Hopp til innhold

Senterpartiet vil førebels ikkje betale for å dele opp denne kommunen

Ei oppsplitting av det – som i alle fall på kartet – er den mest spesielle kommunen i Noreg, vil truleg koste fleire titals millionar kroner. Ingen veit kven som skal ta rekninga.

KINN: Kommunen (merka med blått) består av tidlegare Vågsøy i nord og Flora i sør. Mellom her ligg Bremanger som ikkje blei med på samanslåinga. Måløy og Florø er dei to administrasjonssentera i Kinn kommune.

I februar søkte lokalpolitikarane i Kinn departementet om å få greie ut ei splitting.

No visar den nye utgreeiinga at ei oppdeling av Kinn vil både koste og gi dårleg tenestetilbod til innbyggjarane.

Sjølv om regjeringa har sagt at dei vil ta rekninga for oppløysing av kommunar som er tvangssamanslegne, kan politikarane per no ikkje komme med lovnadar.

– Kinn er ein frivillig samanslått kommune. Kven som skal dekke kostnadane ved ei deling og korleis desse skal fordelast, må vi komme tilbake til, seier Heidi Greni, som er kommunalpolitisk talsperson i Senterpartiet.

– Det var vel den einaste frivillige kommunesamanslåinga vi stemte mot, nettopp fordi det ikkje ville tene innbyggjarane.

Heidi Greni

HAR IKKJE BESTEMT SEG: Kommunalpolitisk talsperson i Sp, Heidi Greni.

Foto: Arne Kristian Gansmo

Heller ikkje Kommunal- og distriktsdepartementet kan førebels love pengestøtte til ei eventuell deling av Kinn.

Departementet har i skrivande stund ikkje ytterlegare informasjon å gi om dette, skriv dei i ein e-post til NRK.

Krangel og krevjande økonomi

Flora og Vågsøy delte ikkje kommunegrense før dei slo seg saman til Kinn kommune.

Den to og eit halv år gamle storkommunen på vestlandskysten har fått ein trå start, med nærast samanhengande krangel og krevjande økonomi.

Like før jul opna Høgre, som har vore garantist for kommunen, dørene for både folkerøysting og omkamp.

Dei som ønskjer skilsmisse peikar både på kulturskilnader, ingen felles geografisk grense og store avstandar. Reiseavstanden på to vel to timar med bil mellom administrasjonssentera Måløy og Florø

– Eg trur alle som har sett på geografien, ser at det er ein noko snodig konstruksjon, sa kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik til NRK i april.

Les også Greier ut splitting av «Noregs raraste kommune»

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik lyttar til lokalpolitikarane i Kinn og ber over påske Statsforvaltaren i Vestland om å greie ut oppløysing av storkommunen.

Rapport: Trur det blir krevjande

Departementet bad Statsforvaltaren i Vestland om ei utgreiing av Kinn kommune.

Og torsdag kom rapporten frå rådgjevings- og revisjonsselskapet BDO som fekk oppdraget med utgreiinga der om lag 50 leiarar, tillitsvalde, næringslivsfolk og politikarar er intervjua.

Hovudkonklusjonen er altså at ei oppdeling av Kinn vil gi store ekstrakostnader og utfordringar med å gi innbyggjarane godt nok tenestetilbod.

Ein ny Vågsøy kommune vil ha om lag 5380 innbyggjarar og ein ny Flora om lag 11.750.

– Allereie i dag er det ein utfordrande økonomi i kommunen. Økonomien i to nye kommunar vil ikkje bli betre, og særleg gjeld dette i ein ny Vågsøy kommune, seier prosjektleiar Bendik Rød Karlsson i BDO.

Ved samanslåinga fekk kommunen i 41 millionar i tilskot. I tillegg er det brukt 10–20 millionar frå kommunen sjølv, ifølgje rapporten.

Ventar spent

Ola Teigen

ORDFØRAREN: Ola Teigen (Ap) er spent på kven som må ta rekninga ved ei deling av kommunen.

Foto: Oda F. Lødemel / NRK

Ordførar Ola Teigen (Ap) seier at kommunen i dag ikkje har rekna på kva ei oppløysinga vil koste.

– Som ordførar ønskjer eg at alle kostnader skal dekkast, men Kinn er ei frivillig samanslåing. Eg forstår innvendinga frå dei som seier at etter to og eit halvt år er det litt tidleg å be om dei same midlane som vi fekk ved samanslåinga. Det blir spennande å sjå kva vedtak departementet kjem med.

– Har Kinn pengar sjølv til ei oppløysing?

– Det vil alltid handle om prioriteringar. Skal vi bruke 43 millionar kroner på deling, går det utover andre tilbod. Det kan vere krevjande i ein situasjon der vi strever med å få kontroll med den drifta vi har.

Håper på snarleg svar

Det skal haldast ei folkerøysting om ja eller nei til deling 1. september, før kommunestyret tek ei avgjerd 7. september.

Men førehandsrøystinga startar 2. august, og ordførar Ola Teigen har bede departementet om ei avklaring om pengespørsmålet før den tid.

– Har du tru på at dette kjem?

– Ja, forventar eg, for det vil vere eit tungtvegande argument for mange, så dette må vi ha svar på, seier han.

Les også Støre om kommuneoppløysingar: – No har vi sett strek

Statsminister Jonas Gahr Støre i Politisk kvarter