– Asfalten lyt vi blø for. Det synest eg ikkje er heilt rett, seier Harald Even Fosse i Fosse Maskin og transport.
Entreprenøren er blant dei som har merka dei auka prisane på asfalt.
Dagleg leiar Harald Even Fosse i Fosse maskin og transport (i oransje) er bekymra for auka asfaltprisar.
Foto: Sondre Dalaker / NRKÉin meter riksveg kosta i snitt om lag 200 kroner meir i fjor enn i 2019.
Det utgjer rundt 200.000 kroner meir for éin kilometer veg.
– Vi får mindre asfalt for pengane i år samanlikna med i fjor, seier Even Sund, som jobbar med vedlikehald av riks- og europavegar i Vegvesenet.
Og prisane stig i ein rasande fart.
Vegvesenet har enno ikkje lyst ut årets kontraktar for asfaltering. Sund forventar likevel at asfaltprisane kjem til å ligge 20 prosent over prisnivået i 2022.
Årsaka er mellom anna dyrare bensin, olje, straum og gass.
Eit langt lerret å bleike
I Vestland har prisen for éin meter fylkeskommunal asfalt blitt 30 prosent dyrare på to år.
– Når kostnadane aukar, får vi gjort mindre, seier avdelingsdirektør for veg og infrastruktur Dina Lefdal, i Vestland fylkeskommune.
Med over 5500 kilometer fylkesveg har Vestland mykje asfalt som skulle blitt lagt.
– Kostnadane et opp handlingsrommet til å legge meir asfalt, og å gjere vedlikehald på vegane våre, seier Lefdal.
Det er mange slitne fylkesvegar i Vestland.
Foto: Oddgeir Sæle / NRKSamla har Noreg over 44.000 kilometer fylkesveg som må haldast ved like.
Men prisane varierer frå fylke til fylke.
– I fjor hadde vi ikkje ein auke utanom det vanlege, seier prosjektleiar for asfalt og vegmerking, Hilde Heieren, i Viken fylkeskommune.
Dei har ikkje lyst ut årets asfaltkontraktar enno, men ser positivt på prisane for 2023.
– Vi antar at det vil gå noko opp, men vi har ingen signal om at det blir ein drastiske auke.
I Hurdalsplattformen har regjeringa erklært at dei vil få på plass ein forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.
Då finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum besøkte entreprenørar i Sogn førre veke, var dei høge asfaltprisane eit tema, utan at entreprenørane fekk lovnader.
Harald Even Fosse i Fosse maskin og transport tok opp noko av det som bekymrar han mest: asfaltprisane.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK– På asfalt må vi sjå om vi må gjere justeringar dersom prisane går opp og ned, sa Vedum.
Utbyggarane skal ta meir av risikoen
Fosse, som driv entreprenørverksemd i Vik i Sogn, fortvilar over at prisen endrar seg frå tidspunktet dei gjer avtale om eit oppdrag, til asfalten skal leggast.
– For å legge asfalt lyt vi betale i staden for å tene pengar.
Etter prisveksten i 2022 skal Vegvesenet som byggherre ta meir av risikoen knytt til prisauken.
Vegen mellom Bondiviki og Fardal i Sogn held på å bli oppgradert.
Foto: Sondre Dalaker / NRK– Vi vil kompensere entreprenørane for all prisstigning gjennom bruk av SSB's indeks for asfaltering, og ikkje berre for bitumen som før, seier Sund i Vegvesenet.
Bitumen er ein av hovudingrediensane i asfalt. I tillegg blir prisnivået påverka av mellom anna olje, gass, straum og arbeidskraft.
Tidlegare har dette ikkje blitt tatt høgde for når ein har kompensert for prisveksten på asfalt.
I Vik i Sogn er sjefen Fosse Maskin og transport forsiktig optimist.
– Eg håpar vi har nådd botnen og at det skal gå rett veg no, seier Harald Even Fosse.