Hopp til innhold

Straumkrisa pressar fram rausare ordning for å ruste opp hus

Krefter på Stortinget ber regjeringa ta milliard-grep for å oppgradere norske hus. Bakom syng spørsmål om kraftforsyning og rasjonering.

Joachim Leirbakken fra Aaslund AS blåser isolasjon inn på et kaldt loft i Solhaug menighetshus i Skotselv, Øvre Eiker.

ENØK-TILTAK: Fleire på Stortinget ber miljøministeren om å lage ein tilleggsavtale med Enova for tilskot til enkle Enøk-tiltak.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Ein analyse frå NVE viser at energiøkonomisering (Enøk) i norske bygningar kan redusere energibruken med 13 terawattimar (TWh), noko som svarer til 10 prosent av Noregs straumforbruk.

På same tid viser ein rapport frå Sintef at berre kvar femte bustadeigar vel å energi-effektivisere husa ved oppussing.

Fleire har difor etterlyst «grønare svar» på straumkrisa.

Dels fordi det er godt for lommeboka til den enkelte straumbrukar.

Og dels på grunn av den anstrengde energisituasjonen. Ifølgje Statnett er det inntil 20 prosent sjanse for at det kan bli rasjonering av straum til våren.

Anne Drømtorp (40) og Vegar Heir (40) ved huset på Refstad i Oslo.

Tysdag fortalde NRK om Anne Drømtorp (40) og Vegar Heir (40) som etter «ein dyr straumvinter» bestemde seg for å etterisolere huset.

Foto: Kjartan Rørslett

Klima- og miljøministeren har makt til å gjere dette no

Ola Elvestuen er tidlegare klima- og miljøminister, og representerer Venstre på Stortinget.

I eit skriftleg spørsmål til klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) ber han statsråden om umiddelbart å lage ein tilleggsavtale med Enova for tilskot til «enkle Enøk-tiltak som varmepumper, jordvarme, etterisolering, solceller og batteri».

Enova er eit statsføretak som skal bidra til meir effektive energiløysingar i norske hus.

Det er ingen grunn til å vente til Stortinget opnar. Klima- og miljøministeren har makt og verkemiddel til å gjere dette no, seier Elvestuen.

Han legg til at årsrapporten for 2021 viser at Enova har 12 milliardar kroner på bok.

I alt ønskjer Venstre at Enova skal bruke éin milliard kroner til Enøk-tiltak kvart år dei neste tre åra – totalt 3 milliardar kroner.

Forslaget får brei støtte på Stortinget og frå organisasjonslivet (sjå faktaboks).

Ola Elvestuen valgbod Karl Johan

– Klima- og miljøministeren har styresmakt og verkemiddel til å gjere dette no, seier Ola Elvestuen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Responsen frå Lars Haltbrekken (SV) er syrleg:

Det er godt å sjå at Venstre endeleg har fått opp augo for viktigheita av Enøk, seier han.

Partikamerat av Elvestuen og dåverande klimaminister Sveinung Rotevatn (V) erta i fjor på seg store deler av den norske miljørørsla då Enova, med signing frå statsråden, kutta i støtta til varmepumper og solenergi for hushald.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) svarer følgjande på utfordringa frå Venstre:

– Stortinget skal få svar på spørsmåla sine før eg uttaler meg til media. Men på generelt grunnlag kan eg seie at det er mange tiltak som må verke saman for at vi skal løyse både energikrisa og klimakrisa. Vi må i framtida produsere meir fornybar kraft, samtidig som vi må ta i bruk så mange løysingar vi kan for auka energisparing.

I ein kommentar hos Energi og klima skriv marknadsdirektør i Enova, Øyvind Leistad, at «ekstreme priser og ein kraftforsyning som nærmar seg rasjonering burde gjort energieffektivisering meir aktuelt enn nokre gang».

– Likevel står det ikkje spesielt høgt på dagsordenen, sukker han.

Espen Barth Eide

– Stortinget skal få svar på spørsmåla sine før eg uttaler meg til media, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Nordmenn brukar like mykje straum som før

Laurdag skreiv Klassekampen at «prissjokket» ikkje har ført til mindre straumbruk.

Konklusjonen byggjer på kvartalsrapporten til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som viser at det norske kraftforbruket var 38,8 terawattimar (TWh) i 2020, før straumkrisa. I første kvartal i år var forbruket på 39 TWh.

Tilsvarande tal finn vi i det mest «berykta» prisområdet – NO2, som strekkjer seg frå Buskerud til Hordaland (sjå kart).

Norske prisområder for strøm
Foto: Energi Norge

I perioden januar-juli i 2020 var gjennomsnittleg månadspris i NO2 9 øre per kilowattime.

To år seinare er gjennomsnittsprisen i same område tjue gongar så høg: 177 øre/kWh.

Likevel er straumbruken nesten identisk: 21,26 TWh i 2020 mot 21,08 TWh i 2022.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner den manglande samanhengen mellom prisnivå og straumbruk kallar for ei anna «kriseforståing» og sterkare insentiv for energisparing.

– I Europa ser vi at dei skrur av straum på monument og i offentlege bygg. Slikt må vi også gjere, seier Gulowsen til Klassekampen.

Til NRK legg han til:

I dag er det sett av 50 gonger meir til løpande straumstøtte enn til Enøk. Den brøken må korrigerast.