Hopp til innhold

Sjåfør måtte rygge 3,5 kilometer på smal veg: – Vart sveitt på ryggen

På ein snirklete veg ut mot Stad vart yrkessjåføren sett på sitt livs største prøve.

Fv 620 på Stadlandet har lenge vore berykta, og har difor fått øvste prioritet i Stad kommune sitt innspel til Regional Transportplan (RTP).

UØNSKT HENDING: Ryggeturen på fylkesveg 620 er registrert hos Statens vegvesen som ein såkalla «uønskt hending». Det er ikkje bilen på bildet som rygga den lange vegen.

Foto: Siri Kolseth

– Sjølv vi som er yrkessjåførar blir litt på sveitte på ryggen da, seier Sverre Leikanger i Stadt maskin.

Tidlegare i år vart ein kollega av han sett på si hittil største prøve: 3,5 kilometer rygging, med eit fleire titals tonn tungt køyretøy.

På smal vestlandsveg mellom fjord og fjell.

Sjåføren hadde ikkje noko anna val då han møtte eit like stort køyretøy på fylkesveg 620 på nordsida av Stadlandet.

– Eg veit ikkje kor lang tid det tok, men du kan jo tenke deg, seier Leikanger.

Ryggeturen er registrert hos Statens vegvesen som ein såkalla «uønskt hending», og er ikkje den einaste på den berykta vegen.

Dei siste åra har strendene på Stadlandet blitt ein valfartsplass for unge surfarar og tyske bubilturistar, og kvar sommar må naboar og fastbuande tre til for å hjelpe sjåførar som ikkje er førebudd på kva konseptet «vestlandsveg» kan innebere.

Fylkesveg 57 langs Dalsfjorden mellom Bygstad i Sunnfjord kommune og Dale i Fjaler.

FYLKESVEG 57: I ny nasjonal transportplan (NTP) la regjeringa opp til «lokal delfinansiering» for å ruste opp fylkesvegane, som i alt tel 45.000 kilometer.

Foto: Bent Are Iversen / FIRDA

– Heilt meiningslaust elendig

– Standarden på vegen er heilt meiningslaust elendig sett i høve trafikkmengda, seier Alfred Bjørlo (V), som var ordførar i Stad kommune fram til han vart vald inn på Stortinget i haust.

I innspel til Regional Transportplan (RTP) skriv kommunen at «vegen er så smal at passeringar ofte må skje på privat eigedom».

Dei legg til at veksten i reiselivet og vedtaket om Stad Skipstunnel «gjer at det hastar meir enn nokon gong å få rusta opp dei viktigaste og mest trafikkerte næringsvegane».

I desember i fjor vedtok Stortinget at Stad skipstunnel skal byggjast.

Margreth Olin Leivdal i Stadlandet Bedriftsforening håpar Vestland fylkeskommune ser skipstunnelen og fylkesvegen i lys av kvarandre.

– Kanskje vi kan nytte steinmasse frå tunnelen til å utbetre vegen. Det vil vere kortreist og miljøvennleg, seier ho.

Ho sender ballen til Hovedutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune, og seier det no er opp til desse å sørge for «fortgang og at noko skjer».

Jannicke Bergesen Clarke (Ap) er leiar i nemnde utval.

– Det er veldig bra at dei er tydelege på kva for prosjekt som er viktigast for dei å utbetre, seier ho, men legg til at dei må prioritere strengt.

– Eg kan ikkje per no forskottera einskildstrekningar, seier Jon Askeland (Sp), ordførar i Vestland.

Dei endelege prioriteringane i Regional transportplan for 2022–2033 i Vestland er venta i juni neste år.

Etterslepet på vedlikehald av fylkesvegane har vore rekna til å liggje på om lag 80 milliardar koner, og Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) har rekna ut at det veks med 3 milliardar i året.

– Fylkeskommunane må sjølv sikre framtidig vedlikehald, sa direktør i OFV, Øyvind Solberg, i januar.

Fv 620 på Stadlandet har lenge vore berykta, og har difor fått øvste prioritet i Stad kommune sitt innspel til Regional Transportplan (RTP).

ELENDIG: – Standarden på vegen er heilt meiningslaust elendig sett i høve trafikkmengda, seier Alfred Bjørlo (V).

Foto: Tormod Flatebø

Ny tilskotsordning til fylkesvegane

– Det er på tide at fylkesvegane får eit løft, sa Knut Arild Hareide då han var på veg ut døra som samferdsleminister.

I forslag til statsbudsjett for 2022 la han opp til ein «ny øyremerkt tilskotsordning til vedlikehald, fornying og utbetring av fylkesvegane» – på 290 millionar kronar.

Men pengane kjem ikkje utan heft. Sidan det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegane, må fylkeskommunane stille med ein eigendel som er minst like stor som den statlege delen.

«Dette skal ikkje vere ein søknadsbasert ordning, men fylkeskommunane skal sjølv prioritere vegar», skriv Samferdsledepartementet i sitt budsjettframlegg (s. 104).

10. november er siste frist for Støre-regjeringa til å legge fram sit alternative statsbudsjett for Stortinget.

Nøkkeloverrekkelse

TOK OVER: Tidlegare i månaden var det nøkkeloverrekking mellom Knut Arild Hareide (KrF) og Jon-Ivar Nygård (Ap) i samferdselsdepartementet.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Staten set fylka i ein umogleg situasjon

Medlem i samferdsleutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp), seier til NRK at det er «heilt uhøyrd» at fylka skal måtte dekke halvparten av investeringane.

Fylkeskommunane overtok ansvaret for fylkesvegane frå staten i 2010.

Djuvik legg til:

– Staten set fylka i ein umogleg situasjon, med ein gigantisk vegportefølje, men utan økonomiske føresetnader til å løyse utfordringane og etterslepet.

Trude Brosvik (KrF), som sit i det same utvalet som Djuvik, uttaler seg til meir forsiktig:

– Vi må prøve å rigge oss slik at vi får mest mogeleg ut av den statlege spleiseordninga.

NRK har vore i kontakt med Samferdsledepartementet, men har førebels ikkje fått svar på våre spørsmål.

LES OGSÅ: Jon-Ivar Nygård (Ap) er første samferdselsminister frå Austlandet på 20 år