Hopp til innhold

Vil nekte folk å campe kvar dei vil i strandparadis

Frykt for koronasmitte, forsøpling og avføring gjer at campingplasseigar og politikarar vil nekte folk å bruke allemannsretten i naturperla Hoddevik.

Samuel Sandnes Nyhus (10) på stranda i Hoddevika.

INGENTING LEDIG: Dei siste helgene har det vore smekkfullt på campingen i Hoddevika. Samuel Sandnes Nyhus (10) var ein av dei heldige som fekk plass.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

På Hoddevik strandcamp på Stadlandet ytst i Nordfjord har det vore smekkfullt fleire helger på rad.

Varme og sandstrand lokkar langt fleire enn dei 30 plassane dei har tilgjengeleg på campinga.

– Alle plassane våre er oppbestilte. Vi ønsker at dei som ikkje har fått plass hos oss, utset campingturen i Hoddevika til ein annan gong, seier dagleg leiar Magnhild Hoddevik til NRK.

Vanskeleg å nekte

Smittevern er eit viktig argument, men også at det er avgrensa areal for alle i strandbygda.

– Vi opplever at gjester som ikkje får plass hos oss vel å setje opp telt i utmarka. Det seier vi at vi ikkje ønsker.

Ho er klar på at ein ikkje kan nekte folk å telte i utmark, så lenge allemannsretten gjeld. Såkalla villcamping.

Men ho tykkjer det er ubehageleg når folk campar utanfor campen, og dermed heller ikkje har direkte tilgang til sanitærbygget.

Bygget er offentleg toalett og er ope for alle.

– Det seier seg jo sjølv at dersom du har sett opp teltet ditt så langt frå sanitærbygget at det blir for langt å gå dit, så blir jo ting gjort andre stadar. Det er ikkje så kjekt for nokon, seier campingsjefen.

Hoddevik

NATURPERLE: Hoddevika på Stadlandet har ei av dei flottaste sandstrendene i Noreg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Skal vere trygt

Dei siste par vekene har det vore strålande vêr i Sør-Noreg, noko som har ført til eit auka press på dei spesielle campingplassane ved sandstrendene i vest.

– I helgene er det stort sett fullt. I fellesferien er det nokre få ledige plassar enkelte dagar.

Koronasituasjonen gjer at dei neppe kan bruke alle tilgjengelege område i Hoddevika denne sommaren.

– Det handlar litt om kva vi er komfortable med å ha ansvaret for.Vi har forsterka reinhald og følgjer kommunelegen sine tilrådingar. Vi gjer det vi kan frå vår side at det skal vere trygt, slår ho fast.

Får støtte frå kommunen

Hoddevik får no støtte for synet sitt frå ordførar i Stad, Alfred Bjørlo frå Venstre.

– Det er så stort press på dette området at vi ønskjer å forby villcamping, seier Bjørlo.

– Men kan de gjere dette i forhold til allemannsretten?

– Vi meiner det er anledning til å gjere det i område der det er spesielt stort press. For Stad kommune sin del gjeld dette både Hoddevika og Ervika.

Forbodet kan ikkje setjast i verk før Fylkesmannen har gitt dispensasjon frå den lovfesta allemannsretten.

Stad kommune sender no forslaget ut på høyring. Det vil seie at det neppe blir lagt ned noko forbod på denne sida av sommaren.

Det er tidlegare gjort nokre unntak frå regelen i Noreg, blant anna i Lodalen i Stryn. Der må du bu på campingplass, hytte eller hus for å få lov til å overnatte.