Hopp til innhold

Kystkommune kan bli splitta igjen - Staten førebudd på å ta delar av rekninga

Kommunesentera ligg 100 kilometer unna kvarandre, og midt i mellom ligg ein annan kommune. Tysdag opna førehandsrøystinga for innbyggarane i Kinn om kommunen skal delast opp igjen.

Under Solberg-regjeringa blei det vedtatt i Stortinget å redusere talet på kommunar i landet.

To av kommunane som frivillig blei slått saman var Vågsøy og Flora i Vestland, kjend for byane og kommunesentera Måløy og Florø.

Sidan har det vore diskutert om nykommunen Kinn, som er delt i to av kommunen Bremanger, har livets rett.

Over ein time med hurtigbåt og over to timar med bil tar det mellom Florø og Måløy som er dei to kommunesentera i Kinn.

– Viktig at folk seier si meining

Tysdag starta folkerøystinga der folket i kommunen skal få seie sitt om dei vil behalde den frivillig samanslåtte kommunen eller ikkje. Valdagen er 1. september, men innbyggjarane kan førehandsstemma allereie no.

– Det er viktig at folk no seier si meining om kommunen, seier Jacob Nødseth, kommunestyrerepresentant for Venstre i Kinn.

Han er ein av dei som har troppa opp ved røystelokale i Florø for å avlegge si stemme.

– Eg håper vi får eit tydeleg ja til Kinn kommune, seier Nødseth.

– Noko som har hengt ved denne kommunen

Dag Frøyen er journalist i lokalavisa Firdaposten som har vore tett på diskusjonane om kommunen.

Han peiker på at det i forkant av samanslåinga var ei folkerøysting i Vågsøy som var negativ til ei samanslåing.

– Og det er noko som har hengd ved denne kommunen sidan.

Ved røystelokale i Måløy var Geir Oldeide ein av dei 115 som møtte opp for å avlegge stemma si i den nordlege delen av kommunen.

Geir Oldeide frå Raudt i Kinn.

Geir Oldeide frå Raudt i Kinn var ein av dei som avla stemma si første dagen av folkerøystinga.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes/NRK

– Vi på den sida som ønsker deling har vore veldig klare: Eit klart svar frå folket, må avgjere striden, seier Geir Oldeide, kommunestyrerepresentant for Raudt i Kinn.

15 millionar frå regjeringa

Same dag som kommunen i Vestland opna røystelokala, kom kommunal- og distriktsdepartementet med ei melding.

Dei seier at regjeringa vil vere med og ta delar av rekninga om Kinn blir delt.

15 millionar er det snakk om som ein eingongssum.

Men kor mykje desse 15 millionane vil bety er vanskeleg å seie.

I revisjonsselskapet BDO sin rapport om konsekvensane av ei oppdeling, skriv dei at kostnadar er vanskeleg å vurdere

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik frå Senterpartiet peiker på at millionane ikkje betyr at regjeringa har tatt stilling i saka.

– Det vi gjer kan ikkje tolkast til inntekt for verken det eine eller andre synet, seier Gjelsvik.

Før valet i 2021 gjekk Senterpartiet til val på at samanslåtte kommunar kunne bli løyst om dei ville.

Samla var det 115 som møtte opp gamle Vågsøy for å stemme første dagen av folkerøystinga. I gamle Flora var det 108 som var innom for å røyste.

Men det er ikkje eit enkelt val, meiner Silje Sunde som står ved røystelokale i Florø.

– Eg føler det er plikta mi som innbyggar å stemme, seier ho.