Hopp til innhold

Slik sparar du mest straum for minst pengar

Det treng ikkje koste skjorta å gjera heimen din meir energivenleg. Dei små og mellomstore tiltaka gir deg mest att, meiner Fortidsminneforeninga.

– Det er kjempegøy, og det er betre å fiksa noko me allereie har enn å kjøpa nytt, seier Margrethe Nygård.

Ho og 19 andre kvinner var nyleg samla i Fjaler for å læra korleis å restaurera gamle vindauge. Ein kunst som kan gjera straumrekninga di ganske mange kroner billigare, dersom du kjenner trekken frå vinduskarmen.

Men i gamle, ærverdige og kanskje verneverdige hus, kan ein fort møte ein vegg av restriksjonar. Då gjeld det å ta dei rette grepa.

– I gamle vindauge kan du setja inn eit ekstra glas på innsida og få betre isolasjon, seier Siv Holmin, kurshaldar for Fortidsminneforeninga.

Straumrekninga kan svi til vinteren

NVE har rekna seg fram til at energiøkonomisering av norske bygningar kan spare heile 10 prosent av Noregs straumforbruk.

Straumprisen har sett rekord etter rekord i det siste.

I september i fjor skreiv NRK om straumprisar «heilt opp i 1,10 kroner per kWt». For å setja det litt i kontrast: Til vinteren spår nokre ekspertar straumprisen opp i 20 kroner per kWt.

Med andre ord blir det dyrt å «fyre for kråkene».

Les også Straumkrisa pressar fram rausare ordning for å ruste opp hus

Joachim Leirbakken fra Aaslund AS blåser isolasjon inn på et kaldt loft i Solhaug menighetshus i Skotselv, Øvre Eiker.

Ta knekken på trekken

Fortidsminneforeningen gjorde nyleg eit forsøk for å finna ut kva utbetringar som gav mest utslag for minst pengar på gamle bygningar og kom fram til følgande tiltak:

  • Tetting av luftlekkasjar.
  • Nye innervindauge eller å setja i stand dei du har.
  • Etterisolering av loft og etasjeskiljarar.
  • Varmepumpe.

– De første 10 centimeterane med isolasjon gir mest innsparing, er beskjeden frå Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen.

Det er betre at fire huseigarar isolerer med 10 cm enn at ein isolerer med 40, meiner han.

Ved å gjere små og mellomstore tiltak kan huseigarar senke energiforbruket til oppvarming med mellom 30 og 40 prosent, er konklusjonen frå Fortidsminneforeningen.

Skal ein spare meir byrjar kostnadane å auke drastisk og tiltaka vert større. Fjeldheim meiner at terskelen for å få støtte frå Enova er for høg og at det er alt for store tiltak som krevst for å få stønad.

– Det er viktig at Enova bruker pengane der det gir best effekt, det vil seie der ein får best energisparing og best klimaeffekt ut frå pengane og då er det små og mellomstore tiltak som vi veit er mest effektive.

Dette falleferdige huset på Røst har nærast vorte ikonisk. Ola H. Fjeldheim er overtydd om at huset kan reddast.
Foto: Einar Stamnes / privat

Å senke terskelen vil bli dyrare

– Å gje tilskot til tiltak som allereie gjennomførast i stort omfang utan tilskot ville bety at ein høg del av tilskotsmidla ville gått til tiltak som uansett ville blitt gjennomført, meiner Tor Brekke, seniorrådgivar i Enova.

Enova meiner at å senke terskelen for støtte vil bli dyrare enn dagens ordning. Allereie etterisolerer over 50 tusen bustadeigarar årleg og 120 000 bustadeigarar byter i snitt 5 vindauge kvar.

Å gi tilskot til tiltak som allereie vert gjennomført i stor grad aukar faren for at prisane går opp, er beskjeden frå Enova.

– I praksis vil tilskotet gå til leverandøren, ikkje til huseigaren, seier Brekke.