toppserien.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Vanskelegare å prate saman under kampen

Kaptein i SK Brann, Tuva Hansen, seier det blir vanskelegare å prate saman under kampen med så mykje støy.

Men at det er heilt i orden.

– På kampane er det dritkult. Du høyrer verkeleg supporterane. Eg snakka med Rosenborg-spelarane, og til og med dei sa det var kjekt.

NRKs fotballekspert Carl Erik Torp meiner det er på høg tid at kvinnefotball får den entusiasmen den fortener.

– Det er fantastisk å sjå den støtta Bataljonen gir laget sitt. Det er noko me har sakna i kvinnefotball.

Tuva Hansen og Therese Sessy Åsland tar selfie.

SELFIE: Tuva Hansen og Therese Sessy Åsland tok seg tid til ein selfie etter kampen måndag.

Foto: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

Ein revolusjon i fotballen

Interessa for norsk kvinnefotball går inn i ei større forteljing om det som har vorte omtala som ein «revolusjon».

Ei forteljing med fleire symbolske uttrykk:

  • I 2018 vart for fyrste gong Gullballen også delt ut til den beste kvinnelege spelaren – norske Ada Hegerberg i det tilfellet.
  • Før jul vart TV-rettigheitene til engelske Women's Super League, «verdas beste fotballiga for kvinner», prissett til 30 millionar pund.
  • I mars vart det meldt at meir enn halvparten av dei 700.000 billettane til sommarens EM-sluttspel alt er utseld.
Hegerberg, gullballen

HISTORISK: Ada Hegerberg, her med beviset på at hun har vunnet Gullballen som første kvinne noen gang.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Frå bydelslag til «nasjonallag»

I alt var det 1180 personar på toppkampen mellom Brann og Rosenborg andre påskedag.

– Det er klart at me merkar forskjell. Me er blitt ein del av ein heil by som er veldig engasjert, seier Alexander Straus, som er trenar for klubben.

Men at så mange kjem for å sjå ein kamp i kvinnene sin toppserie er ikkje kvardagskost.

– Me trekker like mange tilskodarar her som dei gjer på dei fleste andre arenaer til saman, seier Straus

Også sportskommentator i NRK, Carina Olset, merka seg stemninga på toppkampen:

Carina Olset Tweet
Foto: Screengrab Twitter

Trur ikkje det har så mykje å seie for resultatet

Egil «Drillo» Olsen er skeptisk til om god stemning på tribunen gir utslag på poengtavla.

– Eg meiner det er litt overdrive. Det er hyggeleg og god stemning, men at det påverkar resultatet i veldig stor grad trur eg ikkje noko på.

Leier i Bataljonen, Erlend Ytre-Arne, er sikker på at supporterane ikkje vil gi seg med det første.

– Det er jo eit lag som vinn. Det er vi ikkje vant til, ler han

Han legg til:

– Det er fantastisk gøy. Me skal bli størst og best.

Bataljonen var på plass under Brann Kvinner

MÅLET: Leiar i Bataljonen, Erlend Ytre-Arne, vil at dei skal vere det største og beste supporterlaget i Toppserien.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK