Hopp til innhold

Vålerenga snur: Vil likevel spela på Brann Stadion

Vålerenga seier no ja til å spela på Brann Stadion 5. juni.

Brann Kvinner leder 3-0 til pause i lokaloppgjøret mot Arna-Bjørnar 27.03.22

Brann er svært godt nøgde med at Vålerenga vil møta dei på Brann Stadion.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

I januar tok SK Brann Kvinner initiativ til å flytta kampen mot Vålerenga frå heimebana Stemmemyren, til Brann Stadion.

Målet var å skapa ein folkefest og å setja publikumsrekord i Toppserien.

I går kom det fram at Vålerenga sa nei.

Grunnen var at dei ikkje ønskte å spela på naturgras, då kampen i utgangspunktet skulle spelast på kunstgras. Både Brann og Vålerenga trenar vanlegvis på kunstgras, og spelar kampane sine på same underlag.

No har Vålerenga ombestemt seg.

– Vålerenga er alltid med på folkefest, seier klubbdirektør i Vålerenga Fotball, Harriet Rudd.

Vålerenga har no fått høve til å trena på gras i Bergen før kampen.

– Me har hatt ein veldig god dialog med Brann det siste døgnet, og saman har me funnet ei veldig god løysing som gir optimale kampførebuingar for begge lag, seier ho.

Stor stemning på Stemmemyren i Bergen, rødkledte Brann-spillere jubler foran fullsatt tribune med fans

Då Brann spelte mot Rosenborg tidlegare i vår heia svært mange frå supporterklubben Brann Bataljonen fram spelarane sine.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Rosar Vålerenga

Therese Andvik Rygg, konstituert dagleg leiar i Brann, rosar Vålerenga for snuoperasjonen.

– Dei siste dagane har det vore god dialog mellom klubbane, og Brann ønskjer å gi ros og anerkjenning til Vålerenga, seier Rygg.

brann-avlyst

Therese Andvik Rygg er svært godt nøgd med å kunna invitera til folkefest likevel.

Foto: Maria Fjell / NRK

Ho fortel at det storma veldig rundt begge lag i går, men at dei no er samde om at dei ønskjer å skapa folkefest. Klubbdirektøren i Vålerenga er einig.

Det er fint å sjå at også kvinnefotballen klarer å vekkja denne typen «passion» og engasjement, seier Rudd.

Brann erkjenner at klubbane og NFF burde hatt betre dialog, og viser til at Brann på eit tidleg tidspunkt skulle formidla ambisjonane om ein folkefest.

– No gler me oss til kamp, og til å setja ny tilskodarrekord i Toppserien, seier Rygg, som drøymer om ti tusen publikummarar.

– Om me får til det set me verkeleg kvinnefotball på kartet, og det er jo det me jobbar for kvar dag.

Les også Hyllar stemninga på desse kampane: – Dette har vi aldri sett i Toppserien før

Stor stemning på Stemmemyren i Bergen, rødkledte Brann-spillere jubler foran fullsatt tribune med fans