Hopp til innhold

Mindre ny kraft enn venta – forbruket auka dobbelt så mykje som veksten

Kraftproduksjonen i Noreg auka med 3,1 TWh i 2021. Det er mindre enn halvparten av kva den auka med året i førevegen.

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kraftproduksjonen i Noreg auka med 3,1 TWh i 2021. Det viser nye tal frå NVE. Det tilsvarer forbruket til 160.000 bustader.

I 2020 auka den norske kraftproduksjonen med 7,1 TWh, altså meir enn det dobbelte.

Vi forventa at det skulle bli bygt noko meir kapasitet i 2021, seier direktør for energi- og konsesjonsavdelingen i NVE, Inga Nordberg.

Elsertifikatordninga gjekk ut ved årsskiftet og NRK har tidlegare skrive om korleis vindkraftbransjen skunda seg for å nå omstridde millionar «i ein kamp mot klokka».

Vindkraftpark i Havøysund.

HAVØYSUND: I alt er det no 15,4 TWh vindkraftproduksjon i Noreg. Det er utgjør omtrent 10 prosent av kraftproduksjonen

Foto: Allan Klo / NRK

Vindkraft står for 10 prosent

Elsertifikata vart oppretta for å gjere det meir lønsamt å investere i fornybar energi. Ordninga inneber at straumkundar må betale ein ekstra kostnad til kraftleverandørane over straumrekninga.

Men koronarestriksjonar gjer at fleire prosjekt har blitt utsett, og gevinsten har blitt mindre enn rekna med.

Totalt vart det sett i drift åtte vindkraftverk i 2021, som til saman produserer 1,7 TWh.

I alt er det no 15,4 TWh vindkraftproduksjon i Noreg. Det er omtrent 10 prosent av kraftproduksjonen.

Det er flott at vi får ein auke av kraftproduksjonen og elsertifikatordninga har vore med å bidra til dette. Det er likevel langt å gå før vi møter forventa etterspørsel dei kommande åra, seier Knut Lockert, som er dagleg leiar i Distriktsenergi.

– Det vil ta tid før havvind kjem

Det totale strømforbruket i Norge auka frå om lag 134 TWh i 2020 til om lag 140 TWh i 2021, noko som er ny forbruksrekord.

Ein ny rapport frå Statnett viser at det norske kraftoverskotet vil vere ete opp innan 2026.

«Sidan forbruksveksten er høgast i sør, får Sør-Noreg et kraftunderskot i 2026», heiter det i rapporten.

Kraftanalytikar Marius Holm Rennesund forventar lite ny produksjonskapasitet dei neste åra sidan investeringane i landvind har stansa opp.

Så vil det ta tid før havvind kjem. Det kan likevel komme noko vasskraft, seier han.

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt ventar seg «ei bølgje av offshorevind når teknologi og utbygging av dette er på plass om tre til fem år».

Han legg til:

Nye vindinvesteringar er vesentleg vanskelegare etter at elsertifikatordninga er avslutta. Vi møter også meir motstand i samfunnet mot vindkraft på land, så her ventar vi ein vesentleg stagnasjon.

Haramsfjellet vindkraft

HARAMSFJELLET: Totalt vart det sett i drift åtte vindkraftverk i 2021, som til saman produserer 1,7 TWh.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

17 saker har vore til klagebehandling

Resten av kraftauken i 2021 kjem frå solkraft og vasskraft, viser rapporten til NVE.

I 2021 er det registrert 53 nye små vasskraftverk. Til saman produserer dei 0,7 TWh.

Fleire små vasskraftverk har også fått avslag, og i alt har 17 saker vore til klagebehandling i Olje- og energidepartementet. Dei fleste avslaga skuldast omsynet til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og reindrift.

NRK skreiv nettopp om det nyaste store vasskraftverket, Jølstra kraftverk i Sunnfjord.

Kraftverket kan forsyne 12.000 hus med straum og er blant dei største som er bygd etter at tida for store vasskraftutbyggingar «gjekk ut».

Frå politisk hald og ute blant folk flest har det vore press i retning av å realisere meir vasskraft.

Sist veke presentere Høgre ei liste over verna vassdrag som kan få «skånsam vasskraftutbygging».