Hopp til innhold

Plan om å overføre statseigd skog til aksjeselskap møter motstand

Regjeringa vil overføre gigantisk skogsområde til eit kommersielt aksjeselskap. Ei oppskrift på meir naturtap, svarer kritikarar.

Leif Edvind Ollila i Pasvik nasjonalpark

SKOG A/S: Regjeringa vil overføre skogsområde som i dag sorterer under Barne- og familiedepartementet til eit aksjeselskap under Næringsdepartementet. Då gjekk alarmen hos fleire norske natur- og friluftsorganisasjonar.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kven som eig dei enorme verdiane i Opplysningsvesenets fond (OVF) har vore diskutert sidan det blei oppretta i 1821, og i fjor kom ei foreløpig avklaring da buet vart delt mellom staten og Den norske kyrkja.

I eit passe minneleg skilsmisseoppgjer fekk Kyrkja overta eigedommane med «særskilt kyrkjeleg verdi».

Medan staten sikra seg resten av eigedommane, nesten tusen kvadratkilometer med skog og utmark.

Eller med eit bilete: Eit areal tilsvarande halve Vestfold.

Men Adam var ikkje lenge i paradis, og no blåser det på ny opp til strid.

Bakgrunnen er at regjeringa vil gjere om sin «medgift» til eit aksjeselskap.

Stortinget skal ta stilling til saka 28. mai.

I lovforslaget gjentek Barne- og familiedepartementet tre gonger at målet med det nye selskapet er «høgast mogleg avkastning».

NRK er kjent med at ordlyden og den uttalte koplinga mellom profitt og forvalting har skapt uro hos fleire natur- og friluftsorganisasjonar

I høyringsrunden åtvarar dei om at endringa frå fond til aksjeselskap vil:

  • auke utbyggingspresset
  • bidra til ytterlegare naturtap
  • svekke tilgangen til jakt og fiske i dei gamle «prestegardsskogane»

– Dette er svært viktige naturverdiar og store allmenne interesser. Det vil vere heilt feil å plassere dette under ein eigarskap med mål om å maksimere profitt, seier leiar i Sabima, Christian Steel.

NRK har vore i kontakt med departementet, som avviser alle skuldingar.

Fondet har også vore drive kommersielt fram til no, så det er ikkje noko nytt i den kommersielle innretninga, seier statssekretær i Barne- og familiedepartementet, Trine Fagervik.

Ho legg til at det nye selskapet vil fortsette å tilby jakt- og fiskerettar til folk flest, og presiserer at sal av skog og eigedom skal skje «innanfor berekraftige rammer».

Sjå heile svaret frå departementet lengre ned.

Opplysningsvesenets fond

Dei såkalla «prestegardsskogane» (dei raude prikkane) ligg spreidde over heile landet. – Sjølv om mange av utmarkseigedommane i OVF er små og mellomstore, er dette likevel verdifulle område for jakt, fiske og anna friluftsliv, seier Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF).

Foto: OVF

Vil fungere som ei rein pengemaksimeringsmaskin

På Stortinget seier dei skarpaste kritikarane at saka er symptomatisk for ei regjering som «abdiserer» i spørsmål om naturvern.

Her er det på tide å trekke i nødbremsen, og ikkje sette hundre tusenvis av eigedommar i skog og utmark ut til eit aksjeselskap som skal maksimere profitt, seier Sofie Marhaug (R).

Les også Ny milliardsatsing på skogvern

Skog på Gran

Rasmus Hansson (MDG) anbefaler å overføre eigedommane til statseigde Statskog, «som i det minste har visse miljømål».

I alle fall viss alternativet er eit aksjeselskap som vil fungere som ei rein pengemaksimeringsmaskin, seier han.

Kvinne med halvlangt hår ble blå tskjorte står foran en en gressplen og noen grønne busker.
Den Norske Turistforening

Maylinn Stomperud, fagsjef naturforvaltning i DNT

- Her er det snakk om store areal som kan gi folk over heile landet høve til å oppleve norsk natur. Det er heilt feil om maksimal avkastning skal vere målet med å eige desse områda; dei må forvaltast til det beste for fellesskapet. Den beste løysinga er å overføre eigedommane til Statskog.

Truls Gulowsen norsk miljøaktivist
Ksenia Novikova / A7IIIENG4

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

- Vi ser ingen grunn til å opprette eit eige nytt statleg aksjeselskap med kommersielle formål for på vareta prestegardsskogane, og meiner det er langt meir naturleg at desse blir overførte Statskog. I overføringa bør det gjerast tydeleg at desse nye tilgangane skal brukast til å auke Statskogs bidrag til å oppnå måla i Naturavtalen, samtidig som den allmenne tilgangen må sikrast.

Line Lillebø Osfoss
NJFF

Line Lillebø Osfoss, Norges Jeger- og Fiskerforbund

- Regjeringa kan gi garantiar for den allmenne tilgangen til jakt og fiske der staten er grunneigar, og dei kan sikre ei god naturforvaltning. NJFF meiner regjeringa gir frå seg desse moglegheitene ved å etablere eit aksjeselskap. Vi forventar at Stortinget gir regjeringa beskjed om å fastsette føringar for selskapet som handlar om litt meir enn maksimal avkastning og kommersielle interesser.

Sigve Reiso stiftinga Biofokus
stiftinga Biofokus

Sigve Reiso, stiftinga Biofokus

- Det er høgst usikkert om forvaltninga blir betre ved eit sal og omgjering til AS av OVF-skogane. Skog er så mykje meir enn økonomisk avkastning, det handlar om ei rekke økosystemtenester, som legg grunnlaget for eksistensen og trivselen vår. Vi meiner det er naturleg at slike «offentlege» eigedommar i størst mogleg grad er flaggskip for ein aktiv og ei ambisiøs skogforvaltning.

Christian Steel generalsekretær i Sabima
Roger Brendhagen

Christian Steel, Sabima

- OVF er ein av dei største skogeigarane i landet, og forvaltar derfor svært viktige naturverdiar og store allmenne interesser. Det ville vere heilt feil veg å gå å plassere dette under ein eigarskap med mål om å maksimere profitt. Regjeringa må ta på alvor sitt eige mål om la «natur og klima vere ramma rundt all politikk», og sørge for at «prestegardsskogane» blir forvalta best mogleg.

Hans Erik Lerkelund fagsjef for naturforvaltning i Norsk Friluftsliv
Norsk Friluftsliv

Hans Erik Lerkelund, fagsjef for naturforvaltning i Norsk Friluftsliv

- Eigarskapen til skog- og utmarkseigedommane i OVF må sjåast i ein breiare samfunnsmessig samanheng enn maksimal avkastning. Der staten er grunneigar, kan regjeringa nytte eigedommane for å nå viktige friluftslivspolitiske mål, under dette den allmenne tilgangen til jakt og fiske. Overføring til Statskog vil sikre at alle får høve til jakt og fiske til overkommelege prisar.

Rasmus Hansson stortingsrepresentant og næringspolitisk talsperson i MDG.
Annika Byrde / NTB

Rasmus Hansson, MDG

– Det er openbert at Statens skogar nå må bli eit verkemiddel for å bygge opp igjen natur og dyreliv og innfri han den globale naturavtalen Noreg er forplikta til. Det er håplaust av regjeringa å banke på plass eit verkemiddel med så stor betydning for naturen mens ein samtidig somlar med oppfølginga av avtalen.

Ola Elvestuen i utsiktstårnet på Kjerringhøgda i 2018
Østmarkas Venner

Ola Elvestuen, Venstre

- Det viktigaste er at ei eventuell omlegging av Opplysningsvesenets fond sikrar allmenta tilgang til friluftsliv på lik linje som før. Utover dette må ikkje endringane føre til at natur blir bygd ned. Eventuell organisering har vi ikkje tatt stilling til enda.

Fosen Dommen
William Jobling / NRK

Sofie Marhaug, Raudt

– Vi støttar heilhjarta oppløysinga av Opplysningsvesenets fond, men kommersialisering er ikkje vegen å gå. Da regjeringa sende saka på høyring hadde dei ikkje greidd ut forvaltninga av skog- og utmarkseigedommane som ei eiga sak. Den tydelege kritikken frå Miljødirektoratet viser at det er på tide å trekke i nødbremsen.

Trond Gunnar Skillingstad Statskog
Statskog

Trond Gunnar Skillingstad, Statskog

- Alle friluftsorganisasjonane og ei rekke andre organisasjonar peikar på oss til å overta. Vi er veldig glade for den breie tilliten til at Statskog er ei god og framtidsretta løysing for å forvalte norsk natur til fellesskapens beste

Eri Melhus Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom
Isabelle Dorothy Fuglevig Poole

Eri Melhus, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom

- Å overføre prestegårskogene til eit aksjeselskap med mål om mest mogleg profitt, er det motsette av naturvern. Det krevst handling for å sikre at vi oppnår måla i Naturavtalen. Nå er det på tide at alle dei flotte orda om naturverdi, blir til handling. Vi håpar Stortinget ber Regjeringa finne betre alternativ som sikrar best mogleg forvaltning.

Statskog vil overta ansvaret

I statuttane til Statskog heiter det at føretaket skal «vere ein garantist for den allmenne tilgangen til jakt, fiske og friluftsliv».

I tråd med dette har Statskog tilbode seg å overta ansvaret for eigedommane, slik dei gjorde då staten kjøpte giganteigedommen Meraker Brug til 2,65 milliardar kroner i 2022.

Prisen er omstridd, og Dagens Næringsliv melde tidlegare i mai at staten kunne lagt éin milliard kroner mindre på bordet, og framleis vunne den hemmelege bodrunden.

Fleire av dei NRK har vore i kontakt med gjer eit poeng av at regjeringa viser «påfallande» meir kjærleik for Meraker Brug enn for dei gamle prestegårdskogane.

Flyfoto av Meraker Brug og Meråker sentrum med slalombakkene bak.

På Stortinget vil kontroll- og konstitusjonskomiteen sjå på om regjeringa spelte korta sine feil og om den påståtte faren for at Meraker Brug (bilete) kunne hamne på utanlandske hender var konstruert.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Svært uheldig med tanke på verdien av god matjord

Regjeringa presiserer at det nye aksjeselskapet berre kan selje jord- og skogeigedommar til aktørar som konsesjonslovgivinga gjeld for, eller som er kontrollert av det offentlege.

Noregs bondelag er likevel bekymra for at endringa «vil utfordre jordvernet og føre til auka nedbygging».

I høyringssvaret skriv dei:

«Det vil vere svært uheldig med tanke på verdien av god matjord som grunnleggande for betre beredskap og matsikkerheit.»

Bakgrunnen for vårt syn er at dyrka jord er ein av dei arealtypane det er størst knappleik på i Noreg, samtidig som jorda ofte ligg sentralt og blir ofra ved behov for utbyggingsgrunn, seier Erlend Stabell Daling i Bondelaget.

Les også Riksrevisjonen kritiserer at matjord blir bygd ned

Gravemaskin i Tingvellier nasjonalpark

Ei av grunngivingane for å gjere om OVF til eit kommersielt aksjeselskap er å sikre midlar til bevaringsprogrammet for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Marit Brandt Lågøyr, viseadministrerande direktør i KA, ønsker derfor konverteringa velkommen.

Dette er hensiktsmessig og ikkje til hinder for vidareutvikling av det samarbeidet som fondet allereie har med lokale jeger- og fiskarforeiningar, seier ho.

Dette gir ei god, heilårleg forvaltning av OVFs skog og utmark, til glede for allmenta.

Tapt natur mens du har lest denne saken:
0m2

NRK forklarer

Hva er egentlig Opplysningsvesenets fond?

Hva er egentlig Opplysningsvesenets fond?

Opplysningsvesenets fond (OVF)

Er et norsk fond som har historie tilbake til middelalderen. De eier masse landområder, presteboliger og kapital.

Hva er egentlig Opplysningsvesenets fond?

Hvor har OVF fått verdier fra?

Verdiene OVF eier har de fra landområdene kirken eide på middelalderen. Når en eiendom ble solgt eller leid ut, gikk pengene inn i fondet.

Hva er egentlig Opplysningsvesenets fond?

Hva er formålet med fondet?

Pengene skal brukes til å forbedre kirkene rundt om i landet. Det vil si til oppussing, utvikle lokalsamfunn, forvalt eiendom, kulturminner og naturressurser.

Hva er egentlig Opplysningsvesenets fond?

Er OVF eid av staten?

OVF har tidligere blitt delt mellom Den norske kirke og staten. Etter et flertall i Stortinget i 2019 besluttet regjeringen at OVFs verdier bør deles mellom kirken og staten. Dette var fordi kirke og stat har skilt lag.

Hva er egentlig Opplysningsvesenets fond?

Hvorfor det vanskelige navnet?

Før var det kirken sin oppgave å gi kunnskap til folket. Derfor skulle pengene fra fondet også brukes til opplysning. Men utover 1900-tallet kom det andre steder å hente informasjon, og fondet ble kun øremerket til kirken.

Hva er egentlig Opplysningsvesenets fond?

OVF i grunnloven?

Allerede i 1814 ble det skrevet at pengene OVF tjente skulle gå til kirke og opplysning, og ikke til noe annet.

Hva er egentlig Opplysningsvesenets fond?

Hvor stort er OVF?

Fondet eier cirka 5900 festetomter (landområde som leies ut over lengre tid, sånn at folk kan bygge på området), 877.000 dekar skog og rundt 52 småkraftverk. 94 ansatte jobber med å forvalte dette fondet.